Dag og Tid nr. 10, laurdag 8. mars 2003
Musikk:
Frå syndefall til ragnarokk
Viss ein greier å tenkje seg ei nedstrippa katolsk messe på ruinane av eit ragnarokk, trur eg vi rører ved kjernen til der Midnight Choir står nett no.
Midnight Choir:
Waiting For the Bricks to Fall
S2 records
Då den norske gruppa Midnight Choir kom ut med plata Amsterdam Stranded, deira tredje, i 1998 var det så ein kunne bli skremd på gruppa sine vegner.
På dei to første platene, Midnight Choir og Olsens Lot, viste bandet at dei hadde større ambisjonar enn berre å skrive fine songar. Her ville ein binde i hop Bob Dylan sine ørkentekstar med Nick Cave sin apokalypse og Elvis Presley si formidlingsevne. Ikkje mindre. Desse ambisjonane vart så til dei grader oppfylte på Amsterdam Stranded at dei like gjerne kunne lagt gitarane ned i kassa og slått av mikrofonen der og då. Du les rett: plata var for forbanna god. Ho kan samanliknast med eit syndefall i bandet si historie. Fordi ho sette ein stoppar for den veksten som ligg i uskulda. For kor går du etter at du har skapt meisterverket på tredje forsøk? Når du ikkje kan ha meir inne.
Tilbakeskodande
Plata etterpå, Unsung Heroine frå 2000, oppfatta eg som eit tilbakeskodande prosjekt, som om ein ville søkje attende til uskulda som låg i dei to første platene. Countrypreget var sterkare enn på Amsterdam Stranded. Ho var ei koseplate til bruk rundt leirbålet. Ho var slett ikkje dårleg. Men det er skilnad på det jamt gode og ekstraordinære.
Etter dette har eg med spaning sett fram til kva retning Midnight Choir ville følgje. Ville ein takle utfordringa som låg i Amsterdam Stranded, eller gå vidare på den breie vegen, og nøye seg med å gi ut gode plater, som ville tilfredsstille fanbasen, men vinne få nye tilhengjarar? Samleplata frå i fjor, Selected Songs, som gjorde opp status så langt, var kanskje eit signal om at Midnight Choir sjølv såg at dei stod ved dette vegskiljet.
Verdsklasse
I desse dagar er resultatet ute. Waiting For the Bricks to Fall heiter det. Chris Eckman, frå amerikanske Walkabouts, er framleis kreditert som produsent, og kan snart reknast for å vere eit fjerde medlem i gruppa. Han veit korleis han skal skape luft og strømningar som Midnight Choir sine breie americanaørnevengjer kan flyte på.
Det heile startar med «Into the Dark». Dei einsame pianoakkordane som innleier låten er med på å understreke den isolerte og klaustrofobiske stemninga. Stemma til vokalist Paal Flaata kjem så inn, i eit mykje lågare register enn vi er van med. Det kviler noko framandgjort over heile førstesporet.
Andrelåten, «Will You Carry Me Across the Water», følgjer opp. Den er eitt av nøkkelspora på plata. Det er nærast noko trugande over Paal Flaata når han bevegar seg ned i dei vokale djupa, som på desse to første songane. Og det må seiast at vi i han har ein vokalist i absolutt verdsklasse. «Will you carry me across the water for being true?/Ive been digging a hole in the water for me and you», syng han i dei første versa. I songen er det religiøs tru, tvil og dødslengt nok for eit heilt liv. Det som først ser ut som ein kjærleikssong er tvert om ein som vender seg mot og talar med Gud. Her er vatnet si frelsingskraft, havet som deler seg og ferjemannen Karon som står klar ved breidda med dødsbåten sin. Noko av særpreget til Midnight Choir er at dei religiøse stemmene frå rennesteinen, som gruppa sin fremste songsmed, Al De Loner, gir liv til, er gitt ei
sakral musikalsk innpakning i strykarar og korsong.
Hardare klangar
Men på den nye plata er det også rom for hardare klangar. Versjonen av den tradisjonelle gospelen «Sometimes I feel like a motherless child» er eitt døme. Like under eit teppe av industrielle lydar og støy ligg stemma til Paal Flaata lik ei døyande strime av håp. Sagt på ein annan måte: Dette er ikkje musikk for dei sarte og vene. Det står endåtil skrive på baksida av coveret: «Some of the emotions displayed in the music may not be suitable for everyone». Eg tippar at den er humoristisk meint, men eigentleg er den heilt på sin plass. Midnight Choir spelar i ein musikalsk serie som etter kvart tel ein del artistar. Nick Cave er allereie nemnt. Her heime er også Madrugada eitt. Men der Madrugada sjeldan greier å heve seg over det Jim Morrison-pubertale gymnas-nivået, har Midnight Choir styrken som ligg i ei flaske moon-shine whiskey og ein svart bibel. Autentisk vare.
Midnight Choir har med Waiting For the Bricks to Fall levert eit stykke musikk som prøver å ta opp hansken etter Amsterdam Stranded. Den inneheld noko av den plata si desperate uro, samstundes som ein del av dei hardare klangane fører noko nytt inn i den musikalske visjonen deira. På bandet sin nettstad ser fansen sitt syn ut til å vere delt rundt dette. At ein del av desse er misnøgde, trur eg berre er ein fordel. Bandet har ein viss Bob Dylan å slekte på der.
Viss ein greier å tenkje seg ei nedstrippa katolsk messe oppe på ruinane av eit ragnarokk trur eg vi rører ved kjernen til der Midnight Choir står nett no. Meir enn syndefallet er det eit godt grunnlag å gå vidare ifrå. Du er med dette åtvara.
Stig Elvis Furseth
|