Dag og Tid nr. 11, laurdag 15. mars 2003
Irak:
Straum og vatn blir krigsmål
Straum- og vassforsyninga i Irak kjem høgst truleg til å bli øydelagd i ein krig. I så fall får det fatale følgjer. 500.000 menneske kan døy, trur FN.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Etter Geneve-konvensjonen er det ettertrykkeleg forbode å gå til åtak på sivil infrastruktur som til dømes vass- eller kraftforsyning. Men talrike døme frå Golfkrigen i 1991 og Kosovo-krigen i 1999 syner at Geneve-konvensjonen ikkje er mykje verd når ein krig skal vinnast.
Rapportar frå organisasjonar som Human Rights Watch teiknar eit tydeleg bilete: Under bombinga av Irak i 1991 var til dømes kraftstasjonar og transformatorar viktige mål for den USA-leidde koalisjonen. Da krigen var over, var 95 prosent av kraftproduksjonen i Irak sett ut av spel. Også demningar, pumpestasjonar, kloakk- og vassreinseanlegg vart øydelagde i stor skala. Konsekvensane vart fryktelege, ikkje minst fordi boikotten av Irak gjorde det vanskeleg eller umogleg å reparere anlegga. Mangelen på reint drikkevatn er ei av dei viktigaste årsakene til at fleire hundre tusen barn har døydd i Irak etter Golfkrigen, syner Unicef-rapportar.
Vil ta straumen
No ventar Irak på ein ny bombekrig. Og det er dessverre liten grunn til å tru at anlegg som er livsviktige for sivilbefolkninga, skal bli skåna. I februar vedgjekk til dømes Det britiske forsvarsdepartementet at straumforsyninga til Irak høgst truleg blir eit mål i ein krig. Dette blir forklart med at straumforsyninga har såkalla «dual use», doble føremål: Ho kan gje straum til både antiluftskyts og sivile oppgåver. «Eg kan sjølvsagt sjå problemet med dette, fordi eit mål som vi ser som militært, dessverre òg kan ha implikasjonar for sivilbefolkninga», sa ein talsmann for Forsvarsdepartementet til The Independent.
Epidemiar
Dei livsviktige irakiske anlegga for reinsing av vatn er avhengige av straum, og dei fleste av dei blir dermed sette ut av spel når kraftforsyninga ryk. Etter tolv år med sanksjonar er dessutan vass- og sanitærsystema i Irak i dag svært skrøpelege. Det kunne mellom andre Jan Egeland, generalsekretær i norske Raudekrossen, observere under ei reise i Irak i vinter: «Irak har et vann- og sanitærsystem i sine byer som blir slått ut like raskt som elektrisitetsforsyningen. Dermed blir drikkevannet giftig og kanaler og elver blir til kloakker nærmest over natta», sa Egeland til Dagsavisen 28. januar. Det inneber at epidemiar kan spreie seg lynraskt i den herja befolkninga.
Desse systema er uhyre viktige for å halde folk i live, seier Herborg Bryn, informasjonssjef i Raudekrossen, som òg var med på Irak-reisa i vinter.
Om tilgangen på vatn blir hindra av ein krig, kjem det til å råke vanlege folk veldig fort. Alt i dag er det mange som døyr fordi dei må drikke ureina vatn frå elvane. Blir reinseanlegga sette ut av spel, blir det ein katastrofe, seier Bryn.
500.000 døde
Underleg nok ser det ut til at dei fleste alt har avfunne seg med at kraftforsyninga og dermed vassforsyninga i Irak blir mål under ein krig, sjølv om dette er eit brot på Geneve-konvensjonen. I FN-utgreiinga om dei humanitære konsekvensane av ein krig, datert 2. desember 2002, blir det teke for gjeve at straumforsyninga i Irak kjem til å vere eit bombemål. Når sanitær- og vassreinsingsanlegga dermed blir sette ut av spel, er kolera- og dysenteriepidemiar svært sannsynlege, heiter det i FN-dokumentet.
I tillegg reknar FN òg med at alle viktige transportsystem i landet blir bomba. Dermed kjem også den livsviktige distribusjonen av mat gjennom Olje for mat-programmet til å bli hindra eller stogga. Kring ein halv million irakarar, dei aller fleste sivile, kan kome til å døy under eller som følgje av ein krig, er vurderinga i FN-dokumentet.
Amnesty-uro
Vi er sjølvsagt urolege for at sivile anlegg skal bli mål under ein eventuell Irak-krig, seier Petter Eide, generalsekretær i norske Amnesty International.
Etter Geneve-konvensjonen har ein berre lov til å øydeleggje militære mål i ein krig. Medviten øydelegging av sivile mål er strengt forbode. I mange tilfelle kan det rett nok vere tvil, når anlegg blir brukte til både sivile og militære føremål. Men regelen er at ein ikkje skal gå til åtak på eit mål om det set sivile i fare, seier Eide.
Dersom det blir ein ny Irak-krig, er ikkje Eide i tvil om at det kjem til å kome ei rekkje tilfelle der militærleiinga hevdar dei har råka militære mål på tvilsamt grunnlag.
Dette har vi sett til dømes under Kosovo-krigen, da Nato hevda at mediehuset i Beograd måtte reknast som eit militært mål.
Mindre respekt
Respekten for Geneve-konvensjonen har dessverre blitt mindre dei siste åra, meiner Eide.
Vi har sett ei utgliding på dette feltet, ikkje minst etter 11. september 2001. I krigen mot terror er nesten alle middel tillatne. Vi ser det til dømes i handsaminga av fangar frå krigen i Afghanistan, der menneskerettane stadig har blitt brotne. Om slike haldningar blir overførte til ein krig mot Irak, kan mykje gale skje.
Petter Eide meiner dei humanitære omsyna blir lagt altfor lite vekt på i Irak-debatten.
Det blir snakka som om Irak berre er ein mann, Saddam Hussein. Den humanitære katastrofen ein krig kan føre til, blir nesten ikkje trekt inn som kriterium. Da utanriksminister Jan Petersen
reiegjorde om Irak for Stortinget nyleg, nemnde han ikkje sivilbefolkninga med eitt ord, seier Petter Eide i Amnesty International.
Med rett til å føre ulovleg krig
Ein Irak-krig utan FN-mandat er eit klart brot på FN-pakta. Men vetomakter kan kome unna med det meste.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
I skrivande stund ser det ikkje ut til at USA og Storbritannia skal få noka godkjenning i Tryggingsrådet for ein invasjon av Irak. I dei eksisterande resolusjonane ligg det ikkje noko mandat for krig, meiner dei fleste folkerettsekspertar. Og Frankrike og Russland har varsla at dei truleg vil leggje ned veto mot ein krigsresolusjon i Tryggingsrådet. Ikkje nok med det: Sjølv ikkje det resolusjonsframlegget om Irak som USA, Storbritannia og Spania no har lagt fram for rådet, kan seiast å vere noka godkjenning av ein Irak-krig. Det er i alle fall konklusjonen i eit nyleg notat frå Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi), der det folkerettslege grunnlaget for ein krig blir gått etter i saumane.
I sum vil dette seie at ein amerikansk/britisk krig mot Irak no ville verte definert som ulovleg av FN-pakta, ikkje mindre ulovleg enn til dømes Irak sin invasjon av Kuwait i 1990. Men USA og Storbritannia risikerer ikkje ein FN-organisert boikott eller andre straffetiltak om dei går til krig for dei landa er faste medlemmer i Tryggingsrådet. Det er òg den einaste grunnen.
Ulovleg
FN-pakta slår klårt fast at åtakskrig er forbode, dersom han ikkje er autorisert av Tryggingsrådet i FN, seier Espen Barth Eide, leiar for Avdelinga for internasjonal politikk ved Norsk utanrikspolitisk institutt.
Forsvarskrig er tillate, men åtakskrig er ulovleg, om han ikkje er godkjend av Tryggingsrådet. Det vil òg gjelde ein eventuell amerikansk-britisk krig mot Irak.
Den erklærte intensjonen til USA og Storbritannia, å uskadeleggjere våpna til Irak og styrte diktatoren Saddam Hussein, speler altså inga rolle her. Får dei ikkje Tryggingsrådet si støtte til det dei vil gjere, er krigen eit brot på FN-pakta.
Kva om eit anna land, til dømes Iran, hadde gått til åtak på Irak med liknande grunngjeving som den USA og Storbritannia brukar?
Da ville truleg invasjonen blitt fordømd i Tryggingsrådet, som ville kravd at Iran skulle trekkje seg attende. Iran ville òg blitt møtt med straffetiltak. Ein kan sjå på kva som skjedde da Irak invaderte Kuwait. Invasjonen vart fordømd, og Irak fekk krav om å trekkje seg ut. Så kom resolusjon 678, der det vart vedteke å bruke alle naudsynte middel for å drive Irak ut att av Kuwait, seier Barth Eide.
Men noko slikt kjem aldri til å skje om invasjonen blir utført av eit av dei permanente medlemslanda i Tryggingsrådet. Dei har vetorett, som dei vil bruke for å hindre fordømming eller andre straffetiltak i rådet. Tryggingsrådet er i praksis lamma dersom ein eller fleire av dei faste medlemmene gjer ein folkerettsstridig invasjon.
Det er ikkje særleg konsekvent?
Nei. Men dette er ein del av logikken bak vetoretten. I 1945 ville ikkje stormaktene ha gått med på å etablere eit FN som kunne overstyre dei. Det inneber ein ulikskap for lova, men slik er det. Nokre statar er tildelte andre rettar enn vanlege statar gjennom FN-pakta, slår Barth Eide fast.
Dei fem privilegerte landa er som kjent USA, Russland, Kina, Storbritannia og Frankrike.
Dette systemet kan tenkjast å slå båe vegar. På eine sida kan ein tenkje seg at landa med vetorett kjenner eit større ansvar for å halde seg til reglane og avstå frå å bryte FN-pakta. På andre sida kan ei vetomakt seie: «Ingen kan stoppe oss, vi set i gang.» Om ei eller fleire av vetomaktene nyttar posisjonen sin til å ta seg til rette, er det eit problem, seier Espen Barth Eide.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|