Dag og Tid nr. 10, laurdag 8. mars 2003

Teater:
Myten i teatret

Phantasma er eit døme på forenkling av mytar, forsterka gjennom monoton musikk og trakking att og fram utan skifte i rytme og intensitet.


Det Norske Teatret:
Phantasma
Av Carl Jørgen Kiøning og Terje Rypdal

Laurdag den 1. mars hadde Det Norske Teatret urpremiere på musikkdramaet Phantasma, med tekst av Carl Jørgen Kiønig og musikk av Terje Rypdal. Handlinga bygger på japanske mytar om tida og døden, med vinkling mot det allmennmenneskelege og universelle. Det er ei monumental framsyning med stort ensemble, høg lydstyrke og flotte kulissar, og heftig veksling mellom mektige masseopptrinn og ein einsam helt.

Han er ein yrkesmilitær som har mista kona og dottera si i krigen, og har vandra omkring i tre tusen år for å finna dei att. Undervegs møter han gode hjelparar, han får ei overnaturleg bok og ein pose med magisk diamantstøv. Til gjengjeld er han sjølv ein venn i nauda, fjernar uønskte trolldomsmakter og tek seg av opplæringa av ein ung mann som blir ein høveleg husbond for dottera etter at ho er funnen att i grenselandet mellom liv og død.

Mellom liv og død

Mange mytar, både i Japan og andre stader, handlar om dette grenselandet. I Karibia blir dei levande døde kalla for zombiar, i nordisk folketru for vandøde. Ofte finst der metodar for enten å henta dei tilbake til livet eller parkera dei i dødsriket for godt, som i det tyske eventyret om guten som ikkje kunne grøssa. Der oppfører det gjenoppliva liket seg så utekkeleg at det må leggast tilbake i kista med makt. Men riktig til å bli klok på er desse historiene sjeldan, og det er heller ikkje meininga.

Derimot er det verdt å merka seg at mytar stadig blir skapte og gjenskapte, alt etter som sed og skikk skiftar og menneska tenker annleis om mange ting. Det overtydande i mytane ligg ikkje i logisk forklaring, men i at dei balanserer på grensa mellom det ein veit og det ein føler. Og sjølv om der nok kan trekkast ut ei og anna moralsk læresetning om at det ikkje er tilrådeleg å lappa i hop syntetiske uhyre av slakteavfall og aktivisera dei ved hjelp av lynnedslag, eller å dra til Transilvania for å ordna rekneskapsbøkene for dystre grevar i skumle slott, er det nettopp i det ureine og mørke at myten hentar si kraft.

Mytar er som kattar, dei liker ikkje at du spring etter dei og prøver å fanga dei. Men dei kjem gjerne snikande bakfrå og stryk seg kring føtene dine.

Forenkling

Men litt for ofte fell mytane i hendene på folk som trur at dersom dei skal bli tilgjengelege for vanlege menneske, må dei fortolkast og forenklast. Resultatet er at heile myten blir vaska bort, og alt ein har igjen, er velkjend banalitet.

Phantasma er eit døme på slik forenkling, forsterka gjennom monoton musikk og trakking att og fram utan skifte i rytme og intensitet. Skodespelarane får i liten grad utøva det yrket dei er utdanna til. I staden for å skapa drama gjennom handling, må dei halda førelesingar om måten tida går på og korleis ein ved å ofra seg sjølv kan gi vandødt avkom livet tilbake.

Men alt dette snakket blir slått i hel av kroppar som formidlar det stikk motsette. Når den evige vandraren finn att dotter si, ser ho så frisk og sunn ut at ingen ville trudd ho skulle førestella vandød, om det ikkje var blitt sagt av nokon som hevdar å ha greie på slikt. Men mot slutten, når faren etter instruks legg seg død og liksom skal overføra si eiga livskraft på henne, er ho så sliten av å ha traska rundt på scenen heile kvelden at det blir bare verre av at ho har skifta den kvite jomfrukjolen ut med raud horeskrud. Og den unge mannen som ho liksom skal leva lykkeleg alle sine dagar med, er så skrinn og blodlaus at her nyttar verken mytar eller magi: Alle kan sjå at det som trengst, er tran.

Solveig Aareskjold

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |