Dag og Tid nr. 6, laurdag 15. februar 2003
Film:
Skakk gjøgling
Jonny Vang er ein ujamn film kor det ikkje er heilt godt å seie kva som er meint å vere dei berande elementa verken visuelt eller tematisk.
Jonny Vang
Regi: Jens Lien
Vår mann Jonny Vang ser ut som han er henta frå eit bryllaupsbilete frå syttitalet med høgt hårfeste, skjorter med mykje mønster, trong dress og spisse sko. Han er ein fyr sist i tjueåra som bur ilag med mor si på ein gard i Gudbrandsdalen, men vanleg gardsdrift lokkar ikkje, han tenker slå seg opp på meitemakkoppdrett.
Sex og spade
Filmen opnar med at vi får sjå Jonny ha sex med det vi seinare får vite er kona til bestekompisen, og ikkje lenge etterpå får han skallen slått inn av ein ukjend spade.
Dette er utgangspunktet for den første spelefilmen til Jens Lien, som før har laga fleire kortfilmar. Manuset er skrive av Ståle Stein Berg som høyrer til det første kullet frå manuslinja på Den norske filmskolen på Lillehammer. I hovudrolla finn vi den unge norske skodespelaren Aksel Hennie som for tida er aktuell i novellefilmen Anolit, og som også vil vere å sjå i filmane Ulvesommer og Buddy i løpet av året. Jonny Vang er ein del av den nye norske filmbølga på fleire vis; han kjem i filmåret 2003, eit år kor to gongar fleire norske filmar enn vanleg får premiere, han er laga av folk frå det filmmiljøet som utfordrar dei gamle kreftene i norsk film, og i filmen finn vi eitt nytt, og for tida høgt profilert ansikt.
Jonny Vang er på eine sida ei lett historie, mest ein slags variant av den kjende historia om å bli vaksen (ei såkalla coming of age-historie) som denne gongen dreiar rundt det ein i dag bruker å kalle ein seinåring, altså ein eigentleg vaksen person som lever som ein tenåring.
I slekt med ungkaren
Filmen viser fint at denne nye typen ung vaksen slektar på den gode gamle ungkaren. Men filmen har ambisjonar i fleire retningar på ein gong. Her er det så mange ballar i lufta at det blir ei noko skakk gjøgling ut av det. Her er trekantdrama, mannen i krise, bygdetulling-humor, absurditetar, svart komikk og det som skal vere lun, underfundig visdom på same tid. Her er meitemakk, manndom og ein grågrøn femtitalsbil. Det er ein ujamn film kor det ikkje er heilt godt å seie kva som er meint å vere dei berande elementa verken visuelt eller tematisk. Eit døme er Jonny og meitemakken. Han beundrar makken som han ikkje berre tenker han skal tene seg rik på, men som han tar på med varsame hender og talar om som eit makelaust vesen som ikkje plagar andre, nyt sex og blir til to i staden for å døy om han blir delt. På same tid er jo makken ikkje særleg tiltalande å sjå på for tilskodaren og han
ber med seg konnotasjonar om råte og øydelegging. Men makken i filmen kjem og går utan at han blir det han kunne vore, i staden for å bli eit samlande og berande bilete i filmen blir han krypande rundt i lause lufta. Noko av det motsette skjer med måten filmen behandlar maskulinitet på. Her blir det etter kvart ei overtydeleg samling under banneren om manglande manndom. Den tredje gjengangaren, den grågrøne bilen, er sjølvsagt ei doning ein kan ta seg ut av ei bygd med, som nokon kan øydeleggje og som ein viljesterk mann kan reparere, men det er òg ei helsing frå ein annan ny norsk film om bygda, Salmer fra kjøkkenet. Men dette er ein ganske annleis film, der Salmer fra kjøkkenet bygger opp eit lukka univers og blir ein fortetta liten pakke av ein film, er Jonny Vang open og søkande, som Jonny Vang sjølv.
Fine scener
Ikkje ulikt Jonny får filmen frå tid til annan ein spade i hovudet i form av noko som ikkje fungerer, medan han somme tider dansar, likt Jonny, med sine eigne merkelege trinn. Det er med andre ord ein helt annan type film, trass i den same «snodig type på landet»-tematikken. Av og til blir det fine scener av denne lause stilen, til dømes den vesle scena kor sonen til Jonny sin kompis Magnus (Fritjof Såheim) fleire gonger nektar faren å gi han ein klem for så å gå to steg bak han der dei blir fanga i ein slags dans som er både pantomime og realisme på same tid. Eller det fine spelet mellom Hennie og Såheim i scenene dei har samen. I Jonny sitt univers finst det fleire fine og morosame bi-figurar, finurlege kvardagsobservasjonar og synleg intertekst, men det blir aldri nokon skikkeleg vev av det likevel.
Indie-film
Som fleire norske filmar dei siste åra kan Jonny Vang minne om den typen ujamne og skranglande amerikanske indie-filmar som er fylt med ujamne og skranglande karakterar. Mongoland frå 2001 er eit anna døme på ein slik film frå Norge. Det at me har fått filmar som desse på den norske film-menyen, meiner nokon er eit teikn på at det å lage mange filmar har blitt ein større prioritet enn det å lage gode filmar. Det kan vere litt vanskeleg å forstå heilt kva for ein norsk gullalder ein meiner har forsvunne for å gjere plass for desse filmane. Då er det betre å glede seg over at me no har eit mangfold i norsk film om filmane er noko vindskeive til tider.
Vivill Oftedal Andersen
|