Dag og Tid nr. 6, laurdag 15. februar 2003
Bøker:
Skremmande
Eg tilrår forfattarskapen til Morten Clausen på det varmaste, skriv Oddmund Hagen.
Morten Claussen:
Badlands
Solum
Morten Claussen debuterte skjønnlitterært med romanen Heartland i 2001. Året etter er han tilbake med oppfølgjaren Badlands, og i begge bøkene krinsar handlinga rundt halvsyskena John og Fanny og naboguten Sam frå heimetraktene i Nord Dakota, men denne gongen er handlinga lagt til California og ørkenlandet i Nevada. Claussen serverer ein skremmande dystopi av delar av det amerikanske samfunnet i 1980-åra under Reagan, det såkalla Badlands.
Liv og draumar
Heartland fortalde historia om farmargrendene på slettelandet nær byen Minot i Nord Dakota. Fanny Burden, jenta på nabogarden, var den uoppnåelege draumen for Sam. Han vendte heim til eit bygdemiljø som for lengst var gått i hundane og overlate til forfall og tiltaksløyse og ein nådelaus natur med isande vinterstormar og brennande sommartørke og ein inderleg draum om å komme seg vekk til noko betre ein annan stad, i ein annan stat der det gjekk an å starte på nytt.
Fanny har reist til California. Halvbroren John lever som vagabond og trailersjåfør på
kryss og tvers over heile kontinentet, og Sam finst ein eller annan stad i periferien som ein slags beskyttar av Fanny når ho treng det som mest. Men det er Fanny og hennar liv og draumar det handlar om. Ho er ei falma skjønnheit på 45 med ein gutunge ho ikkje har sett på ti år. Ho er misbrukt og mishandla av mannfolk, fattig og forkommen, men ikkje bortkommen, for ho kan slå tilbake på ein måte som av og til trekker tanken mot dei gamle westernheltane eller mot dei meir moderne roadmovie-typane og særingar innanfor skitten-realismen, typar som rett og slett gir faen i lov og rett og samfunnsorden og moral og heile sulamitten, berre dei får tatt igjen for all uretten dei har lidd frå barndommen av, gjennom ungdommen, i arbeidslivet og over alt der dei finn folk å krangle eller slåst med, og aller helst begge delar på ein gong. Det er det Fanny gjer når ho drep kroverten ho jobbar hos og legg ut på ei
reise frå Stillehavs-kysten og innover i landet til Nevada og den totale periferien der apatien lyser i alt sitt mørke, og der hatet mot storsamfunnet og alt som er annleis slår ut i pervers rasisme og fattigdomsfascisme. Det er Badlands i alt sitt vesen.
Råare
Heartland bygde på kontrasten mellom draum og realitet og dei flytande overgangane mellom eit indre og eit ytre landskap, og denne forteljeteknikken ligg også til grunn for Badlands. Det er eit voldsom språkleg driv i framstillinga, råare og meir direkte enn i Heartland, og det lar seg forklare ved at denne gongen går Claussen heilt ned til botnen av samfunnet der harryfaktoren er høg, og der det folkelege og vulgære går hand i hand med ei boblande forteljeglede som slår ut i eit frodig språk, breiddfullt av bannskap og barokk humor. I tillegg benyttar Claussen seg av dei bølgande setningane som går over heile avsnitt som indre monolog og tankestraum, poetiske til tider, rytmiske som ein puls som slår gjennom teksten, og det gjenskaper denne særeigne lesaropplevinga som Heartland var i fjor og Badlands blir i år.
Lengt
Det er noko allegorisk over romanen, og ein ser fort at dei sentrale personane representerer meir enn seg sjølve. Dei blir berarar av historiske utviklingstrekk i det amerikanske samfunnet og står fram som nybyggar og cowboy, draumar og lykkejeger, aggressor og krigar, religiøs fundamentalist og rasist. Alle nyansar av amerikansk «way of life» er representert og stilt i eit grelt overlys der grunnleggande råskap og ekstrem individualisme er berebjelken.
Men det er også ein lengsel etter noko anna som kan vise veg ut av det trøsteslause og oppgitte, bort frå forsøplinga og den eksistensielle meiningsløysa og tilbake til noko grunnleggande som sjølvsagt ikkje lenger finst, anna enn som den store draumen om forandring. Fanny har ikkje gitt seg heilt over, enno ber ho med seg ein slags lengsel etter noko reint og vakkert, noko som enda ikkje er skitna til av vald og perversitetar, noko som kan likne på lykke, kanskje på sanning. Ho finn ei slags trøst og ein livsvisdom hos den intellektuelle pensjonisten McCarthy: «Mening derimot, er et ord jeg helst ikke bruker, min far ruget over det og det gikk til helvete og i dag ser jeg ingen dypere fornuft i mitt eget liv enn å få dagen til å gå fra morgen til kveld og nattens endelige komme, og i mellomtiden få startet bilen eller røyke en tre-
fire sigarer i fred og ro og slå av
en prat med Wesly og holde drittsekkene i området fra livet i siste rest av min avmålte tid og forhåpentlig bli tilgodesett med noen timers drømmeløs søvn nå og da.»
Og med dette lange sitatet, som er Samuel Beckett i essens, vil eg på det varmaste tilrå Morten Claussen sin forfattarskap.
Oddmund Hagen
|