Dag og Tid nr. 8, laurdag 22. februar 2003

Klok på bok 603:
Kven veit?

«Kjære Paula, for fyrste gong er eg viss på kven forfattaren er, og det av di eg sit på Henrik Wergelands hus på Blindern og skriv hovudoppgåve om Øyvind Berg, kanonisert dasspoet, postavantgardist og rebell i norsk lyrikktradisjon. Nokon må representere det pubertale i norsk litteratur, har han sagt, det er ikkje alle  tjuetreåringar gjeve å skrive som Olav H. Hauge. Diktet er henta frå
Poe si tid frå 1993, ei av Bergs beste samlingar», skriv han Lars Greger Granlund og vinn denne veka. Premie får du når du sender meg ei adresse for materielle ting. Gratulerer!

Ho Merete Hoel i Loddefjord svarte rett på eit kort med rundvaska gråsteinar. Ho Hilde Matre Larsen i Oslo seier at forfattaren har ord på seg for å vere ein snurrig type. Ho Ellen Pauline Borch på Luster folkebibliotek, Gaupne, takkar for artig konkurranse – «ein god idé til liknande konkurransar for bibliotekbrukarane som eit ledd i lesestimulering for vaksne og barn her hos oss» – og god hjelp frå ho Ingrid p.t. Lusterdalen.

Han Karl Johan Grønning på Rykkinn skriv slik: «Hei, Paula! Velkomen tilbake frå fin ferie! Opplysningane til denne oppgåva kunne ikkje føre til andre enn Øyvind Berg. Men han har i dei to desennia sidan debuten gjevi ut mange diktsamlingar, så derfor laut eg bla og leite til eg fann den siterte teksten i samlinga ‘Poe si tid’, som kom i 1993 (eller var det i 2536 som han sjølv skriv i parentes?). Om boka skriv Verb Nidgøy (=Vigdis Ofte): ‘Da kan det være at opplevelsene former dikt av seg selv, som ledd i en naturlig flyt. Eller er det sånn at diktene er meisla gjennom lag på lag av forskyvninger, mens det gode budskap definerers i Washington. Ikke veit jeg. Men jeg veit at boka (...) vitner om en ny eurasisk tyngde og letthet.’ – Det er nesten skremmande å lesa slike ord i dag, nesten ti år etter at dei er skrivne. Eg kan berre seia som Darwin P.: Tiltredes!»

Ho Ingrid i Lusterdalen er klar for ein pause frå Klok på bok no når ho har skaffa spalta to nye fans. Ho svarar likevel rett denne veka: «Trudde lengje at det var ho Gro Dahle, for ho er av og til litt ‘steike galen’, og det er som sagt ikkje so verst. Men eg fann ikkje noko med ‘grønn gran’ sjølv om ho har mykje med tre i dikta sine. So var det ogso Øyvind Berg, som fekk Brageprisen i 1995 for lyrikkboka si ‘Forskjellig’

Han Kaare Stegavik helsar frå Trondheim: «Det va triveli å hør at du ha hatt en så fin feri’ i barndommens dal, Paula. Hainn Oskar å’n Barabass klart sæ bra som vikkara dæm. Jau, her oppi Trollahaugen e vi klok på gran, sjøl om vi ha prøvd å dessimer’ grana litt di sist åra. Egentlig så e det meir praktisk me furru, ha vi foinne ut. Å mijnnst like triveli, de synes no i hvert faijll hu Marit, som e oppvokse på Nord-Vestlaijnne. Heijlldivis så va oppgaven itj så altfer krevende. De e jo itj så frøkteli mang poeta som ha fått Bragepris, å tå dæm e det vel bærre haijnn Øyvind Berg som kaijnn seias’ å vårrå ‘steikje galen’. Det herre va eitt dikt som sto i samlinga ‘Poe si tid’, deijnn kom i 1993 som e år 2536 i buddhistisk tidsrekning. Det e myijtti visdom i deijnn boka, viss ein les myijllom linjån, sjøl om’n Arne Armoen meint at det sto jo itjnå der. Men haijnn læst jo Stm 25 haijnn da, deijnn Om di norske petroleumsforekomster i Nordsjøen, deres utvindelse og fortjenest’. (Kjelde: Hans Rotmo)»

Han Olav Molven i Bergen finn ikkje ut kvar verset var teke frå: «Men då bibliotekaren synte meg herr Berg si heimeside, fekk eg stadfesta at han kan oppfattast som ‘steikje galen’.

Sjølv fann eg det i samlinga
Tre bøker som byggjer på totschweigetaktiken, kunngjøring og poe si tid. «Sint og modig. Rå og brutal. Men likevel sanselig og øm», skal Bergens Tidende ha skrive om Øyvind Berg.

Sjølv om einskilde i den faste svarstaben min av og til gir uttrykk for at det blir vel mykje poesi, sender eg eit dikt til løysing denne veka òg:

Klok på bok 603

Eg spør deg slik som alltid:
Kva blir det til, mi kjære?
Du svarer ut i været:
Kven veit kven veit kven veit.

Og dagane blir borte
og alt blir stadig verre.
For du, du svarer berre:
Kven veit kven veit kven veit.

Du sløser jo bort tida
med å vente med å vente.
Du veit jo kva du ønskjer,
mi jente, mi jente.

Og dagane blir borte
og alt blir stadig verre.
For du, du svarer berre:
Kven veit kven veit kven veit.

Denne diktaren likar sære skjorter og svære sigarar – viss ein skal tru på den nynorske riksvekepressa, og det skal ein! Forfattaren har putla og dikta sidan slutten av 1970-talet, og fekk fleire prisar for ei reise i fjor. Oppgåvediktet vart truleg òg skrive på ei reise, inspirert av ein song på eit anna språk. Kven vil eg fram til?

Eg tek imot svar til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 28. februar.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |