Dag og Tid nr. 9, laurdag 1. mars 2003
Film:
Narkissos i Los Angeles
Paul Schrader fortel om to menn som ikkje kan late ein dag passere utan å ha sex med framande kvinner og ta det opp på video. Og begge er forelska i Bob Crane.
Auto Focus
Regi: Paul Schrader
USA 2002
Auto Focus er ei forteljing med røter i ei sann historie, som neppe hadde vore verdt å fortelje om ho ikkje endar både tragisk og dramatisk: med eit mord. Indisia var ikkje nok til å felle tiltalte i den påfølgjande rettssaka på slutten av 1970-talet, men alt som der kom fram av pikante detaljar om såpestjerna Bob Crane, var stoff godt nok til å fylle ei bok, The Murder of Bob Crane og no altså ein spelefilm.
Bob Crane er best kjend for rolla som oberst Robert Hogan i komiserien Hogans heltar som strakk seg over 168 TV-episodar i åra 1965 til 1972. Serien var ganske populær, i alle fall dei første par åra, og Crane vart nominert til Emmy i åra 1966 og 1967.
Crane hadde musikarbakgrunn, og arbeidde som trommeslagar i symfoniorkesteret heime i Connecticut, til han måtte slutte fordi han ikkje vart sett som «seriøs» nok. Derifrå bar det vestover til lett plateprating og trommekvervlar i radio, og i løpet av nokre få år, vart Crane den mest populære programverten i Los Angeles på morgontid. Og posisjonen som «eterkonge» var eit effektivt springbrett til Hollywood.
Frå TV til heimevideo
Auto Focus pensar oss inn der Crane (Greg Kinnear) får jobben i Hogans heltar. Det fell nokolunde saman med at han møter videoteknikaren John Carpenter (Willem Dafoe), som prakkar nyutvikla heime-videoutstyr på kjendisar for Sony, og som har sjølvaste Elvis på skrytelista.
Crane blir straks fascinert over den nye «instant-teknologien», og i neste trekk samarbeider dei to effektivt ikkje berre om å ta opp amatørvideo, men òg om å sjekke kvinnfolk og videofilme samsexen dei har heime hos Carpenter. Carpenter ordnar alt det praktiske, og med Cranes stjernestatus er skjørtejakta såre enkel. Det ser ut til at dei to karane til saman blir i stand til å gjere ting dei elles ikkje ville ha gjort kvar for seg.
Nyt seg sjølv
Dei to held støtt og stadig orgiar heime hos Carpenter under det muntre slagordet: «Ein dag utan sex er ein bortkasta dag.» Alt blir naturlegvis dokumentert på video, nokre gongar utan at dei kvinnelege partnarane for kvelden veit det, andre gongar skjer det openlyst. For Crane latar det til at videoopptaka er mykje meir enn halve poenget: Han har større utbyte av å sjå seg sjølv i aksjon i etterkant enn av å delta i akta.
Slik framstiller Schrader Crane som ein rått reindyrka narsissist, ein halvtragisk tomsing som latar til å vere heilt fortapt i eigenkjærleik og komplett ute av stand til å sjå konsekvensane av handlingane sine overfor andre.
Både Greg Kinnear og Willem Dafoe leverer gode rolleprestasjonar i krevjande roller. Tilsynelatande prøver ikkje Kinnear så hardt, men spelet hans er nyansert og hårfint underspelt i ei rolle som kunne invitere til meir. Det kan ein også seie om Dafoe, som held tilbake det nesten openberre: den homoerotiske tiltrekkinga til Crane.
Dei sjølvdestruktive
Paul Scrader høyrer med i same gjengen som Coppola, Spielberg, Lucas, De Palma og Scorsese, dei som bles nytt liv i amerikansk film på 1970-talet, men i motsetning til desse har han ikkje lykkast like bra. Kanskje fordi han tenderer til å vere smalare og meir europeisk i stilen enn nokon av dei nemnde? Til gjengjeld har han eit større namn i den meir tilbaketrekte rolla som manusforfattar. Schrader har skrive både Taxi Driver, Raging Bull og Bringing Out The Dead.
Schrader har ofte interessert seg for småsære personar med oppheng, personar som meir eller mindre ufrivillig sklir inn i ein eller annan form for mental bakevje, vonde sirklar der dei med aukande kraft blir trekte ned mot djupet. I denne filmen kjem ikkje denne smertefulle sjølvtorturen automatisk i fokus, men Crane er tydeleg nok eit offer for den tilsynelatande hjelpelause drifta inn i det sjølvdestruktive.
Kven drap Bob Crane? Ekko svarar: ... Crane? Filmen berre ymtar eit indirekte svar, men lèt oss tenkje at fyren for så vidt gjekk til grunne i glansen frå sitt eige spegelbilete.
Hallvard Østrem
|