Dag og Tid nr. 10, laurdag 8. mars 2003
Klok på bok 605:
Enden på visa
Denne veka fekk eg eit uvanleg langt svar frå han Jon Grepstad i Oslo. Eg har ikkje hjarte til å kutte i det: «Kven veit? Quizás? Det har ikkje noko med saka å gjere, men likevel: Bestefar til forfattaren, pensjonert biskop i Bjørgvin, bror til språkforskaren som i 1955 fekk si velfortente byste i Årdalen like ved E39, ein skulptur laga av Dyre Vaa, åt ein gong på 70-talet opp den største fisken eg nokon gong har fått i Stardalselva i Jølster, ei kjø på 1,2 kg. Han var rett nok ikkje aleine om gjerninga. Som formildande omstende skal det seiast at foreldra mine var til stades og deltok i måltidet. Eg hugsar ikkje om det var før eller etter denne hendinga (fisken står i minnet mitt som storkveita til Samson Avsenius i Fløgstads Kron og mynt) at allround-vestlendingen Ragnar Hovland i ei av sine bøker skriv om bestefaren som tek til å bli gammal, og som ved
middagsbordet snakkar med fisken på tallerkenen. Men det var nok etterpå. Og det heile er kanskje ikkje så svært, men eg tenkte no at det skulle nemnast, som katten til Ivar Aasen seier i ei anna boka av Ragnar Hovland.
Songen Kven veit? måtte sjølvsagt vere skriven av Ragnar Hovland. Ingen moderne nynorskforfattar har eit slikt tilhøve som han til sigarar og sære skjorter. Dessutan fekk han i forfjor Kritikarprisen for Ei vinterreise. Ei bok der annakvart kapittel er (truleg meir eller mindre autentiske) dagboknotat, og annakvart kapittel fiksjon. Sjølv las eg først dagboknotata bakanfrå, notata handlar om ei sjukdomssoge og eg ville gjerne vite korleis det gjekk, og deretter las eg fiksjonskapitla frå byrjing til slutt. Og når ein er komen til slutten, har lese dei to siste kapitla og brikken fell på plass, ser ein at det er ei god bok. Sluttkapitla er boka verd. Men dei får si meining frå dei andre kapitla.
Diktet Kven veit kven veit kven veit? var ukjent for meg på førehand. Tipset om at det truleg var skrive på ei reise, førte meg til bøker med reisetitlar i forfattarskapen til Hovland, mellom anna Bussen til Peking og Aleine i Alpane. Dessutan Sveve over vatna, som eg har lese fem gonger med stor glede, men altså utan å hugse om det skulle vere ein eller annan song mellom alt det andre rare (mellom anna fleire autentiske personar frå studietida mi i Bergen) som finst i boka. Dr. Munk har som kjent prestert fleire songbøker, dei fleste reviderte.
Men det var altså på side 77 i Kuba-samlinga Psst! frå 2000 at eg fann Kven veit?. Diktet er ei gjendikting av Osvaldo Farrés (1902-1985), som skreiv songen i 1947, og som også komponerte melodien. På nettet las eg at Nat King Cole gjorde melodien kjend alt i 1947, og at songen seinare kom med i Coles en espanol-album i 1958. Songen har også vore innspela av Doris Day, Xavier Cugat, Mantovani, the Stargazers, Pepe Jaramillo og andre, står det på nettet. Og i 2000 skal songen ha vore med i filmen In The Mood For Love av Wong Kar Wai, ein film eg heller ikkje kjenner. Ein kan lese den spanske teksten, finne akkordar og høyre delar av songen på nettet her: http://www.sonic-net/~emcfarla/», skriv han Jon Grepstad. Takk for langt og fyldig svar, Jon!
Han Jon var ikkje åleine om å svare rett. Som vanleg slo dei trufaste til med både rett løysing og tilleggsinformasjon: «Han las opp for nokre av oss i Bergen, i førre hundreåret. Då var han kledd som ein vanleg vestlending, med grundig kjennskap både til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Hardanger-Sunnhordlandske Dampskipsselskap, FSF og HSD! Slikt verkar og no vil eg lese Ei vinterreise med innleiande sitat frå Heinrich Heine», skriv han Olav Molven i Bergen.
«Denne vikua er det vestlandssurrealisten Hovland som er svaret. Diktet er hentet fra hans bok Psst! som kom ut i det Herrens år 2000. Hovland er for øvrig en bereist mann: Han har tatt bussen til Peking, vært alene i Alpene, tatt seg en tur over Bali og Hawaii, besøkt Paradis og vært på vinterreise utenfor sesongen. Er det rart han er en klok mann med bart», spør ho Hilde Matre Larsen i Oslo.
Takk til ho Ellen Pauline Borch på Luster folkebibliotek, han Per Audun Larsen på Kleppe, ho Merete Hoel i Loddefjord, han Kaare Stegavik i Trondheim, ho Else Skjøndal på Ulset, ho Elen Maria Todal i Hellandsjøen, Skeisebibliotekarane (som skriv at dei nyleg gjekk skeiseløp saman med sjølvaste Kuppern), han Magne Eikås i Sogndal, han Ivar Kristensen i Stavanger, ho Christine Bakke på cultura.no og vinnaren denne veka: Han Karl Otto Welle på Eiksmarka. Gratulerer!
Klok på bok 605
Det vil si at jeg må skrive inn en sammenheng, selv om den ikke er der fra før. Selv om det ikke virker som om det er nødvendig at den er der. Gjøre hatet mer... ikke normalt, men tydelig. Tydeligere enn man tror det er i de første lesningene.
Dette er innleiinga til ein roman som skildrar to systrer som snakkar forbi einannan. Forfattaren vart kåra til «Årets debutant» av ein bokklubb då ho debuterte på 1990-talet. Etter dei første bøkene fekk ho Tanums kvinnestipend.
Kven vil eg fram til? Send nokre ord til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 14. februar.
Paula på posta
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|