Dag og Tid nr. 10, laurdag 8. mars 2003
Roald Helgheim:
Er det vår sivilisasjon?
Er du redd for at krigen skal øydeleggje sivilisasjonen «vår»? Vit at krigsherrane er i full gang med å kartleggje kulturminna i Irak, «sivilisasjonens vogge», på line med sjukehus og skular, for å unngå at dei blir bomba. Det har vi det norske forsvarets ord for, ved kommandørkaptein i Forsvarets Stabsskole, Nils Helle. NRK/Kulturnytt har vore oppteken av saka, og der sa Helle at han var ikkje uroa for kulturminna i tilfelle krig. Han viser til at amerikanske fly sist laurdag sleppte flygeblad over det sørlege Irak, der det stod at «koalisjonen» vil øydeleggje alle synlege militære mål, men ikkje dei historiske landemerka.
UNESCO-generalsekretær Mounir Bouchaki er mellom dei som har sagt seg ottefull for kva som vil hende med det eldgamle kulturhistoriske beltet langs Eufrat og Tigris som heiter Mesopotamia, når bomber og granatar byrjar å falle. Vår mann i Forsvaret seier at vestleg militærmakt følgjer internasjonal lov når det gjeld krig. Haag-konvensjonen av 1954 regulerer vern av kulturminne i krig, men tradisjonen tru har USA heller ikkje tilslutta seg denne konvensjonen, slik dei seier nei til og prøver å torpedere den nyoppretta krigsforbrytardomstolen, og slik dei har sabotert det arbeidet mot kjemisk krigføring som går føre seg i FN-regi.
Det er difor timeleg når den røynde forskaren i utanrikspolitikk, Sverre Lodgaard, i Aftenposten rettar eit søkjelys på det han kallar «USAs alenegang i internasjonal politikk». Han siterer den kjende spaltisten Charles Krauthammer, som oppsummerer det politiske privilegiet til USA slik: «Amerika er ikke noen vanlig internasjonal borger. Det er den dominerende makt i verden, mer dominerende enn noen siden Romerriket. Amerika er derfor i stand til å omskrive normer, forandre forventninger og skape nye realiteter. Hvordan? Ved å demonstrere vilje, uopphørlig og uten å unnskylde seg.» I Krauthammers penn er det ikkje meint som nokon kritikk. For forskaren Lodgaard er derimot konklusjonen klar: «Kravet om særrettigheter for USA er et fundamentalt brudd med folkeretten og truer med å undergrave den.»
Likevel vert eg hengande ved bekymringane for kulturminna. Ein arkeolog ved Universitetet i Bergen seier til NRK at det er eit spørsmål som vedkjem oss alle. «Det forskrekker meg at man primært (mi utheving) tenker at dette er noe som angår Irak. Dette er en felles arv som vi alle har interesse av å bevare», seier konservatoren, som ikkje tykkjer det er feil å dra inn kulturminne når tusenvis av menneskeliv står i fare. «Jeg synes det er en forkjært problemstilling, for man kan aldri sette disse tingene opp mot hverandre». Det kan eg halde med henne i, men når fagfolk diskuterte saka vidare i Kulturbeitet i radio, terpa dei ikkje berre på at det var i Mesopotamia sivilisasjonens vogge stod, men at det var vår sivilisasjon. I tråd med dette var vi stor takk skuldig for at fagfolk og utgravarar har sytt for at vi kan studere relikviane frå dei gamle sivilisasjonane si vogge i dei
store europeiske musea. Så var i alle fall dei berga unna ein diktator som kan finne på kva som helst, til dømes å bruke dei som skjold for militære mål.
Det finst eit anna perspektiv på historia, som handlar om Vestens plyndring av Orientens og andre kulturskattar gjennom uminnelege tider. Skattar vi i vår tid ikkje berre kan beundre i private samlingar, men også på historiske museum i vårt land, til og med i Bergen. Ikkje berre sivilisasjonen i Mesopotamia, men også det gamle Kina vart rana for store kulturskattar, til dømes av nordmenn som gjorde karriere i den kinesiske hæren. Det er difor eg får den ufjelge smaken i munnen når til og med fagfolk snakkar om retten til «vår» sivilisasjon, «vi» som har vore med på å «oppdage» han. Enno høyrer vi det ordet brukt i seriøs samtale, ordet som seier at andre samfunn ikkje fanst før vår del av verda oppdaga dei.
Eit godt norsk leksikon gir ei skikkeleg innføring i kva skattar det handlar om, i Ur, Babylon og Nineve, for å nemne dei mest kjende, minne frå høgt siviliserte samfunn fleire tusen år før det nordiske barbariet, og like mange tusenår før krossferdene som skulle sivilisere den muslimske verda på kristent vis. Går vi opp til vår tid, handlar det om det britiske imperiet og andre kolonimakter som drog grensene mellom dei arabiske landa etter eige hovud. Vesten har difor tradisjon i å nyteikne verdskartet, slik ein av dei strategiske rådgivarane til Bush-administrasjonen brettar det ut på utanrikssidene her i avisa. Det gjer også vekemagasinet Time etter beste emne, under tema-oppslaget «Life after Saddam». Det er dei svulstige orda frå Bush om den nye tida som etter Saddam vil bløme i heile Midtausten-området, som har fått bladet til å spekulere i kven som skal styre, kor
lenge og til kva pris. Når Bush til og med brukar historiske døme som gjenoppbygginga av Europa og Japan, kling det dårleg i øyro til mang ein skeptikar. I Japan tok det sju år. Og kven skal dei rekruttere til å ta over trona til Saddam? Kven kan dei bruke av støttespelarane til dei gamle herskarane, slik USA gjorde seg nytte av gamle handlangarar frå Hitler-styret? «Will Democracy Bloom?» lyder det meir enn skeptiske spørsmålet frå reporterane.
Eitt er sikkert: Krigen kjem til å ruinere det alt utarma landet endå meir. FN åtvarar mot sveltekatastrofe av ukjende dimensjonar. Ti millionar vil svelte etter berre seks veker med krig, og det kan vere berre byrjinga på «den nye tid» i området. Kulturminne eller ikkje, spørsmålet er kven vi stiller oss bak, opphavet til sivilisasjonen eller dei som «oppdaga» han.
|