Dag og Tid nr. 9, laurdag 1. mars 2003

Klok på bok 604:
Kjærleik før og no

I dag vart eg så glad berre fordi sola skein skrått gjennom stoveglaset før frukost. Eg stod der og prata litt med meg sjølv, lurte på om eg er ei enkel sjel sia eg kan glede meg så stort over ein så liten, sjølvsagd ting, men vart brått avbroten i funderingane.

– No får du ta deg ein kavring!

Eg snudde meg og såg den pistrete hestehalen til han Peder i døropninga. Det var han som stod for frukosten. Det er ikkje så verst det heller, å gå til dekka bord, altså. Neida, mannen på motorsykkelen er ikkje å forakte, han. Eg vart heilt ovandotten då han brått stod i døra.

– Kva gjer du her? Har du fått problem med kardangen, spurde eg.

Eg tvilar nemleg på at han kom til bygds berre for mi skuld. Han Peder gliste. Ikkje veit eg om jawaen har kardang, men då eg for skams skuld slo opp i ordboka, måtte eg drage på smilebandet: karda’ng , en., fr., universalkopling, kopling mellom to aksler som danner varierende vinkel med hverandre (bl.a. brukt i biler). Ein kan trygt seie at han Peder og eg er ei kopling med varierande vinkel.

Mange forstod fort at det dreidde seg om han Jon Michelet, og mange landa på Mannen med motorsykkelen. Han Lars Moa i Stjørdal kan sin Michelet: «Eg trur eg har lesi rubbel og bit av det han har skrivi, – til og med Fotball-VM-bøkene (sjøl om eg ikkje er særleg interessert i fotball). Eg har eit stort ønske, og det er at han held det han lova i 1979, nemleg at han skulle skrive ein roman frå seglskutetida. Hittil har det berre vorti ‘Tiger Bay’, men han hadde titlane klare på dei to neste. Dei skulle heite ‘Santos’ og ‘Ravnen’. Santos skulle kom i 1980. Alt dette står i ‘Tiger Bay’, på perminnbretten

Han Olav Molven i Bergen kjem med ei oppmoding: «I boka – før kriminalgåta startar – står der to sitat. Eitt er etter Claude Lévi-Strauss, ein fransk sosialantropolog, og frå boka ‘Tristes tropiques’ (1955)/’Tropisk elegi’ (1973): ‘Intet samfunn er fullkomment. Alle har de i sin natur en urenhet som står i motstrid til de normene de proklamerer, og som gir seg konkret uttrykk i en viss dose av urettferdighet, ufølsomhet, grusomhet’. Når no Folkeretten skal sikre ‘krigsetisk grunnlag’ for at nokre titusenar uskuldige må døy eller øydeleggjast, om ikkje Irak når utenkjelege 100 prosent etter USA-skalaen, bør sitatet lesast to gonger pr. dag av Bondevik med følgje – og av oss andre

Han Gunder Runde gir livsteikn frå Ulsteinvik, «s
olkysten Sunnmøre», som han kallar det: «Siste vekes forfattar kan ikkje vere andre enn Jon Michelet. Men så var det å finne ut kva for ei av alle bøkene hans som startar slik. Paula sine assosiasjonar til Peder kan få ein til å fundere aldri så lite. Kanskje er han Peder smal om livet, bred om bringen? (‘Orions belte’). Eller har han tvert om ryggproblem, slik at han må bruke Jernkorset(t)? Og dersom han har fått vore lite ute i vinter, kan han kanskje vere ‘Hvit som snø’. Og eg har skjøna såpass at han stundom er frampå, med andre ord ‘Jerv, jervere, jervest’... Nei, det rette svaret er nok ‘Mannen på motorsykkelen’ (1985). Og så kan ein kanskje filosofere om Paula er utgangspunktet for Michelets siste roman ‘Den frosne kvinnen’ – dersom du sit bakpå no vinterstid, vil kanskje det bli resultatet

Nei, huttetu, eg sit ikkje bakpå vinterstid. Eg skuldar å gjere merksam på – for nye lesarar – at han Peder er ein gammal flamme som blussar opp no og då. Helst når han finn det for godt. Han trivst så godt på motorsykkelen at tanken på faste middagstider og forhold gir han angst. Som han seier: «Ein kan ikkje ha kjøtkaker til middag kvar dag». Det er greitt for meg. Eg er ikkje så glad i sure sokkar og ditto mannfolk. Då er det betre at dei kjem og går.

Ho Ingrid i Lusterdalen har fått kjeft frå dei nyverva Klok på bok-løysarane på biblioteket i Gaupne. Det er visst ikkje noko som heiter Lusterdalen: «Eg seier det som det er; det er ho Ingrid som har hjelpt meg. Ho bur inne i Gaupne, eller Gopm som me seier. Eg er innfødd mest, frå Fortun, so eg reagerer litt på sleivkjeften dykkar. Det er ikkje noko som heiter det namnet de brukte. Ingrid er ikkje gopning, heller, men heller dansk so vidt eg kan høyra. I alle fall er det Jon Michelet som har skrive ‘Mannen på motorsykkelen’», skriv ho Kari Johanna Yttri med postadresse Sogndal.

Ho Ingrid sjølv skriv og orsakar seg: «Kjære Paula. Du har heilt rett, det er eit mysterium at eg held til i Lusterdalen, for det finst ikkje slik ein plass», innrømmer ho Ingrid som no kallar seg gopning.

Takk for alle svar. I dag måtte eg trekkje vinnar på gamlemåten: Eg tok alle breva opp i hjelmen hans Peder – jaudå, han køyrer på vinterstid – og fekk han til å strekkje seg etter ein vinnar. Det heilt tilfeldige namnet er: Gunnvor Hatlestad i Volda. Gratulerer! No skal han Peder og eg gå oss ein tur ut i finveret.

Klok på bok 604

Det var den dagen lønnetreet hadde fått det første
gule bladet. Dagen før hadde det stått grønt, treet hun plantet da Ingrid ble født. Nå var fjellene pudret av nysnø, da hun løftet blikket. Så ble det ikke i sommer heller! Så ble det for sent nå også!

Forfattaren har skrive mange bøker i mange sjangrar sidan debuten i 1978. Stikkord: Tater. Romanen som eg siterer frå, kom i fjor. Send namnet på forfattaren og tittelen på boka til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 7. mars.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |