Dag og Tid nr. 8, laurdag 22. februar 2003

Film:
Picnic i Kaupanger

Eg var mykje reddare etter
De dødes tjern (1958) enn etter denne nye, norske villmarksfilmen.


Villmark
Regi: Pål Øie

Den gongen heitte gjenferdet i skogen Tore Gråvik, men det vi hugsar filmen for, er Henny Moan i kvitt nattlinnet som går i svevne mot det nifse tjernet. Det var i gymnastida, og eg ville ikkje vere pyse. Difor gjekk eg åleine den vanlege snarvegen heim til hybelen, gjennom ein mørk granskog, med ein nøyaktig kopi av det nifse tjernet like ved. Det må ha vore om hausten, det var mørkt, og for kvar kvist som knasa under føtene, heldt eg på å daue. For all ettertid vart filmen, bygd på ein roman av André Bjerke (som spela rolla som skribent og okkultist i filmen), min ultimate, norske skrekkfilm.

Difor lar eg meg ikkje skremme eit sekund av alle effektane i ein film der det liksom er måla UHYGGE over kvart einaste bilde, i eit forsøk på å lage ei norsk krysning av Blair Witch Project og Picnic med døden (Deliverance), som er den ultimate uhyggefilmen av det slaget, glimrande levert av John Boorman i 1972. Tar eg ikkje feil, ser vi eit lite lån frå filmen når ein lokal oppsitjar i Villmark opnar grinda for team Bjørn Floberg, som skal ut i villmarka for å førebu seg mentalt for ein reality-serie TV-selskapet hans skal lage seinare. Her skal deltakarane overleve utan hjelpemiddel i «øydemarka», og sjefen for TV-teamet har funne ut at for å ruste seg best mogleg til serien, skal fjernsynsteamet prøve det same.

«Øydemarka» ligg i Kaupanger i Sogn, der filmen vart skoten «on location» som det heiter på 20 dagar. Dermed er teamet vårt på veg ut i ein natur som er like vill som vakker, like nifs som han er stygg, alt etter kva effektar du tilset scena, som i dette tilfellet er ein typisk norsk urskog med eit fugleskremsel av eit halvrote hytteskur der våre kvinner og menn skal greie seg ei knapp veke, og alt er så nifst som det var når vi sette ei lommelykt opp under andletet for å skremme kvarandre om hausten. Frå første stund skjønar vi at det er noko der ute, teamet kjem over ein mystisk teltplass, og alle byrjar å oppføre seg så ulogisk som dei må, for å skape maksimal uhygge og spenning.

I Picnic med døden var det fire barske menn som skulle betvinge naturen i eit psykodrama som utvikla seg til rein uhygge. I Villmarksliv er det tre menn og to kvinner (Eva Röse og Sampda Sharma), som med respekt å melde ikkje synest å ha nokon annan misjon enn å vere redde kvinner, mens the real thing er manndomsprøva mellom Bjørn Floberg og Kristoffer Joner, med Marco Kanic som bondeoffer. Floberg og Joner er kapasitetar, men førstemann blir mest ein parodi på sin eigen barske Floberg-image (med eit ikkje overtydande handlag med øksa), og Joner...

Med UHYGGE i neonlys over kvar scene sniglar filmen seg altså mot eit uunngåeleg klimaks, og etterpå fell eg i tankar over «reality»-sjangerens fallitt. Kunstig uhygge og kunstig, nitrist «overlevingsfjernsyn» som nådde sitt parodiske høgdepunkt i serien Farmen, det er like falskt og røyndomsfjernt alt saman, same kor mykje moderne medievitarar prøver å utstyre sjangeren med seriøse overbygningar. I dette tilfellet av den grunn at det er unaturleg i sin omgang med naturen. Det er noko eit halvrote hytteskur i kaupangermarka ikkje kan gjere noko med.

Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |