Dag og Tid nr. 6, laurdag 15. februar 2003
Språkteknologi:
Språkbobla som sprakk
VOSS: Sigarføringa var høg då belgiarane landa med helikopter på plenen utanfor Fleischers Hotel. Kom dei høge herrane med rutefly til Bergen, brydde dei seg ikkje alltid om å ta toget. Somme tider tok dei drosje dei femten mila frå Flesland til Voss. Dei budde godt på hotell, og dei slurpa i seg av den dyraste vinen. I dag omtalar vossingar dette som Aker Brygge-kulturen, og dei gjer det med forakt i røysta.
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no
Dette er den sørgjelege soga om eit varsla eventyr. Det er soga om den blinde Oskeladden som såg slottet glitra og blenkja i skogkanten oppe på Tvildemoen, men aller mest handlar det om å blåsa opp ein visjon til han sprekk.
På Voss skulle Nordisk Språkteknologi (NST) verta det store teknologi-eventyret. Vossingane snakka lenge og varmt om dei tusen arbeidsplassane som skulle skapast, og dei forførte både seg sjølve og andre. Både stat og kommune løyvde millionsummar. Mange vossingar investerte sparepengane sine i prosjektet. I dag må dei sjå langt etter tusenlappane. På relativt kort tid svidde det nye selskapet av 200 millionar kroner på eventyret, utan å skaffa seg særleg med inntekter. Blant dei som har sopt til seg av millionane er representantar for Aker Brygge-kulturen.
Mest kjend er Ole Lund, som var styreleiar både for Statoil og Nordisk Språkteknologi. Han er høgsterettsadvokat i advokatfirmaet BA-HR på Aker Brygge, og i Aftenposten omtalt som ein edderkopp i norsk næringsliv.
Aker Brygge-kulturen kom som eit sjokk på oss, seier fleire vossingar i dag.
Det aller verste var når ein byrja å snakka om sømd og moral med advokatane frå Aker Brygge. Det var heilt irrelevant for dei. Money is life, sa avdelingsdirektør Atle Søvik i SND Invest. På det punktet svikta kommunikasjonen med lokalsamfunnet, og me enda med ein kraftig kulturkollisjon. Det verkar som om BA-HR-advokatane meiner at dei var verde løner i millionklassen, men det er dei slett ikkje, seier Arnfinn Gjerdåker, tidlegare styreleiar i det lokale investeringsselskapet Vossamål Invest A/S. I dag finst det fleire vossingar som angrar på at dei ikkje var langt meir kritiske til det språkteknologiske eventyret.
Nedgangstider
Det store datadraumen byrja midt på 90-talet i nedgangstider for innlandskommunen. Voss hadde mista arbeidsplassar både i Forsvaret, NSB og Televerket. Slakteria vart avvikla, og Hordaland Mekaniske Verkstad hadde trappa ned. I fleire år hadde vossingane vore på jakt etter eit nytt satsingsområde, og planane om ei stor språkteknologiverksemd kom svært lagleg. Forsvaret hadde nett frigjeve Tvildemoen, og mange meinte at det måtte vera ein ideell stad for ei stor dataverksemd.
På vesle julaftan i 1997 kunne Hordaland, som er lokalavisa på Voss, fortelja at ei stor dataverksemd skulle etablera seg i bygda. Gründerane ville førebels ikkje stå fram, men selskapet kalla seg GRI Nordisk Språkteknologi A/S.
I dag ler den eine av gründerane, vossingen Arne Gilbakken, godt når eg spør kva GRI stod for. Dei fleste kjenner til Aker RGI, og alle har høyrt om Røkke, Gjelsten og «i». Bak det nye vossa-selskapet stod Gilbakken og Relling, og dei skulle slå seg opp og fram og verta internasjonale.
Stadig fleire vossingar såg for seg at Nordisk Språkteknologi skulle verta eit lokomotiv i ei stor datasatsing. Difor investerte dei både privatpersonar og kommunen. På slutten av 90-talet var det oppgang på den norske aksjemarknaden. IT-næringa var framtida, og mange beit på. I alt investerte vossingane 54 millionar kroner i NST, har Bergens Tidende fortalt.
Møtet i Fraktgodsen
På Voss kjem det lenge til å gå gjetord om informasjonsmøtet som Rotary og Lions skipa til i kulturhuset Fraktgodsen like ved jernbanestasjonen den 7. april 1999. Der møtte dei to gründerane bygdefolket og kommunen.
Snart kan du snakka til veggen, og veggen snakkar til deg, sa den optimistiske gründeren frå Vossestrand. Entusiastisk fortalde Arne Gilbakken om dei store planane, og lokalavisa omtalte det heile som eit «språkteknologisk vekkingsmøte». Det var stappande fullt på Fraktgodsen. I all hast måtte det hentast inn fleire stolar, og det var truleg mellom 250 og 300 menneske i salen.
Halleluja-stemninga stod nærast i taket, fortel folk i dag.
Stemninga på scene og i sal minna etter kvart mest om eit møte i Sarons dal. Skeptikarar på rad og rekkje vart omvende, fortalde Hordaland.
Og der fekk dei frammøtte høyra om framtida og framtidsprodukta. Ved hjelp av språkteknologien kunne ein verta i stand til å setja om dokument frå eit utal språk, eller ein skulle verta i stand til snakka både med russarar og kinesarar utan å kunna eit ord av språket. Dei to gründerane la fram ei lang liste over ulike bruksområde for språkteknologien.
Det er berre fantasien og marknaden som avgjer, sa dei.
Optimismen greip om seg, og stadig fleire vossingar fekk tru på at går ikkje dette, så går ingenting.
Allereie på det store vekkingsmøtet vart det snakka høgt og tydeleg om å skapa tusen nye arbeidsplassar i bygda, men det var ikkje alle som trudde på slike tal.
Dei store tala vart brukte for å få ut statlege midlar. Me håpte og trudde på 200-300 arbeidsplassar, seier ein av dei som var til stades på møtet. Han har heile tida trudd på språkteknologiprosjektet, men trua på gjennomføringa har ikkje vore like stor.
Ringverknader
Men dei to gründerane, Arne Gilbakken og Rune Relling, rekna med fleire titals millionar i skatteinntekter frå NST. Og dei meinte at den sterke tilflyttinga til Voss, skulle gjera det naudsynt med husbygging for 100 millionar kroner, pluss utbygging av skule og barnehage.
Midt oppi det store vekkingsmøtet gjekk ein innflyttar på scena og tok til orde for ei fadderordning. Han meinte at private og verksemder måtte stilla opp for å ta seg av alle tilflyttarane på best måte. Ikkje mindre enn tretti skreiv seg på lista ved utgangen. Ein annan av dei frammøtte gjorde framlegg om ei velkomstpakke, og den gjekk ut på at lokale verksemder skulle nytta ein prosent eller to av dei forventa inntektene til å sponsa dei som ville flytta til Voss med alt frå restaurantmiddagar til heiskort og gratis straum.
Det kan vera eit teknologi-eventyr me i desse dagar ser starten på. Summane er astronomiske, ikkje minst når ein veit at dette berre er starten på ei utvikling som vil vara ved i fleire tiår framover, avslutta Hordaland i slutten på vekkingsreportasjen.
Litt seinare ut på våren feira dei 29 tilsette i Norsk Språkteknologi med champagne at den naudsynte kapitalen var i boks. NST skulle satsa på den nordiske marknaden, og 15 svenskar og 15 danskar skulle tilsetjast.
Stronde Vilt
I dag kan ein klø seg i hovudet og
spørja om kva som skjedde. Kva gjorde det mogeleg å piska opp ei halleluja-stemning kring eit dataselskap?
Spør ein vossingane om det, vrir dei på seg, før dei trekkjer fram gründeren Arne Gilbakken.
Han var ein truverdig person som hadde evna til å fengja folk, seier dei. Dessutan hadde gründerane fått kontakt med det store belgiske selskapet Lernout & Hauspie, og det auka trua på prosjektet. Gründerane kunne skryta av å ha fått ein avtale som sa at dei skulle stå for den nordiske utviklinga av språkteknologien.
Feberen greip først om seg på Stronde eller på Vossestrand i heimbygda til Arne Gilbakken. Der kom folk saman og skipa det lokale investeringsselskapet Stronde Vilt A/S, der Vilt ikkje står for vilt, men for Voss Information Language Technology.
Me engasjerte oss for å støtta planane til Arne Gilbakken. Me trudde på prosjektet, men me var klare over risikoen. Me fekk 78 aksjonærar i Stronde Vilt, og dei skaut inn 4,5 millionar kroner. Det er 57.000 kroner i gjennomsnitt, fortel Kolbein Ure som er onkelen til Arne Gilbakken.
Han driv rekneskapsfirmaet Vossestrand Reknskapslag på Vossestrand og fortel at det var lett å få bygdefolket med. Mange syntest det var moro å få til ein ny giv som kunne gje arbeidsplassar i bygda.
Vart aksjonærane arge då pengane gjekk tapt?
Nei, det trur eg ikkje. Du kan no spørja ho som sit bak deg; ho investerte 50.000 kroner, seier Kolbein Ure.
Og kvinna på kontorpulten bak meg er i alle fall like blid. Ho forsikrar at alle visste at dei investerte i eit risikoprosjekt.
Me hadde råd til å tapa, og difor går det greitt, seier ho med eit smil.
Det er verst for dei som satsa sitt gode namn og rykte. Arne Gilbakken er nok mest skuffa. Han har ikkje hatt det godt etterpå, seier Ure.
Han trur ikkje viljen i bygdefolket til å satsa har vorte mindre om det skulle dukka opp eit godt prosjekt i framtida.
Rekneskapssjefen understrekar at på Vossestrand har folk vore vane med å setja tæring etter næring, men det var ikkje lett å sikra seg kontroll med store aksjonærar som Telenor Venture og SND Invest.
Og så viste det seg at NST ikkje skulle greia å avgrensa pengebruken, seier Kolbein Ure.
Vart de overkøyrde av dei store aksjeeigarane?
Dei såg bort frå dei spede meiningane våre. NST burde nok heller ha satsa på å utvikla seg litt saktare, men i dataverda må ein tydelegvis agera raskt.
Vossamål
Etter møtet i Fraktgodsen på Vossevangen var det ikkje så vanskeleg å finna lokale investorar. Allereie dagen etter melde mange investeringskåte vossingar seg. Vossamål Invest A/S vart løysinga for dei. For å vera med i dette lokale investeringsselskapet måtte ein skyta inn minst 5000 kroner. Selskapet skulle skipast berre nokre få dagar seinare, og hast-verket var stort. Vossamål kunne raskt skryta av å ha 218 aksjonærar med partar frå 5000 og opp til 100.000 kroner. Dei teikna aksjar for nærare seks millionar kroner.
I tillegg gjekk åtte-ti interessentar inn med minimumskapitalen som var på 400.000 kroner, og både Voss Sparebank og Voss Veksel- og Landmannsbank investerte. Det same gjorde kommunen. Norsk Språkteknologi fekk inn 112 millionar i kapital. Telenor Venture, SND Invest og Lernout & Hauspie var like store, og vona var at selskapet skulle verta børsnotert.
Det var ikkje småtteri, seier vossingane i dag.
Heile tida var me klare over at dette var risikokapital, men det vart sett på som ein lokal dugnad. Så lenge innsatsen vår kunne føra til at andre store aktørar utanfrå gjekk inn med mykje pengar, var me viljuge til å yta ein innsats. Me hadde ikkje von om å få noka avkastning, men me trudde at me skulle få pengane tilbake, seier styreleiaren i Vossamål.
Grunnsteinen
Det mangla ikkje på visjonane på Voss ved tusenårsskiftet. I tilknyting til NST vart det lansert planar om eit innovasjonsfirma med namnet Sail Port Northern Europe, der SAIL stod for Speech, Artificial Intelligence and Language Technology. Bak Sail Trust stod blant andre belgiaren Jo Lernout, og lokalavisa kunne fortelja vossingane at L&H Speech Technology hadde 1900 tilsette og 45 kontor spreidde kringom i heile verda.
I slutten av april i 2000 kom næringsminister Grete Knudsen, Ap, til Voss. Ho hadde fått i oppgåve å leggja ned grunnsteinen til det nye næringsbygget som var planlagt på Tvildemoen. Bygningen var kostnadsrekna til nesten hundre millionar kroner. Saman med Vossa-ordføraren og belgiaren Jo Lernout avduka Grete Knudsen eit skilt som viser kva som skulle koma på Tvildemoen.
Eg trur det er mogeleg å lukkast med dette her på Voss, men det krev hardt arbeid. I løpet av tre år reknar ein med 600 arbeidsplassar og 1000 i løpet av fem år. 50 verksemder vil etablera seg med basis i SAIL-teknologien, sa næringsministeren før ho greip til spaden.
Heile den store næringsbygningen skulle stå klar i mai 2001, men i dag er det berre skiltet som står der aleine i snøen og fortel sitt om den store visjonen.
Det siste året har Grete Knudsen vore styremedlem i NST, og ho er blant dei som framleis har store voner til verksemda.
Eg arbeidde med funksjonshemma i 1970-åra og såg tidleg dei sjansane som låg i språkteknologien, seier Knudsen. Saman med fleire andre framhevar ho at endeleg har selskapet fått ei leiing som har peiling på marknadsføring.
Det var ikkje like høgt prioritert tidlegare. Då var ein meir oppteken av å utvikla produkta og å byggja opp databasen, seier ho. Heldigvis førte rettssakene til at NST fekk eigedomsretten til språkbasen.
I dag heldt både NST og SAIL Port Northern Europe til i ein brakkebygning på Tvildemoen. SAIL Porten har tre tilsette, og oppgåva er å hjelpa folk i gang med nye bedrifter.
I dag er ti bedrifter med til saman 22 personar knytte til SAIL Porten. Det har trass alt vorte nærare femti arbeidsplassar i kjølvatnet av den store datateknologisatsinga, seier dagleg leiar Per Berge.
Grådige folk
Glansperioden var kort for Norsk Språkteknologi, men då alt var på topp, var aksjekursen på 640 kroner. Sidan har det gått nedover, og etter den siste emisjonen var han nede i kroner 2,30. Trua på eventyret er borte, og i romjula 2002 avvikla Arnfinn Gjerdåker det lokale investeringsselskapet Vossamål Invest. Pengane var tapte, og berre ein person møtte opp på avviklingsmøtet.
Me let oss lura av grådige folk, seier Gjerdåker i dag.
I den samanhengen tenkjer eg først og fremst på administrerande direktør som tok mot ei grådig løn utan å levera det han skulle, men også på styret og ikkje minst på styreleiar Ole Lund. Totalt har advokatfirmaet BA-HR fakturert rekningar på minst 12 millionar kroner. Det vert hevda at det dyre advokatfirmaet vart brukt i den daglege drifta, samstundes som ein hadde gåande folk på Voss med millionløn, seier han.
Og viser til at dei lokale investorane var sterkt kritiske, men då dei ville trykkja inn bremsene, var dei for seint ute.
I dag angrar dei på at dei ikkje greip inn og fekk til ei omstrukturering då Lernout & Hauspie gjekk konkurs. For den kapitalen som framleis stod att den gongen, kunne ein ha drive i mange år, seier Gjerdåker.
Styreleiar Ole Lund har måtta tola sterk kritikk frå generalforsamlinga, men den profesjonelle advokaten greidde å døyva uroa. Mindretalsaksjonærane vart sitjande med skjegget i postkassa.
Innovative Voss
For Voss kommune har språkteknologien slett ikkje berre vore ei velsigning, og det var kanskje ikkje så rart at ordførar Bjørn Christensen ein oktoberdag i 2001 stod fram og sa at han var forbanna. Det var etter at Ole Lund hadde fortalt at det var slutt for NST på Voss, og at dei tilsette i bygda skulle flyttast til København eller Bergen. NST hadde satsa ein god del på å etablera eit København-kontor, men nedleggingsplanane på Voss vart etter kvart trekte tilbake.
Voss kommune har investert over to millionar kroner både på NST og på SAIL Porten, opplyser rådmann Einar Hauge.
Har NST-etableringa vore negativ for kommunen, Hauge?
Slett ikkje. Dei fleste kjenner oss, og dei forbind oss med noko innovativt, seier rådmannen.
Eitt av argumenta for å selja aldersheimen midt i Voss sentrum var at han skulle verta kvalitetsbudstader for dei mange tilflyttarane. I dag leiger kommunen deler av den oppussa eigedommen tilbake. Det høyrer med til soga at tilsette i NST etablerte ein kafé i bygningen, og at han fekk namnet Ivar @asen. Kafeen skulle vera samlingsplass for alle som kom flyttande til Voss, men det var ikkje så mange. I dag er det kinarestaurant i den tidlegare aldersheimen blant anna.
På Tvildemoen skulle det satsast stort både på næringsbygning, bustader og ei hypermoderne bibliotekavdeling for språkteknologimiljøet. Det vart også gjort ein avtale om ei framtidig leige av Tvildemoen for 1,4 millionar kroner i året.
Dessutan fekk kommunen lov til å oppnemna ein styremedlem i NST, men då denne personen kom inn i styret, tok han på seg arbeidsoppgåver for selskapet. Det vart gjort vedtak om at han fekk lov til å fakturera for 150.000 kroner i månaden, og det gjorde han i minst eit par månader.
Sponheim-millionar
Det er mange som har tapt store pengar på NST. Ved sida av belgiske Lernout & Hauspie var Telenor Venture og SND Invest dei største investorane, men også Vital og Four Seasons Invest investerte tungt. Næringsminister Lars Sponheim frå Ulvik, med vossingen Jon Lilletun i kulissane, sytte for ei løyving på 25 millionar kroner. SND Invest gjekk inn med over 50 millionar til saman.
I dag vedgår avdelingsdirektør Atle H. Søvik i SND Invest at han ikkje trudde at det skulle verta tusen arbeidsplassar.
Det var nok uttrykk for ei stemningsbølgje, men det kunne ha vore mogeleg om alt hadde gått vår veg, og marknaden hadde utvikla seg slik ein trudde han skulle gjera. I staden fekk me det meste rett i andletet. Det er lite att av dei opphavlege planane, men NST både var og er det desidert største språkteknologiselskapet i Norden.
Var satsinga overoptimistisk?
Nei, viss L&H hadde vore eit skikkeleg selskap, og marknaden ikkje hadde svikta, hadde me vore i ein heilt annan situasjon i dag. Me tvilte på at folk var viljuge til å flytta frå Danmark og Sverige til Voss for å utvikla nordiske løysingar, men det var dei.
Gründeren
Ein iskald dag i det nye året 2003 møter eg den eine av dei som sette det heile i gang. Gründeren Arne Gilbakken er heimom i Holbygdi ein fjellgard høgt oppe i lia med fantastisk utsikt over den snøkvite dalen. Det knirkar kaldt under skorne, og termometeret viser minus 23 grader. Her er gründeren på lutefiskmiddag hjå foreldra med amerikanske svigerforeldra på vitjing. Midt oppi dette tek Arne Gilbakken seg tid til å snakka om det som skjedde. Han dreg litt syrleg på smilet når eg brukar ordet «eventyret», men i lokalavisa er ordet ein gjengangar.
Det byrja den gongen då Arne Gilbakken var førstekonsulent i Næringsdepartementet med ansvar for IT og telekommunikasjon.
Heile ideen om å utvikla språkteknologien voks fram gjennom behov eg hadde som blind. I fleire år budde eg i USA, og der kom eg i kontakt med språkteknologi som var både spennande og praktisk for meg. Eg tenkte at det hadde vore flott om ein kunne gjort det lettare for blinde og handikappa her til lands.
Det skulle gå fem-seks år frå Arne Gilbakken byrja å tumla med ideane til å han prøvde seg som gründer. Han har solid utdanning, og den lange utdanningsvegen fortel om tonnevis med pågangsmot. Gilbakken mista synet i ei sprengstoffulukke for meir enn 20 år sidan, og den blinde vossingen valde først å verta bilmekanikar. Men han tok artium og studerte matematikk og informatikk ved Universitetet i Oslo. Sidan reiste han til USA, blant anna for å studera ved St. Olaf College og ved Princeton University. I 1992 kom han heim til eit tre månaders engasjement i Utanriksdepartementet. Året etter vende Gilbakken heim til Noreg for godt, og han fekk seg jobb i Nærings- og energidepartementet. Der vart han verande i fire år. På den tida representerte han Noreg på IT-sida både på OECD-møte og i EFTA-forhandlingar med EU.
Ideen til Nordisk Språkteknologi fekk han i januar 1996.
Til Hordaland har han fortalt korleis ideen fekk eit framskuv. På ein togtur mellom Voss og Oslo måtte Arne Gilbakken tola ein småsur medpassasjer. Rune Relling hadde hatt problem med å koma med toget, men til slutt hamna han i sovekupe med ein blind mann med førarhund. Der vart dei spede språkteknologi-planane fødde, men planane om Nordisk Språkteknologi voks seg fort langt større enn det Arne Gilbakken hadde planar om.
Tanken var å byrja med 15 tilsette og byggja ut etter kvart, men me hadde ambisjonar om å verta dei største i språkteknologi i Norden. Potensialet var enormt om ein fekk teknologien og produkta på plass, seier Gilbakken.
Napp i Belgia
Etter å undersøkt kven som kunne verta aktuelle samarbeidspartnarar, sende gründerane eit brev til fleire av dei. Blant desse var også det belgiske selskapet Lernout & Hauspie, og gründerane fekk raskt og positivt svar frå Belgia.
Lernout & Hauspie hadde ein forretningsstrategi som fascinerte meg. Dei var eit stort børsnotert selskap med 700 tilsette då me kom i kontakt med dei sommaren 1997. Dei hadde planar om å laga språkteknologi på mange språk. Dei var kjende, og Microsoft hadde inngått partnarskap med dei.
Avtalen med L&H var som å skyta gullfuglen?
Ja, alt såg svært positivt ut. Dei sat på svært aktuell teknologi, og dei var viljuge til å investera 25 millionar kroner i selskapet vårt. Dei viste at dei hadde vilje til å få Nordisk Språkteknologi på beina og utvikla teknologien. Sidan kan ein sjølvsagt spørja om føremålet var å få fram teknologien og dumpa NST etterpå. Det er det vanskeleg å seia noko sikkert om. Då me gjekk inn i eit samarbeid, var dei ein teknologileverandør, men så byrja dei sjølve å levera ferdige produkt. Dermed møtte dei sine eigne kundar i døra. Dei gjekk konkurs, før me kom særleg langt.
Ei stor suppe
Avdelingsdirektør Søvik i SND kan skryta av kor godt det gjekk for NST det første året.
Miljøet på Voss viste seg å verta svært kompetent, og fleire av produkta til NST var overmåte bra. I mars 2000 var me ferdige med det tyngste teknologilyftet. Me hadde gjort ein betre jobb på Voss enn nokon av dei andre partnarane til det belgiske selskapet. Alle var svært godt nøgde, og på det meste hadde me hundre personar i arbeid med teknologiløysingane. Men ut på hausten i 2000 vart responsen frå belgiarane tregare, og me skjøna etter kvart at noko måtte vera feil. I mellomtida hadde L&H kjøpt opp dei to største konkurrentane i USA. Dei var i ferd med å verta ein verdsleiar på teknologifeltet. L&H var notert på Nasdaq-børsen, og der er «kravet» at selskapa må auka omsetjinga for kvart kvartal. For å nå desse måla hadde det belgiske selskapet byrja å sjonglera med rekneskapen, og det viste seg at selskapet ikkje var til å
berga. Det enda med personlege tragediar og svikefull oppførsel frå dei belgiske gründerane. Det vart diverre ei einaste stor suppe, fortel Søvik.
Kva tid dei første signala om krise kom, er litt usikkert, men allereie i slutten av oktober 2000 hevda Dagens Næringsliv at NST-kassa på 100 millionar kroner snart var tom. Det vart hevda at først ut i 2001 ville ein få inntekter av noko omfang, og bedrifta kjempa for å få inn meir pengar.
Wall Street Journal trykte fleire kritiske artiklar om Lernout & Hauspie teknologileverandøren, investoren og samarbeidspartnaren for NST. Og brått var ikkje belgiarane truverdige lenger. Frå vår til haust i 2000 raste aksjekursen med 90 prosent.
I byrjinga av november kom sjokkmeldinga om at både Jo Lernout og Pol Hauspie hadde trekt seg frå toppstillingane i det belgiske selskapet, og konkursen var like om hjørnet for L&H.
I desember 2000 kansellerte NST avtalane med dei tidlegare samarbeidspartnarane, men det gav ingen grunn til sorg på Voss. Styreleiar Lund snakka om eit søksmål på meir enn 200 millionar kroner mot belgiarane.
I denne bransjen er det ikkje rom for sentimentalitet, slo han fast.
Var belgiarane kjeltringar, Arne Gilbakken?
Det får du ikkje meg til å svara på. Eg veit ikkje meir enn det eg har lese i avisene. Eg har ikkje hatt nokon kontakt med Lernout & Hauspie på lenge.
BA-HR-forsvar
I gründerperioden såg det lyst ut for Arne Gilbakken, men idyllen varte ikkje lenge. I november 1999 vart Geir Arne Veglo (36) tilsett som administrerande direktør i NST. På Voss tok han over etter Gilbakken. Han skulle få stella med andre ting i NST, og i stadig mindre grad fekk han vera med der viktige vedtak vart gjorde.
Det enda med eit kulturkrasj i møtet med den såkalla Aker Brygge-kulturen?
I alle fall med eit krasj.
Stod den nye leiinga i NST for ein sløsekultur?
Eg synest det, seier Arne Gilbakken.Som administrerande direktør hadde han ei løn på mindre enn ein halv million kroner. Etterfølgjaren Geir Arne Veglo fekk 1,5 millionar kroner pluss bonus.
Direktøren burde ha sørgd for at bedrifta tente pengar, før han øydsla dei bort, seier fleire vossingar i dag.
Grete Knudsen har ikkje nokon kommentar til den påståtte sløsinga og Aker Brygge-kulturen, men ho seier:
Det gjekk med mykje pengar til rettssaka om språkdatabasen. Me vann saka, og det var heilt avgjerande for den vidare drifta av NST. Kunnskapen til advokatfirmaet BA-HR var svært viktig. Som næringsminister opplevde eg Ole Lund som ein sterkt personleg engasjert person. Han gjorde ein god innsats for å få storsamfunnet til å stilla opp for NST.
Representerte sjefsskiktet i NST ein sløsekultur, avdelingsdirektør Søvik i SND Invest?
Eg har levd nær innpå desse folka, men eg vil ikkje hevda det. Det har vore lett å fokusera på pengebruken hjå somme, ikkje minst på advokatfirmaet BA-HR, men NST har vore gjennom fleire tunge prosessar som me ikkje hadde greidd å koma gjennom aleine.
Nye partnarar
Etter at NST mista dem belgiske teknologipartnaren, måtte selskapet sjå seg om etter ein ny. Det enda med eit samarbeid med IBM.
Me måtte tilpassa produkta våre til IBM-teknologien, og det brukte me trekvart år på. På nytt leverte vossaselskapet svært gode resultat, og i fjor haust vart dei første produkta levert på IBM-plattforma, fortel Søvik.
Men NST hadde ikkje særleg med inntekter, og ein måtte sjå seg om etter nok ein partnar og fann til Bolar-gruppen, som dei fusjonerte med i fjor haust. Dei fire selskapa i denne gruppa har dei merkverdige namna Politihunden AS, Tjenestehundens Hverdag AS, Ungdomsmedia AS og Backoffice grong AS.
Fusjonen har vist seg å vera vellukka. Me har fått både kundar og produkt. Medan NST i realiteten stod i skifteretten for trekvart år sidan, greidde me å skapa ein ny basis for selskapet med denne snuoperasjonen, seier Søvik.
Trass i kriser, emisjonar og nedbemanningar har Nordisk Språkteknologi eksistert i meir enn fire år. Fleire gonger er det skote inn pengar for å hindra konkurs eller avvikling, men så langt har ikkje selskapet greidd å tena særleg med pengar. I 2001 var driftsinntektene berre på 4,2 millionar kroner, men Bergens Tidende fortel at same året utførte advokatfirmaet BA-HR, der Ole Lund er partnar, tenester for konsernet for 4,7 millionar kroner.
Då Geir Arne Veglo gjekk av som administrerande direktør, og Ole Brubakken etter kvart tok over, uttalte han til Hordaland at å marknadsføra Nordisk Språkteknologi etter dette, ville verta som å hoppa etter Eddie the Eagle.
På Voss meinte folk at den nye direktøren hadde sagt alt om den førre direktøren og innsatsen hans, men når Dag og Tid spør direktør Brubakken om forventningane til NST det komande året, har han ikkje noko klart svar på det, men seier kort:
Me har tru på at me skal få dette i land!
Viseadministrerande direktør Terje Kjenstad fortel at NST Holding har 35 tilsette.
Dessutan har me nett skipa Nordisk Callsenter, som også er ått av NST, og der er det 50 tilsette. På Voss har NST 23 eller 24 tilsette. I budsjettet for 2003 er det lagt opp til at NST ikkje skal tapa pengar, fortel Kjenstad.
Lokalavisa på Voss har heile tida skrive positivt om den store etableringa i kommunen, men det gjekk ikkje så lenge før «eventyr» vart bytt ut med «turbulens» i spaltene.
Like før jul kunne vossingane endeleg registrera eit stort lyspunkt. For første gong vart det registrert plusstal for Nordisk Språkteknologi: Eit overskot på nærare 1,8 millionar kroner i fjerde kvartal 2002. Hurra!
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|