Dag og Tid nr. 11, laurdag 15. mars 2003
Leiar:
Tortur i det stille
Dei første Taliban- og Al-Qaida-fangane kom til Guantanamo-leiren i byrjinga av fjoråret. No er det 650 fangar i leiren. Minst ti prosent av dei er sende til USA-basen på Cuba på grunn av mistak, skriv Los Angeles Times. Og det er rapportert om minst 20 sjølvmordsforsøk.
Både regjeringar og internasjonale menneskerettsorganisasjonar har kritisert USA i skarpe vendingar for ikkje å halda seg til den internasjonale folkeretten. USA krenkjer Geneve-konvensjonen ved å nekta fangane både krigsfangestatus og rettssak. Generalsekretæren i den danske Raudekrossen har kalla det for ein «rettsleg skandale».
Endå alvorlegare er det som skjer i Afghanistan. I desember i fjor døydde to afghanske fangar som var til avhøyr på den amerikanske militærbasen i Bagram. Dødsfalla vert klassifiserte som drap, og The Guardian skriv at dei skal etterforskast. Tidlegare fangar på basen hevdar at fangane er lekte så stramt at blodstraumen stoggar. Dei er nakne med hetter over hovudet, og dei vert slegne for at dei skal halda seg vakne. Dessutan overfører USA fangar frå Bagram-leiren til land som Egypt og Jordan, som tyr til brutale forhøyrsmetodar. Det er i strid med Geneve-konvensjonen.
Det er ikkje så lenge sidan forsvarsminister Kristin Krohn-Devold vitja dei norske styrkane i Afghanistan. Ho var imponert over innsatsen, men sa at ho ikkje kjende til mogelege brot på fangane sine rettar ved Bagram-basen. Sidan har fleire av dei store utanlandske avisene fortald om torturen. Statsråd Krohn-Devold må snarast gje uttrykk for at Noreg fordømmer mishandlinga av fangar både i Afghanistan og på Cuba. Det finst ingen gode grunnar til at Noreg skal vera alliansepartnar med styrkar som tyr til tortur.
Ottar Fyllingsnes
|