Dag og Tid nr. 9, laurdag 1. mars 2003

Roald Helgheim:
Mot krig på rett måte

Spørsmålet er ikkje berre om du har rett til å vere mot det amerikanske felttoget i Irak, men også om du er mot på det rette grunnlaget. Det første poenget vart demagogisk illustrert då seniorkommentator Andy Rooney i fjernsynsmagasinet 60 Minutes skjelte ut den franske krigsmotstanden, ikkje med å kalle Chirac for ei åme, som The Sun nyleg gjorde på framsida, men med å minne om kven som til slutt måtte berge landet som tapte for Tyskland på «om lag 20 minutt». Sjølv var han med dei amerikanske troppane som frigjorde Paris 25. august 1944, og slo fast at den ryggeslause nasjonen ikkje hadde gjort seg fortent retten til å gå mot Bushs planar om å angripe Irak. «Men det har eg», avslutta han med pondus.

Det er ein diskusjon som kan vere alvorleg nok, men også ein intellektuell luksus. Til den kategorien høyrer ubehaget ved å vere på parti med den store majoriteten mot krig. Ein aviskommentator spør om det finst noko meir politisk korrekt enn å vere mot denne krigen. Av alle merkelappar brukte til å stemple eit standpunkt på, er «politisk korrekt» det verste. Brukaren kan avvæpne eit syn utan å måtte argumentere mot det. Dessutan kan det snuast som kappa etter vinden. Det som var «politisk korrekt» å vere for i går, er det like «politisk korrekt» å vere mot i dag. Det er som om substansen i eit standpunkt heng saman med den politiske vindretninga. Verre enn den intellektuelle leiken er likevel den nesten umerkelege glidinga i retning av meir demonisering av Saddam Hussein, som blir tydelegare di nærare vi rykkjer krigen. Som om det gjeld å ha ryggen fri når det likevel brakar laus, og å få lagt det endelege ansvaret for å hindre ein krig USA uansett har planlagt lenge, på ein statsleiar som ikkje går med på å gjere landet totalt forsvarslaust før verdas største krigsmakt likevel går til krig mot det.

Det er å likne med det absurde israelske standpunktet som seier at eit frå før avvæpna, utbomba og rasert Palestina har ansvaret for at Israel framleis må føre krig mot landet, og som påstår at det er denne avvæpna motstandaren som har ansvaret for tryggleiken til angriparen, Israel. Nyhendet om at statsminister Sharon har skipa ein endå meir høgreekstrem regjeringskoalisjon med partiet Nasjonal Union, som har som program å busette okkupert land og fordrive palestinarane i endå høgare tempo, var perfekt tima med den siste presidenttalen til Bush. Der sa han at ein krig mot Irak endeleg kan føre til stabilitet i heile området og ei ny von for Palestina. Det lydde som musikk i øyro til Sharon, som alt hadde fått den same helsinga direkte då Bush gratulerte han med ny regjering. Sharon kunne ikkje ha vore meir samd, sa han.

Slik er den absurde politiske og mediale opptrappinga til ein krig svært mange ville bli letta over å unngå dersom Den Vonde i Bagdad berre stakk av med halen mellom beina. Men etter det vi alt har fått kringkasta av det CBS-intervjuet du kanskje har sett i full versjon når du les dette, har ikkje Hussein det i tankane. Han vil bli på post og forsvare heimlandet sitt, seier han, og til det treng han dei våpna han har. Det er ei fråsegn vi normalt ville sagt var ein statsmann verdig. Filtrert gjennom moralkodeksen til Washington er det ei skammeleg fråsegn frå ein løgnaktig despot, som dessutan påfører oss endå større ubehag ved å måtta halde fast på eit elles opplagt prinsipielt standpunkt, mot angriparen, for den angripne. Når intervjuet blir sendt, vil du bli tydeleg opplyst om kva restriksjonar dei irakiske styresmaktene la på det før godkjenning. Hugs då på at også CNN alt har utarbeidd detaljerte instruksar om kva som skal sleppe gjennom. Då CBS kringkasta Saddam-intervjuet i USA, ville Det kvite huset ha ein av sine i studio til å kommentere det fortløpande. Men CBS avslo.

I alt det moralske overlyset tykkjer eg det ikkje er overtydande når Hawdan Salig Jaf og Inger Østenstad i ein elles veldokumentert artikkel i Samtiden spør: «Hvorfor ikke styrte Saddam?». Dei skriv: «En sterk grunn til å gå ut i gatene og protestere mot krigen er visst hensynet til ‘stabiliteten’ i området. Hvilken stabilitet?» Det har aldri vore mitt argument, men påstanden om at krig vil føre til «stabilitet», lyder ikkje betre frå krigshissarane i Pentagon.

Utgangspunktet for funderingane over den korrekte (!) måten å vere mot krigen på, er to artiklar i siste nummer av The New York Review Of Books. «The Right Way» er ikkje, skriv Princeton-professor Michael Waltzer, å hevde at Irak trass i det ufjelge regimet og våpna det heilt sikkert gøymer, ikkje er noko trugsmål mot verda. Dersom dette argumentet heldt mål, trong ein heller ingen våpeninspeksjonar, ingen sanksjonar og slett ikkje flyforbodssoner. Men det rette argumentet er å halde fast på at det noverande kontrollsystemet (inspeksjonar, sanksjonar, flyforbod) fungerer, og kan gjerast betre. Difor: Pass på kva slagord du ropar, formanar Walzer.

Ein annan fast skribent, professor Avishai Margalit ved det hebraiske universitet i Jerusalem, kallar krigen mot Irak feil krig. Feil fordi han ikkje råkar den viktigaste fienden, terrorismen. Og terror, det er eit ekkelt symptom på noko som stikk djupare enn noko presisjonsstyrt rakettsystem kan nå, skriv han.

Det er inga dårleg plattform å stå på.


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |