Dag og Tid nr. 8, laurdag 22. februar 2003

Leiar:
Krigspropaganda

«Sacrifice. They died for France but France has forgotten.» Overskrifta står over heile framsida i New York Post 10. februar og er eit av mange døme på korleis historia vert misbrukt i det politiske ordskiftet. Det er òg eit godt døme på dei uheldige konsekvensane av tabloidiseringa av det offentlege ordskiftet. Som ei vidareføring av denne vulgærkampanjen mot Frankrike et mange amerikanarar ikkje lenger «French fries», som pommes frites heiter i USA, men «freedom fries». (Enno et vel dei fleste amerikanarane hamburg-arar.)

Diskusjonsklimaet i USA og Europa er svært ulikt – ikkje minst på grunn av mediadekninga. Den kjende kommentatoren Paul Krugman i New York Times skriv at USA og England har ulikt syn fordi dei ser ulike nyhende. Dei store fredsdemonstrasjonane fekk stor merksemd i Europa. Kva fekk amerikanarane med seg? Fjernsynskanalen Fox News skildra demonstrantane i New York som «yrkesdemonstrantar». CNN hadde som hovudoppslag på internett: «Anti-krigsdemonstrasjonane blidgjer Irak» fylgt med bilete frå demonstrasjonane i Bagdad – ikkje frå London og New York. Kruger hevdar at enkelte media – i redsle for å vera upatriotiske – har teke på seg oppdraget med å selja krigen, heller enn å vera ei kritisk og informerande røyst.

I Europa er problemet eit anna. Stadig ser ein samanlikningar mellom tysk imperialisme under Hitler og amerikansk. Det er feil og ei vulgarisering av debatten. Ein skal generelt vera svært varsam med å trekka samanlikningar med nazistregimet. Intellektuelt sett er ei slik tabuisering rett nok forkasteleg. Ein kan ikkje utelukka eit så viktig tema som grunnlag for historisk samanlikning. Men referansar til den tyske nazismen set i verk tunge kjenslemerkte vibrasjonar og sperrar for ein konstruktiv dialog.

Svein Gjerdåker


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |