Dag og Tid nr. 11, laurdag 15. mars 2003

Bøker:
Ei røyst frå livet

Midt ut i det atlantiske havgapet – ei knøttlita øy. Og på øya ein diktar. Og frå diktaren: ei lita bok. Er dette noko å bry seg om?


Jóanes Nielsen:
Brør av svoltne ord (Brúgvar av svongum ordum)
Dikt
Mentunargrunnur Studentafelagsins 2002

Ja, eg meiner det. Jóanes Nielsen er ein diktar av stort kaliber, sjølv om han bur i eit lite samfunn. Jóanes har mellom anna blitt nominert til Nordisk råds litteraturpris for diktsamlinga Kyrkjene på havets botn, og han har skrive romanar som Gummistøvlar er dei einaste tempelsøylene me har på Færøyane. Han arbeidde som fiskar før i tida, og han har late seg krossfeste i Torshavn – til stor uro for sine kristne landsmenn, men har med hjelp av forfattarstønad fått konsentrert seg om skrivinga i det vesle samfunnet på Færøyane dei siste åra.

Denne diktaren skil seg frå den vanlege oppfatninga vår av ein færøying fordi han ikkje har nokon plass i dei kristne flokkane på øyane. Han seier det slik i diktet ‘Gjekk ein tur med hunden i går kveld’:

Eg trur at dei som tamde elden

HestenFann opp plogen
Og festa draumar på skinn
Også fann opp Gud

No er det ikkje «Gott ist tot»-haldninga som gjer han til ein diktar, men heller det faktum at hjå Jóanes, som hjå storpoetar som Rainer Maria Rilke, er det som om tingdikta og gudsdikta, er på veg til å smelta saman i eitt. Utviklinga til Rilke er på mange måtar prototypisk for den diktaren som ikkje kan forsona seg med at orda ikkje strekk til, og berre teia, som Rimbaud og Hofmannstahl gjorde. Rilke er den diktaren som vel å forsona seg med det jordiske, og i den forsoninga kan det skje at verda sitt indre rom (Weltinnenraum), opnar seg opp for diktaren. Det er først når ein har kvitta seg med dikotomien himmel og jord at poesi kan vakna til live. Denne samanslåinga byrjar ofte med at vi møter ein svært jordisk Jesus i dikta. Rilke diktar om den uforløyste Jesus som burde ha lege med ho som vaska beina hans med tårer (Pietà), og Jóanes snakkar til Jesus som ein kamerat han kjem med song til, og ei lyst som sprengjer alle brysthaldarar. Jóanes er komen for å ta krossen ned, seier han, for at Jesus endeleg skal kunna kvila i fred:

Men eg bryr meg ikkje om synd og angresalmar
desse stinkande remser av sjølvhat og tvungne draumar
Eg vil ha dei store salmane nærte av overflod
Brør av svoltne glefsande ord...
Eg syng om kjærleiken som bryr seg om alt
For opphavet til alt er Gud

(Frå diktet «Mitt pass er åndedretten»)

Den færøyske fiskemannen Hugo passar ikkje mellom englane i himmelen, men lever vidare i det bleike skinet frå ljosbøyer i Nordhavet, og ein annan stad ropar Jóanes på alle berre føter at dei ikkje skal vera redde for landet dei trør på. Salmane til Jóanes duftar av jord og nærleik til menneska. Eg synest det som skil Jóanes frå mange av sine skandinaviske kameratar no i dag, er at han diktar heile tida om noko anna enn seg sjølv, sjølv om han set sitt personlege merkje på alt han t ek inn og gjev frå seg. Han hengjer seg ikkje opp i å formidla nokon ideologi.

Jóanes er ein inderleg diktar og fortel beint fram det som han sansar med sitt svoltne hjarta og sine glefsande fiskehender. Ei røyst frå livet, kan ein seia. Eg nemnde korleis Rilke byrja sameina himmel og jord med den nære Jesus. Seinare, ei stormfull natt i 1911, høyrde Rilke ei røyst snakka til seg i stormen, og då blei himmel og jord endeleg sameinte, og utifrå det kveikna den mest glødande poesien frå seinare tider. Det er noko spennande på gang på Færøyane.

Bergsveinn Birgisson,
stipendiat ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |