Dag og Tid nr. 6, laurdag 15. februar 2003

Herbjørn Sørebø:
Ei ny tid i Stortinget

Fleire og fleire blir fanga av dataspel. På tog, venterom og andre stader ser ein folk sitje med duppedingsar og trøyte tida med dataspel dei har lasta ned på nettet. Det er berre rimeleg at det finst datafreakar blant dei folkevalde også. Trond Helleland høyrer til dei. Så ville ulykka at han sette seg til med eit krigsspel på plassen sin i stortingssalen nett då dei folkevalde hadde ordskifte om krig i Irak. Der må vi seie at Trond Helleland var ekstremt uheppen med valet av dataspel, og ei ulykke kjem som vi veit, sjeldan åleine. Fjernsynet var der og gjorde opptak av den dataspelande representanten då han var oppteken med krigsspelet og etter alt å dømme ikkje høyrde det som vart sagt om spelet i Irak. Så måtte Trond Helleland til stortingspresident Jørgen Kosmo dagen etter og ta mot refs, og somme medrepresentantar var sjokkerte. Du verda for eit hykleri – ja, ikkje noko mindre.

Under stortingsmøta har representantane gjennom åra sysla med så mangt når dei har funne stunder til å vere der. På plassen sin har dei skrive brev, julekort og manuskript til talar dei skulle halde heilt andre stader. Somme har lurt seg til å høyre på lommeradio når det har vorte sendt frå spennande idrettstevlingar. Dei har lese aviser, bøker og blad, og dei har teke seg ein liten lur når dei tykte det vart for keisamt å høyre på ordkvernarane. Det har hendt at ein representant har fått ein dytt av medrepresentanten ved sida for å vakne til å ta ordet i samsvar med talarlista, litt pinleg, sjølvsagt, men menneskeleg, og ingen har fått refs for det. Stortingspresident C.J. Hambro sat på presidentplassen og omsette franske bøker. Mannen bak Elverumsfullmakta var støtt i pengeknipe og måtte nytte tida.

Ei lita smilesoge kan vi vel tillate oss. Ein sein kveld sat det berre to representantar i salen og høyrde på han som stod på talarstolen. Ordskiftet var keisamt, for alle kjende alle synspunkt frå før. På galleriet sat det ei kvinne. Då gjekk den eine representanten i salen bort til den andre og sa at denne kvinna på galleriet måtte vel vere «en av gatens løse fugler», som han uttrykte det. – Å nei, sukka den andre, det er det nok ikkje. Det er kona mi, det. Han var ille plaga med at kona hans mistrudde han for å halde til hos ei anna kvinne. Dette snakket om så urimeleg lange kveldsmøte trudde ho ikkje på.

Etter denne omvegen for moro skuld skal vi tilbake til Trond Helleland. Han vart – diverre for han – den første som vart avslørt med eit dataspel i stortingssalen, og ironisk nok var det med ein annan elektronikk han vart hekta. Dataspel høyrer til den nye tida, og med den nye tida blir det nok etter kvart vanleg at representantar sit med ein duppedings på plassen sin, les e-post og skriv brev eller kva det nå kan vere. Det er ein sikker spådom. Og ein like sikker spådom er det at soga om Trond Helleland i framtida blir fortald med ein smil – tenk, det vart reagert med refs av stortingspresidenten då ein representant sysla med dataspel i stortingssalen. Somme kjem til å stille seg like vantru til det som når det blir fortalt at presidenten nekta ein representant ordet fordi mannen gjekk med ei gul skjorte. Dagsrevyar i 70 land skal ha vist den dataspelande Trond Helleland, men det viser berre dei vilkåra politiske journalistar lever under.

Tekniske nyvinningar har ikkje vorte tekne raskt i bruk i Stortinget. Ofte har det hatt med økonomi å gjere. Den første skrivemaskinen som var til utlån til representantane vart tjora fast med ei jernlenke og hengjelås til ein skranke i vandrehallen. Det var etter det soga seier ikkje så mange som nytta seg av den skrivemaskinen.


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |