EØS knuser distrikta
Brundtland-regjeringa lova at EØS ikkje truga den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Lovnaden var lite verd. No er 60.000 arbeidsplassar i fare i distrikta.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Det var slik ei god ordning, så godt som alle var samde om det. Ho var enkel, målretta og effektiv: Å gje dei mest vanskelegstilte norske distrikta låg eller inga arbeidsgjevaravgift, for å stimulere næringslivet og sikre arbeidsplassar der. Ordninga vart innført i 1975, og har blitt kalla det mest vellukka distriktspolitiske tiltaket Noreg har hatt. Men det interesserer ikkje EU. For EU kallar denne ordninga konkurransevridande, og dermed er ho ulovleg etter EØS-avtalen. Basta. Men korleis kom vi eigentleg hit?
Tapt slag
Denne striden er ikkje ny. Ei rekkje norske regjeringar av ulike politiske fargar har slåst mot EU og overvakingsorganet ESA for å berge den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Dette har vore av dei få punkta der Noreg faktisk har ytt verkeleg motstand mot EU i ein EØS-tvist. Men no ser slaget ut til å vere definitivt tapt: EU og ESA godtek rett og slett ikkje dette prinsippet, og ordninga må anten fjernast heilt eller innskrenkast kraftig. Følgjene kan bli svært dramatiske, særleg i Finnmark og Nord-Troms, som i dag ikkje har arbeidsgjevaravgift i det heile. Kostnadene for næringsliv og kommunar i distrikta kjem til å auke med åtte milliardar kroner, om full arbeidsgjevaravgift blir innført. Opptil 60.000 arbeidsplassar kan vere truga i distrikta, syner tal frå Kommunaldepartementet. Mest utsett er privat sektor, der opptil 30.000 årsverk kan bli borte. Ein av fire arbeidsplassar i privat sektor i
Finnmark kan forsvinne. Dei blir mildt sagt vanskelege å erstatte.
Tomme lovnader
Men det var dette som ikkje skulle kunne skje, lova Brundtland-regjeringa da EØS-avtalen og eit norsk EU-medlemskap skulle seljast til opinionen og opposisjonen. For EU skulle slett ikkje leggje seg opp i norsk distriktspolitikk. Det var ikkje del av avtalen, det var eit felt trygt plassert innanfor norsk sjølvråderett. «Differensiert arbeidsgiveravgift er en del av skatte- og avgiftspolitikken og derfor ikke en del av EØS-avtalen», forsikra statssekretær Jon Ivar Nålsund i Dagens Næringsliv i 1992.
Kommunalminister Gunnar Berge var ein annan som lova at den differensierte arbeidsgjevaravgifta var trygg, både med EØS-avtalen og ved eit norsk EU-medlemskap. Det kunne bli naudsynt å kalle ordninga for transport-stønad, og gjere nokre mindre justeringar, det var det heile. «Vi kan videreføre vår egen distriktspolitikk, inkludert differensiert arbeidsgiveravgift», slo Berge fast i Aftenposten i 1994. Men det kan vi ikkje, syner det seg.
Vil ikkje forstyrre
I dag er Gunnar Berge direktør i Oljedirektoratet. Direktør Berge hugsar debatten, men han har slett ikkje særleg lyst til å snakke om EØS og arbeidsgjevaravgifta.
Med utgangspunkt i den dialogen som er mellom regjeringa og EU om dette, vil eg ikkje gje nokon kommentar, seier Berge.
Kvifor ikkje?
Eg vil ikkje forstyrre den dialogen. Om du vil ha greie på det som skjedde den gongen, får du kontakte Kommunaldepartementet.
Men i 1994 var du heilt klar på at ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift kunne halde fram med EØS?
Eg vil ikkje gå inn på nokon diskusjon om dette. Men ja, eg la til grunn at ordninga kunne halde fram innanfor EØS.
Det mangla ikkje på åtvaringar om at dette synet var feil, frå både økonomar og andre politikarar?
Det var ulike oppfatningar om det aller meste på den tida, seier Gunnar Berge.
Det har han sjølvsagt heilt rett i. Men somme oppfatningar har i ettertid vist seg å vere rettare enn andre. Økonomiprofessor Atle Seierstad var av dei som tidleg spådde at den differensierte arbeidsgjevaravgifta stod for fall.
Gunnar Berge og andre burde sjølvsagt ha innsett at dette ville kome, seier Seierstad i dag.
Det var tidleg nokså klart at dette ville skje. Men Berge hadde vel interesse av å setje EU-systemet og EØS-avtalen i eit betre lys enn det var grunnlag for, meiner Seierstad.
Gunnar Berge går derimot ikkje med på at han dreiv med skjønnmåling av EU og EØS.
Nei, det stemmer ikkje. Eg la sjølvsagt til grunn den best moglege vurderinga vi kunne gjere den gongen, seier Berge.
Utan grunnlag
Johan J. Jakobsen, tidlegare parlamentarisk leiar i Senterpartiet, var ein annan som ikkje festa lit til Ap-regjeringa sine påstandar om arbeidsgjevaravgifta under EØS-debatten. I 1992 gjekk han hardt ut mot daverande kommunalminister Kjell Borgen, som hadde forsikra at den differensierte arbeidsgjevaravgifta kunne førast vidare med EØS-avtalen.
Eg vil ikkje seie at Ap-regjeringa førte folk bak lyset i denne saka, seier Jakobsen i dag.
Men dei uttalte seg skråsikkert om dette på ein måte som dei ikkje hadde grunnlag for, ut frå den tilgjengelege informasjonen.
I ettertid lurer Jakobsen på om nei-partiet KrF ville gått inn for EØS om dei hadde visst kva avtalen seinare skulle utvikle seg til.
Saka om arbeidsgjevaravgifta er ikkje einaste døme på at EØS har blitt noko heilt anna enn ja-sida forsikra oss om i 1992, seier Jakobsen.
Tenk på alkoholpolitikken, medisinaldepotsaka, veterinæravtalen og så vidare. Eg vil tru at utfallet av EØS-røystinga kunne blitt eit anna om KrF hadde visst kva avtalen skulle utvikle seg til.
Etterpåklokskap
Kåre Gjønnes er ein naturleg person å teste hypotesen til Jakobsen på. Som parlamentarisk leiar i KrF var Gjønnes sentral da partiet gjekk inn for EØS-avtalen i 1992. I dag er han fylkesmann i Sør-Trøndelag.
Ville de gått inn for EØS om de visste kva avtalen skulle utvikle seg til?
Det nyttar ikkje å bruke etterpåklokskapen til å vurdere dette. Ein må sjå på kva alternativa var den gongen. Kanskje hadde Noreg vore fullt medlem av EU om vi ikkje hadde fått EØS-avtalen, seier Gjønnes.
Er du overraska over at den differensierte arbeidsgjevaravgifta no ser ut til å ryke, sjølv om de vart forsikra om det motsette frå Ap i 1992?
Ein kunne ikkje forutseie alt som skulle skje den gongen. Men vi visste at EØS var ein dynamisk avtale som ville utvikle seg over tid. Det er heile tida organ i EU og EØS som tolkar regelverket, og vi visste at det kunne oppstå slike situasjonar, seier Gjønnes.
Dynamikk og demokrati
Dynamisk avtale let fint. Det er fart og framdrift i det omgrepet. Men er det så bra med ein dynamisk avtale, når det tyder at EØS på få år har esa ut til å bli noko heilt anna enn den avtalen det norske Stortinget gjekk inn for i 1992? Skjønte norske politikarar verkeleg kor mange område EØS skulle kome til å gripe inn i da dei inngjekk avtalen?
Vi gjorde dei vurderingane som var moglege å gjere da. Men EØS er ein dynamisk avtale, og vi skjønte at det kunne kome endringar undervegs, seier Gunnar Berge.
Skjønte de i kva grad avtalen kom til å avgrense det norske demokratiet?
No går du langt ut over spørsmålet om arbeidsgjevaravgifta. Det spørsmålet vil eg ikkje svare på.
Kan du svare på om du meiner EØS har avgrensa demokratiet i Noreg?
Nei, nei. Det får du spørje dagens politikarar om, seier Gunnar Berge.
Kåre Gjønnes er derimot med på at EØS-avtalen er ei avgrensing av demokratiet.
Det vil alltid vere det når eit land inngår forpliktande, internasjonale avtalar. Skal ein leve opp til avtalane, grip det inn i handlefridomen til dei folkevalde, seier Kåre Gjønnes.
EØS som frivillig avmakt
Å gjere politikarane avmektige er nett noko av poenget med EØS-avtalen, seier maktutgreiar Øyvind Østerud.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Stadig får vi påminningar om at handlefridomen til norske politikarar skrumpar inn. På felt etter felt blir dei folkevalde bundne av nye påbod gjennom EØS-avtalen, fjerninga av ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift er berre det siste dømet. På andre felt er det Verdshandelsorganisasjonen (WTO) som legg føringane for politikken.
Men den stigande avmakta til politikarane er ikkje ein uheldig biverknad av EØS-avtalen og WTO, det er nett slik desse avtalane er tenkt å fungere, meiner Øyvind Østerud, statsvitar og leiar for Maktutgreiinga.
Stortinget og regjeringa har utan tvil blitt meir avmektige gjennom EØS-avtalen, og demokratiet har dermed blitt svekt. Men noko av poenget med ein avtale som EØS er nett at politikarane skal vere avmektige. Regelsystemet i EU og EØS skal sikre fri konkurranse, og innanfor EØS-området blir dei prinsippa lagde til grunn på stadig større felt. Det systemet har norske politikarar slutta seg til, seier Østerud.
«Aktører i markedet»
Poenget til Østerud vart effektivt illustrert i eit nyleg Aftenposten-intervju med Knut Almestad, tidlegare president for ESA, det mektige overvakingsorganet som skal passe på at EØS-reglane blir oppfylte til punkt og prikke.
«EØS-regelverket skal ikke gi rettigheter til regjeringer og parlamentarikere, men til foretak og enkeltpersoner som er aktører i markedet. Slik er det nødt til å være, dersom markedet skal fungere. For ESA er det derfor ofte en hovedsak å holde regjeringene på avstand», forklarte Almestad.
Reglane til EU skal bidra til å skape vekst, og det er i prinsippet likegyldig om den veksten kjem i Spania eller Noreg, seier Østerud.
Det er eit reguleringssystem for fri konkurranse, og difor er det nødvendig at til dømes norske politikarar blir meir avmektige. Områda som dei folkevalde ikkje kan blande seg inn i, blir meir og meir omfattande. Det er sterke økonomiske interesser som arbeider for å bryte ned nasjonale særordningar for å tene meir pengar også i Noreg.
Kven har størst fordelar av eit slikt system?
Det er dei mest konkurransedyktige økonomiske aktørane som opererer innanfor EØS-området. Dei kan hauste vinstar av å søkje seg dit produksjonskostnadene er lågast. Slik sett er det eit utjamnande system.
Ein kan kalle dette regelverket eit system for rettferd, der alle får like vilkår?
Ja, det er i og for seg det, basert på prinsippet om fri konkurranse.
Men det er ikkje heilt i tråd med norsk politisk tradisjon?
Nei. Det strir mot prinsippet om å regulere utvikling, fordeling og levekår innanfor dei einskilde landa der folkestyret framleis er forankra.
Avmakt og desillusjon
Når politikarane på stadig fleire felt må strekkje hendene i veret og innrømme at dei er makteslause, får dei eit problem and-synes veljarane, meiner Østerud.
Dette skjer i mange land. Når politikarane seier «vi er avmektige», skaper det desillusjon blant veljarane.
Men dei folkevalde har sjølve vedteke å inngå avtalane som gjer dei avmektige?
Det er politikarane som har underskrive til dømes EØS-avtalen. Men etter at avtalen er inngått, blir prosessen driven vidare av domstolane innanfor EU- og EØS-systemet. Slik har konsekvensane av avtalen blitt langt meir omfattande. Implikasjonane av EU-avtalane er generelt meir vidtgåande enn mange politikarar hadde forestilt seg, seier Østerud.
Krav om ressursar
Og så lenge EØS-avtalen står ved lag, kjem nye krav til å kome frå Brussel. I samband med reforhandlinga av EØS-avtalen, som pågår i desse dagar, har EU på nytt meldt interessa si for større tilgang til norske fiskeressursar. Denne typen krav kjem berre til å bli sterkare i framtida, trur Østerud.
Større tilgang til norske naturressursar har vore eit krav frå EU. Det gjeld eit prinsipp om fri investeringsrett. Eg trur òg det heng saman med aust-utvidinga, som blir enormt dyr for EU. Desse krava har Noreg berre sett byrjinga av, meiner Øyvind Østerud.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|