Dag og Tid nr. 11, laurdag 15. mars 2003

Roald Helgheim:
Imperiet mot det vonde

Bush brukar «det vonde» som narkotika for den delen av amerikanarane som kjenner seg mest ulukkelege. Sjølvsagt gjer han det også fordi han meiner USA er godt. Han trur landet hans er det einaste håpet for verda. Han er også redd for at det skal gå meir og meir i oppløysing, og den einaste løysinga kan vere å streve etter verdsherredømme. Bak iveren etter å gå til krig mot Irak er eit ønskje om å ha eit enormt militært nærvere i det nære aust, som utgangspunkt for å ta over resten av verda.

Dette er ikkje mine ord, men eit lite utdrag frå Norman Mailers glimrande artikkel «Only in America», bygd på ein tale han nyleg heldt i Commonwealth-klubben i San Francisco, der han fekk hundreårsmedaljen i høve jubileet til klubben. Artikkelen står i siste nummer av The New York Review Of Books, og er ein analyse av beste Mailer-merke av dei djupaste motiva Bush-administrasjonen og hans nye «flag conservatives» har for ei krossferd mot vondskapen. For som han skriv: Politiske leiarar og statsmenn er alvorlege menn, sjølv når dei oppfører seg som toskar, og det er sjeldan å sjå at dei handlar utan å ha ein personleg djupare grunn. Det er desse motiva Mailer ønskjer å fundere over. Han vil prøve å forstå kva presidenten og den indre sirkelen hans ser som logisk i det dei har føre seg. Og kven skulle kunne gjere det, om ikkje den no åtti år gamle forfattaren som i skrift og tale har vore den skarpaste, nådelause, men også ein patriotisk observatør av alt som har ridd denne nasjonen i etterkrigstida, sidan han som forfattar braut gjennom med De nakne og de døde? Til sitt eige åttiårsjubileum har han skrive boka The Spooky Art: Some Thoughts About Writing. Den boka har fått blanda mottaking, men i den ferske analysen av det innbilt gode sin kamp mot alle slags vonde, er Mailer i sitt gamle slag.

Det er under lesinga av Mailer den ferske boka Spillet om Irak kjem på bordet. Det er eit prisverdig tiltak, der ei bok med bakgrunnsanalysar rakk å komme ut på rekordtid før Ragnarok. I pressemeldinga som lanserer boka, får vi nokre sitat som appetittvekkjarar. Frå Bernt Hagtvet: «Det enkleste er pistol, sier vi, når vi skal latterliggjøre folk som ikke makter subtil tenkning i konfliktsituasjoner. Jeg sier: Det enkleste er antiamerikanisme når vi skal forstå USAs handlinger og rolle i verdenspolitikken». I den overflatiske referatjournalistikkens epoke er det ein punchline god nok for avisene, i tillegg til noko han skriv om at det er «68-generasjonen» si skuld. Men Hagtvet vil også bøte på det, og leverer ein analyse av dei politisk-kulturelle årsakene til USAs Irak-strategi. Det er opplysande, men ikkje så ukjent stoff for vanleg nyfikne om det nykonservative USA, som med ein kjend republikansk lobby som drivkraft vil frelse verda.

Skuldinga om eindimensjonal anti-amerikanisme er litt passé. Kritikken av USA har aldri vore så eindimensjonal som det åndelege verdsbildet som huserer i det enkle hovudet til Texas-presidenten George W. Bush. Einfelt, men logisk, har han gitt det bildet av Det Vonde som 11. september 2001 var det fremste varsel om. Det ser amerikanaren Norman Mailer klårare enn dei fleste. I eit glimt har den gamle taleskrivaren til Bush, David Frum, (han som fann opp «vondskapens akse») i ei bok skildra eit møte Bush hadde med ei gruppe kyrkjelege i Det ovale rommet. Mailer siterer: «De veit, eg hadde eit drikkeproblem. På denne tida skulle eg ha site i ein bar i Texas. Det er berre ein grunn til at eg er i Det ovale rommet og ikkje i ein bar. Eg fann Gud. Og eg er her på grunn av bønas makt.»

– Det er ei farleg fråsegn, kommenterer Mailer. «For som Kierkegaard var den første til å peike på, veit vi aldri sikkert kvar bønene våre kjem til å gå, eller kvar svaret vil komme frå. Nett som vi er på det næraste til Gud, kan vi like godt tene djevelen.»

Heller ikkje Mailer finn hald i freistnadene på å knyte Saddam Hussein til al-Qaida. «Vi er ein kristen nasjon», skriv Mailer, ein nasjon som sjølv kjenner skuld for det som hende. Ein nasjon som var i oppløysing etter nye økonomiske og moralske skandalar. «Marknaden var beistet og krafta som lukkast i å ta Amerika frå oss», skriv Mailer, «og gjorde verda til ein verre plass å leve». USA er nær rote. Utan 11. september ville Bush ha levd under konstant eld frå media. Dei gammaldags konservative har utspelt rolla si, inn kjem det Mailer kallar «flag conservatives». Slåst mot det vonde, slåst mot det til døden. Bruk ordet femten gonger i kvar tale. Det har ingenting å seie at Saddam ikkje stod bak 11. september. «11. september var det vonde, Saddam er det vonde, all vondskap heng saman. Altså: Irak».

Etter alt strevet for å få dette til er ein retrett utan krig sjølvsagt utenkjeleg. Om Bush måtte vende heim med hæren sin, ville det vere med stor frustrasjon. Han må leve med alle dei gamle problema. Og djupt der inne vil han frykte at han ikkje har noko att til å atterreise USAs moral med. Og fordi det går mot det uavvendelege, teier det demokratiske partiet som skal vere med å dele krigsbyttet etterpå. Med New York Times i spissen blir også den liberale pressa krigsvenleg.

Men vi som ikkje trur på bønas makt vil måtte finne oss ei anna plattform å forsvare. Den demokratiske, skriv Norman Mailer.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |