Dag og Tid nr. 11, laurdag 15. mars 2003

Herbjørn Sørebø:
Papiravisa overlever

Mange meinte at papiravisa gjekk døden i møte då radioen kom. Den spådommen slo ikkje til, og nå viser det seg at papiravisa overlever også med tevlinga frå fjernsynet. Papiravisa har så mange vinnande sider ved seg. Ein kan lese avisa nett når det høver. Ein kan bla tilbake når det er noko som ikkje vart lese godt nok, eller ein vil kontrollere at ein hugsar rett av det ein har lese. Ein kan klippe ut artiklar ein vil ta vare på – som ein sjølvsagt ikkje finn att når det er aktuelt, men det er ikkje avisa si skuld. Radioen og fjernsynet har ikkje det familiestoffet som papiravisa gjev plass til. Papiravisa har familiestoff også i annonseform. Det er dette som gjer at papiravisa kjem til å overleve. Internett? Berre til å raske med seg siste nytt.

Alt skal gå så fort i våre dagar. Papiravisa er ikkje så rask av seg. Det tek tid frå avisa er trykt og til ho er i hendene på lesaren. Når dei store hendingane utviklar seg fort, blir papiravisa langt etter. Det tek papiravisa att ved å få med fleire detaljar og betre bakgrunn, så dei som følgjer godt med både i radio- og fjernsynssendingar og les på nettet vil likevel lese på papir om det same.

Det norske folket les mest aviser i heile verda. I fjor vart det selt 2,9 millionar aviser her i landet. Det var ein tilbakegang på 19.000, og det er mest ikkje verdt å nemne som tilbakegang. Likevel er ikkje himmelen skyfri. Det er mange aviser som har problem. Blant dei er store og marknadsleiande aviser. Det verste er at annonsemarknaden har svikta. Reklame i kommersielt fjernsyn stel også annonsekroner frå avisene. Raude tal i rekneskapen tvingar fram nedbemanning. Ofte fører det til dårleg stemning, og det kan fort gå ut over kvaliteten på det produktet som blir levert. I mange redaksjonar slit dei med å halde kamphumøret oppe, og verst er det når det blir skitkasting i strid om ansvaret for dei raude tala.

Verdens Gang er den største avisa i landet med nær 400.000 i opplag på kvardagar og 500.000 på laurdagar. Dermed er Verdens Gang dobbelt så stor som konkurrenten Dagbladet. Mange er ute med forklaringar på den eventyrlege framgangen Verdens Gang har hatt, og det kan vere litt rett i dei fleste, blant anna at denne tabloidavisa har både avis- og vekebladpreg i ein vellykka miks. Den beste forklaringa er nok likevel at Verdens Gang har satsa målmedvite på å vere riksavis, har ein god distribusjon og eit reklamebudsjett som Dagbladet og andre aviser ikkje kan tevle med. Berre sjå kor sterkt avisa marknadsfører seg på sportsarenaene! Verdens Gang er også raskt ute med siste nytt – i kriminalsaker nær overtramp i detaljar som går på det personlege.

I tevlinga satsar Dagbladet målmedvite meir på kulturstoff enn før. Avisa skal bli mindre lik Verdens Gang. Det kan godt hende at det kjem til å vise seg som ein vellykka strategi. Dagbladet bikkar nå kring 200.000. Avisa gjer det bra i helgane. Heilt sidan Verdens Gang la om til tabloid har Dagbladet sakka etter konkurrenten – Dagbladet var for seint ute og har aldri makta å ta att den forsømminga. Men eit opplag på 200.000 er ikkje til å blåse av. Ingen av dei store danske avisene når så høgt. Den Orkla-eigde Berlingske Tidende er i sitt 154 år inne i store økonomiske vanskar.

Mange av dei små avisene kring i landet greier seg bra. Folk kjenner seg knytte til desse avislappane. Det er ei felles referanseramme dei har. Det er i desse avisene vi finn ordskiftet om dei nære ting. Vi skal merkje oss at Verdens Gang ikkje er størst i nokon lokal avismarknad. Mange aviser ville ikkje overleve utan pressestøtta, men den stabile omsetnaden av aviser vi har her i landet er ei god grunngjeving for å yte desse statskronene.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |