Dag og Tid nr. 10, laurdag 8. mars 2003
Leiar:
8. mars
Unge jenter no til dags trur at kvinnesaka starta på 70-talet, sa ei gammal dame til meg og smilte lurt.Andre trur på myten om likestilling i landet vårt. Dei trur kvinnesaka er vunnen no, at kvinnekamp er noko ein kan skriva om i historiebøkene.
Kor i all verda er kvinnene, spør tre forlagsredaktørar i siste Syn og Segn. I fjor deltok dei på 27 seminar og konferansar arrangerte av samfunnsvitskaplege og humanistiske miljø. Det typiske seminaret har over 70 prosent mannlege innleiarar. Kvinnene betalar deltakaravgift, fyller salar og lyttar til menn.
Viktige møtestader for kunnskapsutviklinga er altså prega av menn. Redaktørane peiker på at dette forplantar seg til kronikkar, tidsskrift, aviser og fagbøker. Dei oppfordrar til dugnad både hjå komitear, arrangørar, kvinner og menn for å gjera noko med mannsdominansen på konferansar og seminar.
Og det er mange som må skjerpa seg. I haust presterte Stord Mållag å invitere til konferanse der 11 av 12 foredragshaldarar var menn. Den nynorske framtida skulle diskuterast. Mest utan kvinner.
Mannsdominansen i slike samanhengar handlar om makt. Det trengst ei medviten haldning for å endra på slike strukturar. Mange og ulike røyster må få koma til orde. Kvinnene må ha ein sjølvsagd plass på seminar, i aviser, i tidsskrift, fagbøker. Tel bilete av kvinner og menn i ei tilfeldig vald avis og sjå kven det handlar om!
Kvinnekampen er langt frå vunnen her i landet, men sjølvsagt strir kvinner med langt større problem enn underrepresentasjon på seminar og konferansar i andre delar av verda. Ein av parolane for 8. mars i år er «Nei til krig! Velferd ikkje bomber!» Ein betre parole kunne ikkje vorte vald. God 8. mars!
Cecilie N. Seiness
|