Dag og Tid nr. 8, laurdag 22. februar 2003

Bøker:
Djuptpløyande ha msunbiografi riv ned mytane

Lars Frode Larsen har skrive ferdig tredje band i biografien om den unge Knut Hamsun. Det har vorte eit særs grundig og utførleg verk.

Lars Frode Larsen:
Den unge Hamsun (1859-1888), Radikaleren.
Hamsun ved gjennombruddet (1888-1891) og
Tilværelsens Udlænding. Hamsun ved gjennom-bruddet (1891-1893)
Schibsted Forlag 1998, 2001 og 2002

Knut Hamsun er ein av våre kjæraste og kan hende ein av våre mest myteomspunne diktarar. Det har Lars Frode Larsen teke konsekvensane av og har gjeve han ein biografi som liknar få andre. Over nesten 1700 sider tek han for seg dei fyrste 34 leveåra hans. Han plukkar nøkternt frå kvarandre mytar og feilaktige førestellingar om den unge forfattaren og skildrar i detalj livet hans med vekt på den idémessige, politiske og litterære utviklinga.

At ein hamsunbiografi må vere så djuptgåande, demonstrerer Larsen mellom anna ved å vise korleis mange av oppfatningane om Hamsun ikkje har feste i røynda. Og for å stadfeste kva som er rett og kva som er gale, krevst plass og breidde, skjønar vi. Men kvifor er livet til Hamsun så interessant, kan vi ikkje berre la mytane leve vidare?

Med lita skrift

Fyrste band i biografien, Den unge Hamsun, er ei lettare revidert utgåve av doktoravhandlinga til Larsen. I innleiinga diskuterer han mellom anna kvifor ein slik biografi er viktig. Underleg nok oppmodar han dei som ikkje er særskilt interesserte i den metodiske og teoretiske sida av saka til å hoppe over innleiinga, og liksom for å understreke dette er ho skriven med lita skrift. Men innleiinga bør ein ikkje hoppe over. Her kjem nemleg Larsen med ei svært overtydande forsvarstale for den kritiskvitskaplege biografien.

Fyrst viser han til at vi manglar ein slik biografi. Dei som har skrive om livet til Hamsun, har stort sett vorte familien hans. Hamsunforskinga elles, seier Larsen, har i vesentleg grad vore tekstorientert, og fatta lita interesse for biografien. Dette har fått uheldige konsekvensar. «(...) den tradisjonelle oppfatningen av denne dikteren som et apolitisk og asosialt vesen, uten særlig interesse eller engasjement for annet enn egen forfattargjerning, er feilaktig», seier Larsen. Og når dette vrange biletet har fått stå uimotsagt, har det påverka forståinga av tekstane til Hamsun, jamvel om ein har freista å halde biografien utanfor, hevdar Larsen.

Vidare kjem Larsen med fleire prinsipielle argument for den kritiskvitskaplege biografien. Mellom anna kan han utgjere ein av fleire tekstar ein kan nytte for å kaste lys over ein skjønnlitterær tekst, seier han. Ein ting er at forfattaren ikkje skal ha monopol på tolkinga av teksten han har skrive, men skal ein, etter å ha kasta forfattaren på dør, la han bli ståande utanfor, spør Larsen og svarar: «I lengden tror jeg man vil være bedre tjent med å invitere forfatteren inn igjen – ikke som den autoritative far i forskningshuset – men som en blant flere aktuelle/mulige lese- og fortolkningsbakgrunner.»

Med dette i bakhovudet verkar biografien til Larsen etterlengta, vi treng ei slik ein, skjønar vi. Likevel kunne eg ynskt meg ein grundigare og meir utfyllande diskusjon, og han kunne gjerne ha gått føre seg andre stader enn i kapittelet med lita skrift.

Den «slemme» onkelen

Ein treng ikkje å lese mykje om Hamsun for å få med seg at då han var 12-13 år, budde han hos onkelen sin på Hamarøy, og at denne onkelen var streng og tyrannisk og nærast terroriserte den unge guten. Eller var det eigentleg slik?

Biletet av onkelen til Hamsun, Hans Olsen, byggjer på usikre kjelder og er truleg sterkt overdrive, seier Larsen. I staden for å sjå på onkelen som ein gjerrig pengeutlånar som sette Hamsun-familien i gjeld og utnytta nevøen Knut, kan ein sjå det på ein annan måte: «Knuts foreldre har kunnet prise seg lykkelig over at det i slekten fantes en onkel som både kunne og ville hjelpe sine nærmeste når det var nødvendig.» Det er dessutan lite sannsynleg at Knut Hamsun flytta til onkelen for å vere skrive- og rekneskapshjelp, slik det ofte vert hevda. Han var truleg åtte-ni år då dette skjedde, viser Larsen, og ein så ung gut kan jo ikkje gjere mykje nytte for seg å på denne måten, seier han.

Eit moment ein ikkje kan sjå bort frå, er likevel at Hamsun har ynskt å framstille onkelen som slem. Her svarer Larsen at det nok kan hende at onkelen har vore hard og uforstandig, sjølv om det eksisterande biletet av han er ganske unyansert. At Knut Hamsun som liten retta eit hat mot han, kan og henge saman med at han helst ville vere hos foreldra sine. «Foreldretapet» har truleg ført til frustrasjonar, hat og aggresjon, seier Larsen, og dette kan ha blitt retta mot den som var nærast, nemleg onkelen.

Den «slemme» onkel Hans var altså kanskje ikkje så slem som Hamsun og tidlegare hamsunbiografar har framstilt han. Og slik held Larsen fram, han går laus på førestellingar og tidlegare publiserte tekstar om Hamsun. Han granskar dei og nyttar mengder av kjelder for å byggje opp eit nytt, og meir truverdig, bilete av den unge Hamsun.

Religionskritisk

I det fyrste bandet som går fram til 1888 då Hamsun var 29 år gamal, peiker Larsen på at Knut Hamsun ikkje var ein særling med lita interesse for anna enn det litterære. Nei, han følgde interessert med i samfunnsspørsmål, og tok etter kvart ei protesterande, anarkistisk haldning, viser Larsen.

Med eit slikt utgangspunkt les Larsen Sult, i det andre bandet, Radikaleren, og denne lesinga svarer til forventningane. Her vil Larsen mellom anna vise at Hamsun var religiøst radikal. Larsen seier at Ragnvald Skrede skal ha skrive i Forfatternes Litteraturhistorie at Knut Hamsun alltid har vore «uartig lesning» for radikale menneske, men dette er altså ikkje Larsen samd i. Det er ikkje noko nytt at Sult braut med konvensjonane og på litterært sett var noko nytt, men at Hamsun synte seg som ein mann med radikale religiøse standpunkt er mindre kjent. Den sentrale ideen i Sult er korleis talentet gjennom indre og ytre stengsel vert hindra i sjølvrealiseringa si, skriv Larsen. Motgangen hovudpersonen møter, set han inn i eit større metafysisk perspektiv, han kjenner seg forfølgd og dømd til undergang: «Tanken paa Gud begynte atter at optage mig (...) Jeg syntes, det var højst uforsvarlig af ham at lægge sig imellemhver Gang, jeg søgte efter en Post, og forstyrre det hele, aldensund det blot var Mad for Dagen, jeg bad om.» Larsen ser parallellar til Jobs bok og Jesu lidingshistorie, men til skilnad frå Jesus godtek ikkje Sult-eget lagnaden sin: «Jeg skal sige dig et min kære Herre Gud: du er en Noksagt!» Tankane som kjem til syne i Sult var sjølvsagt særs radikale i samtida, peiker Larsen på. Grunnen til at vi gløymer dette aspektet, er truleg fordi desse tankane ikkje er så radikale lenger no.

Sjølvbiografien Sult

Så langt er altså Sult-lesinga til Larsen overtydande og kastar, så vidt eg kan sjå, nytt lys over boka. Men diverre fell Larsen, som så mange andre biografar, for freistinga til å gjere akkurat det han i innleiinga sa at han ikkje skulle gjere. Han lèt forfattaren verte «den autoritative far i forskningshuset». For Sult er nemleg ingen roman, slår Larsen fast. På fyrsteutgåva stod det inga sjanger-nemning, korkje roman, sjølvbiografi eller noko anna, men på grunnlag av brev og referansar til samtalar slår Larsen fast kva slags bok dette er: «En undersøkelse av de paratekstuelle forhold viser at Sult er skrevet og tenkt som en selvbiografi». Dette må vi ta omsyn til, seier Larsen: «Sult bør leses slik en selvbiografi skal leses. Boken er Knut Hamsuns retrospektive prosaberetning om sitt eget liv med særlig vekt på privatlivet og personlighetsutviklingen.» Sjølv synest eg Larsen her går altfor langt. Kva Knut Hamsun meinte og tenkte om boka si, før og etter at ho kom ut, bør i høgda vere eit vink om korleis vi kan lese ho. Kva ein forfattar meiner eller meinte treng ikkje vere den mest interessante og er langt frå den endelege måten å tolke teksten på.

Eg skal ikkje gå meir i detalj, berre slå fast at eg ikkje deler synet til Larsen om kor stor vekt ein skal leggje på forfattaren sine intensjonar. Men at ei bok også kan lesast som eit uttrykk for kva den levande forfattaren tenkte, er eg sjølvsagt samd i. Ei bok seier noko om kven forfattaren var og kva han tenkte, og på den måten er dei nye politiske og religions-kritiske aspekta ved Sult som Larsen legg vekt på, vere interessante.

Endå meir interessant vert dette når Larsen fortel om Knut Hamsun si eiga oppfatning av romanen Redaktør Lynge. Det er tydeleg at Hamsun seinare sa seg usamd i den kritikken som i denne boka vart retta mot figuren Redaktør Lynge. Dette kan ha samband med at Hamsun nærma seg det same politiske landskapet som Verdens Gang-redaktøren O. Thommessen rørte seg i. Han var rollemodellen for Redaktør Lynge. Både Hamsun og Thommessen sympatiserte med det nye partiet Det Frisinnede Venstre, der antiparlamentaristiske tendensar og dyrking av sterke leiarfigurar var berande element, skriv Larsen. I innleiinga til det tredje bandet hevdar Larsen at når Hamsun seinare støtta Nasjonal Samling var det nok ikkje ein «imbesill oldings snurrige innfall», men heller «gammel kjærlighet som det nå ble pusset rust av». Vidare peiker Larsen på at ein kunne fått større innsikt i kva som dreiv Hamsun til å ta dei politiske standpunkta han gjorde, om ein freista vurdere dei i lys av dei tidlegare politiske sympatiane hans. Det har Larsen truleg heilt rett i. For å forstå korleis både Hamsun og mange andre kunne ta eit slikt val, er det naudsynt med ei meir jordnær og mindre gåtefull og mystiskromantisk vurdering av den gamle Hamsun og dei politiske vala han gjorde. Ei slik vurdering og samanlikning har Larsen på mange måtar no lagt grunnlaget for.

Vel blåst!

Larsen går heile tida fram på ein særs grundig måte. Eg trur det skal godt gjerast, om det i det heile er mogleg, å ta han på faktafeil. Han er systematisk og heile tida kritisk til stoffet. Dette gjer sjølvsagt at denne biografien får eit omfang som kan skremme mange. Og det er ikkje berre lett å lese denne biografien, han går sakte framover og sjølv om han heile tida held seg til saka, så er det ofte langt mellom dei stadene vi får ei kjensle av kontakt med hovudpersonen. Men Larsen har ynskt å skrive ein grundig og sakleg biografi, som ligg så tett som mogleg opptil sanninga, og det har han klart. Han har òg gjort det med eit imponerande tolmod og ei stødig og alltid medviten hand. I tillegg har han òg klart å overtyde i alle fall meg om at ein slik biografi er noko vi treng. Difor kan ein berre gratulere Larsen med eit imponerande og vel gjennomført arbeid og alle hamsunelskarar med at det no finst ein definitiv og sjeldsynt grundig biografi over den unge Hamsun!

Jørgen Alnæs

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |