Dag og Tid nr. 8, laurdag 22. februar 2003

Roald Helgheim:
Attende til Oblidor

Det heng eit fotografi på veggen. På ein sofa halvt ligg, halvt sit ein mann med pipa i munnen og ser tankefullt opp mot taket. På eit salongbord skimtar eg ei flaske som etter nærare ettersyn viser seg å vere calvados. Ved sida sit ein mann med gråstenkt hår. Denne mannen er Axel Jensen, men kven er den fyren på sofaen, som ser ut som han går i terapi hos dr. Jensen? Hos forfattaren og vagabonden som sjølv prøvde ut dei psykedeliske grensene saman med kult-psykologen R.D. Laing i Kingsley Hall, ein eksperimentell anstalt utanfor London, der skiljet mellom pasient og behandlar mildt sagt var flytande?

Mannen på sofaen er eg. Året er 1992 og Axel Jensen har nett sett ei ny krone på verket sitt med romanen Lul, der hovudpersonen lever eit speisa liv i universet Oblidor, eit liv ho fortel om med den spesielle lingo’n forfattaren snappa opp på undergrunnspubar i Oslo då han etter mange år i utlegd vende attende til heimlandet og ankra opp i båt utanfor Aker Brygge. «Da Gonzo parkerte Gulliver på romhavna i Oblidor og vi køa gjennom navnekontrollen, fikk navna våre en skikkelig fet slankekur». I dette universet gjeld ei namnelov: «Hard jobbing gir langt navn. Hvis du ikke har arva det. Og langt navn øker oddsa for et langt liv.»

Axel Jensen er ikkje eit spesielt langt namn. Ikkje lenge etter at bildet på veggen var tatt, fekk han dei første symptoma på den snikande sjukdomen som til slutt skulle lekkje han til senga og sakte ta frå han evna til både å skrive og snakke. Som kjent tok det ikkje den åndelege talens bruk frå han. Bunden til seng og apparatur fekk han større trong til å meddele seg til verda enn nokon-sinne. Ein sjukdom som normalt skulle tatt livet hans etter nokre få år, fekk vente i eit tiår. Mot alle odds heldt han ut lenge nok til å sende ut to nye bøker berre i fjor, den eine er den makelause sjølvbiografien Livet sett fra Nimbus. Men sist veke var det slutt, dagen etter at han fylte 71 år. Avisa vår hadde nett gått i trykken. Eg tok ned bildet frå veggen og studerte det. Det var mitt einaste møte med Axel Jensen og kona Prathiba. Det er eit møte eg ikkje vil gløyme.

Axel Jensen ville skape eit eige litterært univers etter mønster av Jonathan Swift og Gullivers reise, fortalde han. Det starta med romanen Epp i 1965. Men det skulle gå 27 år før vi fekk den første oppfølgjaren i Lul. I 1995 skreiv han siste del om Oblidor-buaren Lem, og sydde dei saman i boka Og resten står skrivd i stjernene. Eg var i Ålefjær for å lage portrett med forfattaren som hadde ankra opp husbåten sin der, ei gammal frakteskute han kjøpte i Sverige og segla gjennom storm og kav til gamlelandet. No hadde han gått i land i det gamle skulehuset. Midt i den blå stova stod eit kvitt flygel. Jensen demonstrerte kvifor han ein gong var kjend som ein habil jazzmusikar. Over kaffi og calvados snakka vi om litteraturen og livet. Eg hadde rusta meg til tennene og pløgd gjennom Axel Jensens samla forfattarskap. I Dagbladets arkiv las eg om ein dandy i kvit dress som med lang, slank pipe var foreviga i Hammarlunds strek. Han samla eit hoff rundt seg på Theatercafeen. Han hadde skrive ei bok Aftenposten nekta å melde, filma med Margrethe Robsahm og Toralv Maurstad med tittelen Line.

I Ålefjær møter eg ein streit og likefram fyr som ber meg lese frå Lul. Han vil høyre korleis det kling med vestlandsaksent. Det kling ikkje i det heile tatt, han rappar boka og les sjølv. For mitt indre øyre høyrer eg songen i stemma hans.

«En gang møtte jeg en vobb... Jeg veit ikke om du husker den store vobbeksplosjonen i mellomfredstida? Da multiflerte vobba seg fortere enn virrepest. Til slutt var’e et spørsmål om det var homozappa eller vobba som skulle overbefolke universet.»

Axel Jensen var ikkje fødd dandy. Han var fødd til å ta over ein pølsefabrikk, men rømde heimanfrå første gong då han var fire år. Eg hadde fått låne dei uoppdrivelege Junior og Senior frå forlaget, seinare gitt ut på ny saman med Jumbo, endå ei sjølvbiografisk bok, redigert av venen Olav Angell i 1998. Opprøret mot familien gjorde han ofte til ein fattig mann, men også til ein vagabond som etter ei reise til Sahara skreiv gjennombrotsromanen Ikaros. På eit nesten mytisk fotografi sit han ved eit sjølvlaga skrivebord av stein og skriv på ein roman, i eit ørkenlandskap der han møtte den eine sprø personen etter den andre, skildra med humor i Livet sett fra Nimbus. Diktert til Petter Mæjlender merkar du den slentrande forteljemåten til ein mann som aldri slo seg til ro, som var klar til eit tokt i «dødens triangel» med båten sin, som hadde Ouspensys In Search Of The Miracolous som yndlingslektyre, som studerte filosofen Gourdijeff og hans teori om fire former for medvit (og gav ut boka Guru om han i fjor). Frå sjukesenga kom også den makelause En mann for sin hatt om den sprø patafysiske forfattaren Alfred Jarry, mannen bak det absurde teaterstykket Ubu.

Det hende eg støytte på Jensen etter dagen i Ålefjær. På eit litterært julebord opplevde eg eit makelaust møte mellom han og den svorne Jensen-lesaren Kjell Aukrust. For ein kjemi! No er dei begge borte. Kan hende for dei med Gulliver til Oblidor begge to, og myser oppgitt mot galningane som styrer den gamle verda. Mens dei styrkar seg over ein calvados.


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |