Dag og Tid nr. 6, laurdag 15. februar 2003

Klok på bok 602:
Kriminalgåte

«Etter reprisevarianten av Kbp i før-veka, trur eg at det er ei ny forfattarrøyst i spalta de vil fram til denne gongen. Marguerite Duras og ‘Demning mot Stillehavet’. ‘Det er i alt vesentlig kvinnens privatsfære som beskrives’, i romanen hennar, står det i Store Norske
», skriv ho Elen Maria Todal i Hellandsjøen.

«Før eg sende svar på kbp 598, skaffa eg meg boka ‘Ethan Frome’ og las ho. Også denne gongen måtte eg på biblioteket og leite fram boka sitatet er henta frå: ‘Demning mot Stillehavet’ av Marguerite Duras. Eg skulle gjerne ha lesi heile romanen før eg sender svaret, men ser at eg ikkje rekk å bli ferdig med boka før innsendingsfristen. Det var lett å skjøna kven forfattaren er, etter dei opplysningane som vi fekk. På fransk kom boka alt i 1950, men kom ut på norsk først i 1999. ‘Moderato cantabile’ (1958) tok det òg ein del år før vi fekk i norsk språkdrakt, mens ‘Elskeren’ (L’Amant) alt kom i 1985, året etter originalen. For den fekk ho (70 år gammal) Goncourt-prisen. Også i Frankrike var det med denne boka at ho vart kjend for eit breiare publikum, truleg ikkje minst på grunn av filmversjonen. Elles er ‘Hiroshima, mon amour’ kjend i filmversjon. Marguerite Duras var forutan romansjangeren oppteken av teater og film. – Nei, no må eg setja meg til og lesa ferdig ‘Demning mot Stillehavet’, for på laurdag kjem det vel ei ny oppgåve, som kanskje krev at eg må gje meg i kast med atter ei (tjukk?) bok! Det skal noko til å følgje opp dei lesetipsa som kpb-oppgåvene nærast inviterer til!, skriv han Karl Johan Grønning på Rykkinn.

Ho Ingrid held framleis til i Lusterdalen av ein eller annan mystisk grunn: «Dette er i ellevte time, og uten hjelp frå ein kjempeflink bibliotekar her på Gaupne, hadde eg aldri funne fram til rett svar. Forfattaren de vil fram til, er Marguerite Duras (1914-1996) og boka har tittelen: ‘Demning mot Stillehavet’ som kom ut på norsk på 1980-90-talet. Duras er særleg kjend for romanen ‘Elskeren’ som var hennar gjennombrot, og som gav ho eit namn i Noreg. Diverre er ingen av bøkene inne, men me har sjekka innleiinga og ho stemmer! Det står i eit utskriv frå pc-en ‘Ubarmhjertig og sterk Duras’. Det er bokstaveleg talt ei forteljing om havet, døden og kjærleiken. Ei fattig og utslitt mor kjempar mot flaum frå Stillehavet for å overleve på ein liten jordlapp ute på det vietnamesiske bondelandet. Det er mykje om morskjærleik i romanen, las eg ein annan plass. Dette var spennande, og no er eg klar for å gå heim og spise kvelds», helsar ho Ingrid frå Lusterdalen og har til og med klart å skaffe Dag og Tid ein ny abonnent. Slett ikkje verst!

Han Olav Molven peikar på at vi tidlegare har gjeve oppgåver frå denne forfattaren. Eg resirkulerer forfattarar, men prøver å styre unna å gje den same oppgåva to gonger – i alle fall for nært i tid. Elles kan det sjølvsagt vere eit forsøk på å lure dykk, sjølv om det ikkje er så lett. Attende til han Olav: «Foreldra var lærarar i Vietnam (tidl. fr. Indokina). Faren døydde, mora sat att med fire ungar, og nytta sparepengane til å kjøpe jord som vart dekka av vatn mestedelen av året. Dette gir bakgrunnen for romanen, ‘barskt epos om morskjærlighet’ – slik Dale-Oskar siterer frå Gyldendal sin vaskesetel. Eg melder meg hermed attende frå Kina-ferd, forvitnelege dagar i Midtens Rike! Kjøpte med ein vakker sau til son min, gilde horn og fin ull, stødige bein. Dette til orientering for Barabass», helsar han Olav i Bergen.

Han Kaare Stegavik i Trondheim held fram som før, men med ny epostbunad: store, svarte bokstavar: «Født i Vietnam og særlig kjeinnt fer ei bok, da va det nesten fær lett, når det vist sæ at det ganske rekti va som æ tænkt med ein gong, det va verkelig hu Marguerite Donnadieu Duras som va deijnn ukjente vi skoijlla fijnn. Hu ha skrevve boka ‘Demning mot Stillehavet’, som kom ut i Paris på Gallimard i 1950. Hu Marguerite fløtta te Paris da hu va bærre 17 år å byijnnt å studdér på Sorbonne. Hu vaks opp i vietnamesisk miljø, å snakka flytende språke’, men da hu kom te Paris sa hu sjøl at hu fertrængt barndommen fuijllsteinndi, å hu syntes itj at hu ha nå hjemlainn, det va kolonialismen si skyld, så hu tok et kraftig oppgjør med deijnn, i deinn boka som e mest kjeinnt her i Norge, ‘Elskeren’, som kom ut i Paris i 1984 på Les Editions de Minuit. Begge Bøker’n har ferræsten det te felles at ein hovedperson e ein rik kineser som har en storveies bil, nemlig en Morris Léon-Bollée. Tilfeldig? Neppe! Det e vel myittji sjølbiografisk ut å går, e det å frøkt fer.

Han Jon Grepstad ute i verda ein stad får premie denne veka. Vilkåret er at han sender meg ei vanleg, gammaldags postadresse. Elles takk for alle svar!

Klok på bok 602

I The Round Pound i Kensington Gardens foregår en regatta for radiostyrte mini-seilbåter. Tåka som har ligget i parken har begynt å drive vekk. Sola bryter gjennom. Fuktigheten samler seg på de nakne greinene på parkens svarte trær. Men dette skiftet i været har ikke fått det til å blåse så mye som alle håper på. Det kommer noen blaff, svake krusninger på dammen, så dør vinden bort igjen.


Tittelen på denne romanen fekk meg til å tenkje på han Peder. Forfattaren er ein herre med bart som debuterte i 1975. I tillegg til skriveri har han vore til sjøs, bryggjearbeidar, forlagssjef og bladfyk.

Då ventar eg spent på svar til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 21. februar.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |