Dag og Tid nr. 6, laurdag 15. februar 2003

Musikk:
Ramnen har pussa vengene

Lou Reed har bydd opp Edgar Allan Poe til ein medrivande dødsdans.
The Raven er ei meisterleg oppdatering av Poes fantasiar.

Lou Reed
The Raven
2CD, Warner Bros. Records 2003

Du treng ikkje lure på det. Lou Reed kjem frå New York, han er up front, omsynslaust ærleg og direkte. «These are the stories of Edgar Allan Poe – not exactly the boy next door!» Denne røysta og denne kroppen er speka. Reisa hans var ikkje heroisk. Lou Reed var ein vanleg gut som fekk nokre demonar å kjempe med. Han overlevde kampen, der mange av vennene bukka under. Rusen gav og rusen tok. Lou Reed fortalde om det han såg på vegen, usentimentalt, morbide og melankolske forteljingar om desse lagnadene. Ikkje utan humor, det sømmer seg ikkje for ein vaksen newyorkar, sjølv om tonen er mørk. Lyriske fornærmingar mot svikefulle venner dukkar ofte opp i tekstane hans. «You’re just dirt – that’s the only thing you’re worth – cheap, cheap uptown dirt...» Det er eit hav av skit i Lou Reed si verd, men han syng òg vakkert om døden og kjærleiken, og difor held eg av han.

Død og pine

Edgar Allan Poe var òg noko for seg sjølv. Ralph Waldo Emerson kalla han «ringlemannen,» og T. S. Eliot meinte at Poe intellektuelt var på høgd med «eit særs gåverikt ungt menneske før puberteten». Det er noko ufriviljug komisk over Poes stendige krinsing om det groteske, i ei alt for presis form som held fast tåkete syner av død og pine. Poe ville vere original, slåande i uttrykket. Han søkte å gjere inntrykk på lesaren, og var ikkje redd for å nytte klisjear, om dei gav den ønska effekten. Han har vore verdsett av unge, lett påverkelege lesarar i mange generasjonar (samt einskilde poetar med sans for det groteske, som Charles Baudelaire). Men effektmakeri imponerer sjeldan litteratane. Edgar Allan Poe har framleis ei særs usikker stilling i den litterære kanonen.

Vi kan leggje til sides dei gamle karakteristikkane. Emerson og Eliot har for lengst smuldra opp i gravene sine. Dei avviste Poe si umogne drift mot mugg og mørker, men gravrøysta hans fekk det siste ordet. «The Conqueror Worm» – meitemakken i den feite kyrkjegardsmolda – vann til sist over desse høgstemde åndene. Gudane veit om det er meir å seie om den saka.

Overstrøymande

Lou Reed er ikkje i tvil om Poes verde. Han skriv i innleggsbladet til cd-en: «Edgar Allan Poe er for visst klassikaren blant dei amerikanske diktarane – ein diktar som på merkeleg vis er meir i takt med tidas hjarteslag i det nye hundreåret enn han nokon gong var i si eiga levetid. Vi er omringa av tvangsførestellingar, forfølgingsvanvit og medvete sjølvdestruktive handlingar. Sjølv om vi aldrast høyrer vi skrika frå dei som framleis har ei mektig drift mot sorgsamt kaos. [...] Slik eg ser det, er Poe far til William Burroughs og Hubert Selby. Eg held fram med å føre blodet deira inn i songane mine, i æva.»

Det nye kan synest stygt og farleg, men òg gnistrande, fjetrande. Lou Reed finn plass til Edgar Allan Poe i det samtidige maskespelet, og sjå om han ikkje samstundes bles liv i det gamle diktarskinnet... The Raven er overstrøymande mangfaldig. Her er høyrespel med musikk og herlege røyster. Her er gamle og nye songar. Her er innskot av Reeds liner i Poes tekstar, til dømes i titteldiktet: «Sweaty arrogant dick-less liar who ascribed to nothing higher than a jab from prick to needle...» Spranget frå Poes klangfulle liner til Reeds rasande utbrot gjev ei vital nytolking av det vidgjetne diktet. Det rykkar til i staden for å dovne. Reed har gjeve Willem Defoe ein fornya tekst som skodespelaren les med styrke og overtyding.

Lou Reed har hatt god hjelp på sporet av kjenslene og sanninga i Poes dikting. Eg kan ikkje nemne alle aktørane i dette mangfaldige spelet, men nokre av dei må med: Laurie Anderson, Kate og Anna McGarrigle, Ornette Coleman, Five Blind Boys of Alabama og Antony løftar musikkinnslaga saman med Reeds faste band. Røystene til skodespelarane Elizabeth Ashley, Amanda Plummer, Steve Buscemi og Willem Dafoe gjev herleg liv til høyrespela og opplesingane. Elles herjar støymusikaren Lou Reed på fleire av spora, og støyter med det sikkert mange lydarar frå seg. Det er ein terskel her, men den som kjem over har ei rik verd framfor seg. Reed seier sjølv at cd-en er laga av kjærleik – til Poe og til vennene som har hjelpt han.

Odd Magnus Grimeland

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |