Dag og Tid nr. 8, laurdag 22. februar 2003

Senterpartiet:
Det parkerte partiet

EU-debatten har kverna hissig i det nye året, men Senterpartiet er parkert som ei daud skjelpadde på botnen av meiningsmålingane. Kva er feil med nei-partiet?


Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

Ved valet for ti år sidan valde 16,7 prosent av veljarane Senterpartiet. Den siste tida har partiet vaka kring sperregrensa med oppslutnad på fire prosent.

– Har du noka forklaring på denne null-interessa for nei-partiet, valforskar Frank Aarebrot?

– Nei, men eg trur at folk er litt trege i starten på den nye EU-debatten. Eg har vanskeleg for å skjøna at Sp ikkje skal tena på EU-saka, og eg reknar med at partiet kjem til å gå fram på meiningsmålingane. Kanskje heng stillstanden saman med at krigen i Midt-Austen har dominert media i det siste, og at Sp har hatt problem med å skilja seg frå SV i denne saka.

Haga er eit godt val

– Når det handlar om krig og fred, er det SV som tener på det. På nei til EU-arenaen er Sp best etablert, medan SV er det på nei til USA-arenaen.

– Har du tru på den nye partileiinga i Sp?

– Det vert som når du ber fanden om lesa Bibelen, seier den ihuga ja-forskaren Frank Aarebrot frå Arbeidarpartiet.

– Men eg synest at Åslaug Haga er eit svært godt val som partileiar. Det gjeld både i høve til EU-saka og utanrikspolitikken. Haga snakkar på ein måte som gjer at folk som er interesserte i utanrikspolitikk, lyttar til det som ho har å seia. Etter mi meining er Haga eit endå betre val enn Anne Enger Lahnstein var i si tid. Haga er fagmenneske på den arenaen der ja-folka har kjent seg trygge på å ha mesteparten av ekspertisen. Haga er dyktig på det som har vore heimebana til ja-folka. Dessutan er ho er av dei meir sympatiske politikarane i nestleiarskiktet her i landet.

– Kan Haga verta den nye EU-dronninga?

– Ja, viss det vert noko dronning i det heile. I 1972 var det Arne Haugestad, i 1994 Anne Enger Lahnstein, men det kan ikkje vera mykje tvil om at Haga allereie no overskuggar leiaren i Nei til EU. Haga har definitivt sjansar til å verta EU-dronning, men eg veit ikkje om ho vert det.

– Kan Senterpartiet koma opp att på nivået frå 1993 – med støtte frå 16,7 prosent av veljarane?

– Ja, med så store veljarskifte som det er no, er det ikkje noko i vegen for det. Viss Sp kjem på eit slikt nivå, kjem det til å gå utover SV. Arbeidarpartiets problem frå 1994 er skuva over til SV. No sit Kristin Halvorsen med Thorbjørn Jaglands dilemma frå den gongen. Sidan nei-sida i Ap er så mykje svakare, treng partiet ikkje vera så snill med nei-sida i partiet som i 1994. SV derimot har fått eit stort behov for å vera snill med ja-sida. Det er så mange ja-folk i SV at det skulle ikkje undra meg at SV-leiinga tillet ein organisasjon som «SV-arar for EU».

– Kan SV få store problem i EU-saka?

– Viss SV ikkje får det, har ikkje Sp sjanse å koma opp på 93-nivå.

– Kva skal til for at Sp får vekst?

– Det er ikkje noko Sp kan kontrollera. Det er eit spørsmål om kor heit EU-debatten vert. Viss meiningsmålingane syner nedgang for ja-sida, vil nok både Ap og Høgre vera lukkelege for å droppa EU-saka. Skal Jens Stoltenberg snikra treparti-koalisjon, eller skal Jan Petersen halda fram i regjering etter valet, er ingen av dei interesserte i at EU-saka vert aktualisert. Naturlegvis kan folket sløkkja elden, men det var interessant å sjå meiningsmålinga denne veka som fortalde at tilbakegangen for ja-sida førte til auke for veit-ikkje-gruppa – ikkje for nei-sida. Skal nei-sida overtala ja-folk til å røysta nei, må dei under huda på ja-folket, og då kan dei ikkje teikna eit fiendebilete av ja-folka. Ved dei to førre vala var veit-ikkje gruppa på vippen. Båe gruppene kunne gira inn heile valkampen på å idiotforklara kvarandre og satsa på å kapra veit-ikkje veljarane. No er me oppe i ein ny situasjon der ja-folket vil prøva å halda på tilhengjarane sine. Det vert som å omringa ei ja-borg der nei-sida må gå inn i borga for å henta ut veljarar. Då kan dei ikkje seia at borga er avskyeleg og nekta å gå inn der. Det vert spennande å sjå korleis nei-sida greier å justera seg til den nye situasjonen.

Ikkje EU-val

Frank Aarebrot reknar ikkje med at kommunevalet til hausten kjem til å verta eit EU-val.

– Me kjem til å få ein EU-debatt, men i dei fleste debattane før valet kjem nok Ap, Sp og SV kjem til å sitja skulder ved skulder for å skjella ut regjeringa og kommunalminister Erna Solberg for utarming av kommunane. Då er det neppe så bra for Sp, om partiet vel å prioritera EU, seier Aarebrot.

Valforskaren trur at tonen i EU-debatten denne hausten kjem til å verta prega av den svenske røystinga om ØMU.

– Dermed får ein inn både rentenivået, lønsnivået og industriflyttinga. Og sentralbanksjefen kjem til å verta sentral i debatten, seier Aarebrot.

Han meiner at Sp har truverd i EU-saka, men ikkje i distriktspolitikken.

– For Sp er det klokt å byggja opp att truverdet i distriktspolitikken. Også der finst det eit dilemma. Ser ein på dei såkalla distriktsopprøra i Nord-Noreg før førre stortingsval, greidde ikkje Sp å få framgang i det heile. Derimot dukka Kystpartiet opp som eit nei-parti. Kystpartiet slår fast at Sp er eit parti for bøndene, og at kystfolket ikkje vert representert i partiet. Det er rett. Når fiskeriinteressene kolliderer med landbruksinteresser, kan ein vera sikker på at Sp er på landbruket si side. Sidan det ikkje er folkerøysting i år, reknar eg med at Sp kjem til å prioritera å erobra tilbake den distriktspolitiske profilen. Ved den førre kommunevalkampen prøvde Lahnstein å ta opp at EU-saka, men det gjekk svært dårleg, seier Frank Aarebrot.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |