Dag og Tid nr. 11, laurdag 15. mars 2003
Bøker:
Eit takras av historier
Tragisk, komisk, halsbrekkande og nokre gonger litt for heseblesande er høvelege karakteristikkar på Bohumil Hrabals roman Dansetimar for eldre og vidarekomne.
Bohumil Hrabal:
Dansetimar for eldre og vidarekomne
Gyldendal
Omsett av Tor Obrestad
Bohumil Hrabal (1914-1997) er ein av dei store i tsjekkisk prosalitteratur etter andre verdskrigen, og i heimlandet er bøkene hans trykte i tre millionar eksemplar. Han er omsett til 27 språk. Danse-timar for eldre og vidarekomne som kom ut i 1964 og er den av bøkene hans som har kome ut i flest opplag, er Hrabals tredje roman på norsk (og den fyrste på nynorsk). Jeg har betjent kongen av England kom i 1986 og Liten jernbanestasjon i 1991.
Som Dansetimar for eldre og vidarekomne er biografien til forfattaren absurd og gåtefull. Ein dag i mars 1997 strekte Bohumil Hrabal seg ut vindauget på eit sjukehus i Praha for å mata duene, fall frå sjette etasje og døydde. Og som forfattaren som likte best å sitja på stamkaféen Den gylne tiger for å prata og fortelja, er Dansetimar for eldre og vidarekomne ein storflaum av historier.
Galopperande
Utan punktum 112 sider til ende, berre i ein straum av ord, setningar og komma som nokre gonger blir avbrotne av eit spørjeteikn eller eit utropsteikn og i halsbrekkjande tankesprang, fortel ein skomakar om verda: Fortid, notid og framtid, fiksjon og fakta, røyndom og draum blir rista saman og spreidd utover i kjappe og små porsjonar der lesaren og dei lyttande «unge frøkner» får fire, fem, seks drypp av livshistorier på ei side. Sjølv formulerer eg-forteljaren det slik: «Det eg gir Dykk no, unge frøkner, er som vindauga til verda, innspel, mål, fullbyrdingar, prinsippa som den siste Strauss brukte på sine himmelske melodiar då han sende dei ut i verda for å skapa forfina kjensler, lik den europeiske renessansen, som Termitokles og Miltiades og Sokrates og Goethe og Mozart gjorde så mykje for.»
Omsetjar Tor Obrestad har truleg hatt mange utfordringar i omsetjingsarbeidet og har kome svært godt frå det, der resultatet er eit leikande og rytmisk språk. Obrestad har omsett frå engelsk, men denne omvegen har truleg ikkje fått uheldige konsekvensar for grunnteksten då Obrestad har hatt hjelp frå Miroslawa Cejka til å samanlikna omsetjinga med den tsjekkiske grunnteksten.
Tittelen på romanen er høveleg, for det er verkeleg ein dans Hrabal serverer, ein galopperande og ustyrleg polka, der den eine halv- eller heilgalne historia tek over for den andre, forseggjort spekka med historie. «Under Austerrike» er eitt av omkveda. Mozart, Goethe, europeisk renessanse, filosofi, religion, vitskap, skomakarkunst, ølbrygging, soldathistorier og jamne innslag av poeten Bondy dukkar opp. Sitat frå Anna Novákovás draumebok og herr Batistas lærebok om seksualhygiene og ekteskapeleg lukke er òg med.
Ukueleg livsmot
Surrealisme er vel ordet. Dei stadige sitata frå Anna Novákovás draumebok får tankane til å streifa Luis Bunuels film Den andalusiske hund. Draumetydingar og damehistorier blir etter kvart akkompagnert av historier om mishandling og sjølvmord, men midt i eit virvar av draumar, damer, groteske historier, vald og menneskeleg undergang viser det seg eit ukueleg livsmot og ei tru på overlevingskrafta og -viljen hjå mennesket. Det kjem kanskje særskilt av forteljariveren og ikkje minst den sjølvsikre og truleg lite pålitelege eg-forteljaren som med jamne mellomrom kjem med refrenget «dermed vart eg helt endå ein gong», og som i det store og heile er ute etter å stadfesta eigen heltestatus. Og i botnen ligg humoren, ironien, distansen og dei politiske stikka til og i ei absurd verd.
Trøyttande
Dansetimar for eldre og vidarekomne er ikkje berre ein flaum av historier, men òg av ord der den indre monologen og det munnlege ulike talemåtar ligg til grunn for skrifta til Hrabal. Og nokre gonger kan det bli trøyttande med denne tankestraumskrivinga, det blir heseblesande mas og bråk i staden for innsikt, overrasking og refleksjon. Trøysta, og redninga, er at lengda på Dansetimar for eldre og vidarekomne ikkje kjem i nærleiken av James Joyces Ulysses.
Margunn Vikingstad
|