Dag og Tid nr. 6, laurdag 15. februar 2003

Leiar:
Kvar er Stoltenberg?

Verdssamfunnet opplever den største krisa sidan 1962. Vi står på randen av ein krig som kan få omfattande langsiktige konsekvensar. I over eit år har amerikanarane samla støtte til eit åtak på Irak. USAs vilje til krig har vore tydeleg lenge.

I denne situasjonen er Jens Stoltenberg knapt synleg. Statsministerkandidaten og partileiaren har på nyåret uttala seg meir om straumprisane enn krigsoppbygginga i Midtausten. På fylkesårsmøtet til Troms Arbeidarparti nyleg hadde han sjansen til å få fram eit lengre resonnement om sitt eige syn på saka. Men Stoltenberg brukte det meste av talen sin til å skryta av Arbeidarpartiet sin innanrikspolitikk og kritisera regjeringa. Først på slutten, i korte vendingar, kom han innom krigstrusselen. Det er i så måte langt frå Joscka Fischer til Stoltenberg – eller til Nelson Mandela sin kritikk av Bush.

Stoltenberg tek mål av seg å verta statsminister på nytt. Då må ein forventa at han med kraft og tyngde tek del i debatten om krigsoppbygginga. Vi må forventa at han har markerte, sjølvstendige synspunkt og ikkje berre gjev ei generell støtte til regjeringa sin politikk – for deretter å overlata ordskiftet til Arbeidarpartiets utanrikspolitiske talsmann.

Stoltenberg har så langt ikkje stadfesta sin posisjon som ein naturleg leiar av nasjonen. I denne svært alvorlege situasjonen vi står overfor, har Stoltenberg avslørt ein avgrensa politisk horisont. Ei forklåring kan vera at Jens Stoltenberg og Torbjørn Jagland har avtala ei rolledeling seg i mellom. I så tilfelle må delinga avviklast. Vi kan ikkje ha ein statsministerkandidat som ikkje med full kraft tek del i lagnadstunge avgjerder.

Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |