Dag og Tid nr. 11, laurdag 15. mars 2003

Klok på bok 606:
Svale dikt

«Her må jeg ta en chanse for Britt Karin Larsens bok i fjor ‘Det kan komme fine dager’ har jeg ennu ikke lest – men siden oraklet Paula var så vennlig å komme med stikkordet tater, er jeg nokså sikker. Britt Karin Larsen debuterte i 1978 med en tidstypisk(?) diktsamling ‘5 mg blues og andre dikt’. Der var mye bra, men hennes senere produksjon har gått i mange retninger, blant annet en nydelig skildring av det blå folket, om tuaregene, tror det var i 1991, noen fine barnebøker blant annet om tatergutten Hjalmar og så praktinnsatsen om romanifolket. Her har hun nådd langt og omsider også fått noen priser
», skriv ho Maj Voss frå Oslo.

Han Karl Johan Grønning på Rykkinn har sett på korleis Det kan komme fine dager vart motteken av kritikarane: «Dagsavisen skriv at romanen er ‘særdeles slitsom lesning’. Boka blir framstilt som ‘sur sivilisasjonskritikk’. Vidare blir det hevda at romanen ikkje er særleg vellykka. ‘Den skjemmes av en rekke plattheter knyttet til filosofering rundt liv og død.’ Vidare: ‘Persontegningene er endimensjonale og lite troverdige.’ Men i Hamar Arbeiderblad blir boka omtalt som ein ‘varm roman om kjærlighet’. Om Vesla (hovudpersonen) heiter det at det ‘i sin stillferdighet er noe friskt og opprørsk’ over henne, noko som fører til at ‘den stillferdige, lavmælte fortellingen får et preg av kvikke sprang, uortodokse utspill, drømmer som aldri dør’. Omtalen karakteriserer romanen som ‘vakker og stemningsvàr, forventningsfull og avklart’. Kritikarar kan gje svært ulike bilete av bøkene dei omtalar, derfor lyt lesarane sjølve lesa bøkene for å avgjera om dei er gode eller dårlege», tilrår han Karl Johan.

Han Kaare Stegavik skriv frå Trondheim ein vårblå himmel i mars: «Med stikkord tater va det naturlig å tænk på hu Britt Karin Larsen som ha skrevve en imponerende trilogi om tateran, om hestan dæmmes å livet på vei’n. Å så ha hu skrevve boka ‘Det kan komme fine dager’, men da vijll æ sei at døm ha komme fer læng sea her oppi Trollahaugen, med soloppgang over Tautra klokka hal’ ått’ om mårrån, knaijllblå himmel dag ætte dag, itj ein snøflekk roijnnt huse her, knoppan på rhododendron’ står bærre å restes å veijnnte på å få sprætt ut. Å æ hørre rotstokkan åt blåveisen driv å røre på sæ, å vijll seijnn nån ufattelig fine stilka med blomster opp i da’n, fer å pyijnnt opp roijnnt granleggan å fururøt’n her oppi skogen. Fine daga ha komme aijllerede», slår han Kaare fast.

Ja, det er godt dei kjem no, finare dagar. Nei, no rann det meg i hug ei sak eg såg i Sunnmørsposten i vinter frå Hornindal: «Welcome to Telahiv» stod det på eit skilt. Det er godt at våren kjem utan telehiv, tynne ishinner på vegen og skitne, hardpakka snøbardar.

Han Olav Molven i Bergen romantiserer snøen: «Kom heim i kveld, Oskeonsdag, etter nokre dagar til fjells i Hallingdal. Gode løyper, frisk luft, fredfullt. Britt Karin Larsen har reist i ørkenområde, Vest-Sahara, men likar vel også skispor? I Mongolia har ho også vore. Der er då snø, og fjell. Og ei av bøkene hennar heiter ‘Som snøen faller’ (1995)

Ho Torill J. Strøm på Myre er vitug: «Jau, dette kan eg. Las boka sist haust og forfattaren er Britt Karin Larsen og boka heiter ‘Det kan komme fine dager’. Stillferdig, litt vemodig roman om ei enke og hennes verden nokre hautdagar åleine i eit gammalt, umoderne hus langt frå byen og døtrene. Kanskje kjem det fine dagar likevel

Så til ho som vinn denne veka: «Denne gangen bare tipper jeg. Siden stikkordet er tater, og boken kom ut i fjor, mener jeg det kan være Britt Karin Larsen: ‘Det kan komme fine dager’. Dessverre rekker ikke tiden – selv for en pensjonist – til å lese alt en skulle ønske», skriv ho Anna-Margrethe Birkeland frå Kristiansand. Gratulerer – håper du får tid til å lese premien!

Takk for mange rette svar. Etter mengda å dømme var eg kanskje for raus med stikkord att. Jaja, men det er hyggjeleg med mange svar.

No er det på tide med eit dikt att:

Klok på bok 606

I kveld er du langt ifrå meg
miler bak miler
Men angen av håret ditt når meg
og hugen smiler

Over bygder og byar
tenkjer eg sår og sæl
Over hav og skinande vidder
under stjerner og nordlys har angen
svevngangarlett svive
Visst vegen så vel

Lånt alt som var friskt på ferda
lånt alt som er reint i verda
for å svale mi gruvlande sjel


Forfattaren bak desse orda har vore død i ein mannsalder. Han var litteraturkritikar, omsetjar og journalist i tillegg til å gi ut mange diktsamlingar. Han er ein av dei få lyrikarane som har fått Kritikarprisen.

Alle slags svarvariantar er velkomne til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 21. mars.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |