Dag og Tid nr. 6, laurdag 15. februar 2003
På tomannshand:
Eg var vel ein leiartype
Sigurd Allern, nybakt professor i journalistikk, tek seg ikkje nær av å bli synkront hudfletta av heile Akersgata. Da sveid det langt meir å bli avsett som formann i AKP (m-l) på grunn av høgreavvik i 1975. AKP kunne like godt feira 30-årsjubileet sitt med å leggje ned partiet, meiner Allern. Men framleis kallar han seg revolusjonær.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Sigurd Allern sklir med lange steg inn i lokalet, mørkt, ulasteleg kledd. Han passar utmerkt inn i dei mondene omgjevnadene på bibliotekbaren til Bristol i Oslo. Professor Allern blir neppe fotfølgd av POT. Tidene endrar seg.
Tysdag 11. februar var det 30 år sidan Allern og resten av den indre krinsen grunnla partiet AKP (m-l), i Oslo-lokale leigde under dekknamn. Offisielt vart møtet først halde den 18. Det gjaldt å vere løyndomsfull i Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene). Ikkje heilt utan grunn. Allern har sett mappa si.
Ho er tjukk som ein doktorgrad. Eg fann mellom anna eit utmerkt, gammalt foredrag eg heldt om politisk overvaking i 1972. Skulle ønske dei hadde teke vare på alle foredraga mine, seie Allern.
Er det nokon grunn til å feire jubileet til AKP, synest du?
Eg synest RV kunne ha grunn til ei markering, sidan AKP også vart opphavet deira. RV er eit lite, men levande parti. AKP spelar inga rolle lenger, og det burde ein ha teke konsekvensen av. Men parti er merkelege organismar, dei har vanskeleg for å døy, seier Allern.
Svært mange meiner det hadde vore best om AKP hadde døydd alt i fødselen: Knapt noka politisk rørsle i norsk historie er meir utskjelt og latterleggjort: for despotdyrkinga si, dei totalitære trekka, kadervurderingane, kadaverdisiplinen, hemmeleghaldet, intrigane. I dag kan Sigurd Allern vere med på noko av kritikken, men langt frå alt.
Om AKP kan ein no påstå omtrent kva som helst, ingen treng dokumentere noko. Men ein forklarer ingenting ved å idioterklære rørsla; ikkje kvifor ho dukka opp, korleis ho kunne få oppslutnad, bli dominerande i studentmiljøa, og tilmed få gjennomslag på somme arbeidsplassar.
Ein lyt sjå på konteksten på slutten av 60-talet for å skjøne ml-rørsla, insisterer Allern. Ikkje minst den internasjonale. Kort oppsummert: kald krig, USA-imperialisme, Vietnam-krig, Sovjets innmarsj i Tsjekkoslovakia og Paris-opprøret i 1968. Den unge sosiologistudenten Allern var sjølv ein tur i Paris på sommaren det året, og slumpa til å bli banka opp under eit politiraid i Latinarkvarteret.
Eg kom heim med knuste briller, kul i hovudet og ei forsterka tru på statens klassekarakter, seier Allern tørt.
Så seint som i 1967 hadde han vore pasifist og blitt vald til leiar i Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF) som høgrefløya sin kandidat.
Radikaliseringa fann stad i heile Vesten. Men knapt nokon stad vart den maoistiske rørsla så sterk som i Noreg?
Nei, det er nokre særnorske faktorar her. Sosialistisk Folkeparti var seine til å ta opp i seg dei radikale straumdraga på slutten av 60-talet. Det fanst framleis ein lengt attende til Ap. I Midt-Austen-spørsmålet var partiet stadig prega av solidariteten med Israel. Og SF var veldig parlamentarisk retta, det var lite aktivisme. Vi oppfatta partiet som ein systemlojal opposisjon for kapitalismen.
I 1969 kom brotet: SUF med sympatisørar forlet Sosialistisk Folkeparti, og ml-rørsla var eit faktum.
Dei fleste av desse ungdommane var heilt uskolerte i marxistisk teori. Men det såg for oss ut som om Kina kunne vere ei tredje kraft internasjonalt, ei retning vi såg som anti-imperialistisk, i opposisjon til dei to supermaktene. Vi kjøpte ei ideologisk pakke.
Og ein del av pakka var Stalin og ikondyrkinga av dei fem store. Det var ei grunnleggande ureflektert haldning til dette, og det kan ein seie mykje kritisk om. AKP feilvurderte ei lang rekke historiske og ideologiske spørsmål. Kritikk vart sett til side for å halde oppe lojaliteten. Altfor lenge oversåg eller bagatelliserte vi omfanget av overgrep i Kina og frigjorde land i tredje verda. Lærdomen er: Ein må innsjå at dagens opprørarar kan bli nye herskarar som brukar tvang og undertrykking mot folket.
Og den rørsla som starta som eit opprør mot autoritetar, vart sjølv uhyre autoritær.
Ja, det er kanskje eit paradoks. Men vi var leie av pratesosialismen, der folk var tilfredse med berre å meine og sjå på tv mellom valkampanjane. Og eit revolusjonært parti kjem ingen veg utan ei velorganisert rørsle, seier Allern.
Det gav òg ein del resultat. Vi fekk i gang eit forlag, og bygde opp Klassekampen, først som månadsavis, til slutt som dagsavis. Det ville vore umogleg utan knallhard disiplin og organisering. Å samle inn millionar til avisdrift og streikeverksemd klarer du ikkje ved å setje inn ein annonse med eit kontonummer i avisa.
I 1975 tok Pål Steigan over som formann i AKP, offisielt fordi han hadde eit høgare politisk nivå enn deg?
Allern ler, men vedgår at avsetjinga svei.
Det er klart det gjorde det. Leiarskiftet var ein del av det såkalla oppgjeret med høgreavvik i partiet, i røynda ei albanskinspirert dreiing til ultravenstre. Eg vart mellom anna oppfatta som for forsonleg i forhold til SV.
Du var ikkje så forsonleg heller?
Nei, eg var sekterisk, men altså ikkje i tilstrekkeleg grad. Men eg svelgde i meg detroniseringa, og fekk i staden hovudansvar for arbeidet med fagrørsle, streikestøtte og innvandrarspørsmål.
AKP sin sekterisme og det hatske forholdet til resten av venstresida er noko av det Allern er minst nøgd med i ettertid.
Det skapte mykje vondt blod. Og analysen vår av SV frå 1975 av var fullstendig forfeila, ingen tvil om det. Det var òg heilt øydeleggande for AKP sjølv: I staden for å byggje alliansar, støytte ein folk frå seg.
Men her kan Allern røpe ei nyheit, som truleg har interesse for historikarar. Frå EF-striden tidleg på 70-talet fortel soga om ein totalt uforsonleg tone mellom Folkebevegelsen og ml-arane i AKMED, Arbeiderkomiteen mot EEC og dyrtid. Men det stemmer ikkje heilt, fortel Allern, som var leiar for anti-EEC-arbeidet i ml-rørsla frå 1971. Da vart han kontakta av Ap-mannen Ragnar Kalheim i Folkerørsla.
Han tok kontakt for å prøve å dempe motsetnadene og få oss til å trekke i same retning. Vi hadde fleire møte med han og andre frå det faglege utvalet i Folkebevegelsen for å diskutere policy og taktikk. Eg oppfatta det som vakse gjort, for ml-arane hadde vore i alvorleg konflikt med Kalheim. Men vi fekk til ein dialog og eit samarbeid. Det var svært viktig at det ikkje vart kjent. For Aftenposten hadde det vore gefundenes fressen å avsløre at Kalheim var i møte hos meg på Grünerløkka.
Noka total sjølvpisking for ml-fortida si vil ikkje Allern vere med på. Det er òg ting han er stolt over.
Vi dreiv mange slag viktig solidaritetsarbeid med opposisjonen i Tsjekkoslovakia, med Aust-Timor. Ml-rørsla var med på å bryte hegemoniet til Ap-toppane i fagrørsla, noko eg meiner var naudsynt. Og sjølv om Ottar Brox elskar å skjelle ut AKP, stod vi konsekvent for einskap mellom by og land, seier Allern.
Framleis er namnet Sigurd Allern uløyseleg knytt til Klassekampen. Han var først redaktør for månadsavisa kring 1970, og kom att for å berge dagsavisa i 1979. Etter kvart vart han mindre politikar og meir avismann.
Å drive dagsavis styrt av partidirektiv, som ein prøvde i 1977-78, var ein fullstendig fiasko. Redaksjonen fekk innført redaktørplakaten, og avisa vart gradvis profesjonalisert og oppfatta som politisk og journalistisk interessant av fleire.
Bit for bit fjerna Allern Klassekampen frå grepet til AKP, og i 1991 slutta KK å vere partiorgan. Samstundes vart Allern lenge opplevd som partiets fremste mann i avisa.
Sjølv oppfatta eg meg vel mest som min eigen mann. Men å lausrive avisa alt på 80-talet ville tydd sikker undergang, ho hadde for liten basis utanfor det gamle miljøet. I forhold til eigarane var det nok da ein føresetnad for redaksjonell fridom at det sat ei garva politisk sjel som meg der.
I 1995 gjekk Allern av i KK og ut av partiet.
Det ville vore uheldig for avisa om eg gjorde det før. Men dei stemningane som hadde bygd seg opp i AKP-leiinga mot den redaksjonelle lina, fekk etterfølgaren min, Paul Bjerke, unngjelde for, seier Allern.
I 1997 vart Bjerke avsett av AKP, dei fleste journalistane sa opp i protest, så kom mellomspelet med Jon Michelet og eit forsøk på å gjenskape aktivistavisa KK. Det slo feil. I dag sit Bjørgulv Braanen i redaktørstolen, og Allern er godt nøgd.
Eg synest i hovudsak avisa har ein utmerkt kurs no. Hovudstrategien er om lag den same som vi la opp i 1991. Det er berre synd at 3000 abonnentar har gått tapt på vegen.
Han kan vere ein mild, blid og hyggeleg mann å snakke med, dagens Sigurd Allern. Nærmast jovial. Men både fiendar og medarbeidarar gjennom tida har sett ei anna utgåve, hard som flint. Han kravde jarndisiplin og ekstrem innsats av seg sjølv og andre, og alle diskusjonar skulle vinnast, same kva.
Mange var redde for deg. Du skal ha vore eit råskinn som redaktør i Klassekampen.
Njaa, ja... Eg var vel for så vidt det. Det var ei lita avis med tronge rammer, der dødsklokkene stadig klang, og det handla om å tvinge mest mogleg ut av ressursane. Det var nok ikkje lett å vere i konflikt med meg, stilen var ikkje prega av særleg god personalbehandling. Skulle eg gjort ting om att, ville eg nok vore meir dempa. På andre sida var KK ein god skule, som let talentfulle folk utvikle seg, seier Allern, som i dekknamna si stordomstid på 70-talet helst vart kalla «Elgen».
Det var noko med stilen. Eg farta rundt som ein slags komissær, og det kunne nok verke som om eg ofte kom brasande gjennom buskaset.
Etter å ha gått av som KK-redaktør i 1995, vende Allern attende til akademia. Han tok etter kvart doktorgraden i medievitskap, arbeidde ved Institutt for journalistikk og publiserte fleire bøker. Her har han mellom anna skildra og kritisert flokkmentaliteten blant politiske journalistar, kampanjejournalistikk, kjeldebruk, marknadsorientering, norsk mediemakt og informasjonsbransjen.
Du og somme andre medieforskarar har eit meir kritisk, normativt blikk på feltet dykkar enn vitskapsfolk flest?
Det gjeld ikkje all medieforsking. Men i den greina eg representerer, er det ein sterk normativ tradisjon. Og i spørsmål om ytringsfridom, mediepolitikk, røyndomsbilete og journalistiske ideal må ein forskar kunne ta standpunkt. Det er greitt så lenge ein gjer premissane sine klare, seier Allern.
Også som forskar har fortida til Allern med mellomrom heimsøkt han. Og særleg i samband med den nylege utnemninga hans til professor i journalistikk ved Universitetet i Oslo har det falle harde ord. Utnemninga var ei fornærming mot ytringsfridomen, meinte Olav Versto i VG. Allern har aldri utvist intellektuell openheit, meinte Harald Stanghelle i Aftenposten. Men kritikken som har kome no, handlar eigentleg ikkje om ml-fortida eller truverdet hans, meiner Allern sjølv.
Det har ikkje vore nokon debatt i akademia om professoratet mitt. Dette handlar om at eg har kritisert kjeldebruk og flokkmentalitet i den politiske journalistikken, og kampanjejournalistikken mot Jagland i VG og Dagsavisen. Det har ikkje med ml-fortida å gjere, det er berre ein gammal kanin dei trekkjer opp av hatten.
Hemnlyst etter bataljane på 70-talet er òg eit motiv for folk som Steinar Hansson, Harald Stanghelle og Olav Versto, meiner Allern.
Somme folk elskar å repetere gamle slag med ml-arar. Ofte er det sure, utmelde SV-arar i karrieresjiktet, ikkje folk som er politisk oppegåande eller radikale i dag.
Bråket kring professoratet hans vart ikkje mindre da Allern i januar trekte eit intervju han hadde gjeve til Dagbladet.
Det var vel ikkje spesielt taktisk lurt?
Dei fleste journalistar meiner nok det. Men for meg handla det om grensesetjing, som det heiter i barnehagen. Avtalen var at intervjuet i hovudsak skulle handle om journalistikk og den nye stillinga mi, og ende opp med å handle stort sett om ml-tida mi. Etterpå laug Dagbladet, sa at eg hadde prøvd å redigere intervjuet og lét som om eg nekta svare på spørsmål om AKP på 70-talet. Det heile var ein mediestorm i eit eggeglas.
Professor er Allern i alle fall blitt, og no skal eit nytt masterstudium i journalistikk byggast opp.
Heile feltet er i støypeskeia, det er veldig artig. Men professormakta blir elles veldig overdriven av mange. Det er komisk at reaksjonane mot meg kom i samband med professoratet. Om folk var urolege over påverknaden min, måtte det da vere verre at eg arbeidde ved IJ, pressa sitt eige institutt.
Det er i grunnen ikkje så overraskande at Allern har nådd så langt innanfor akademia. Same kva han går i gang med, vil han helst vere best. Som unggut på Helgelandskysten tidleg på 60-talet søkte han seg til gymnaset på Katedralskolen i Trondheim. For der fanst den beste skuleavisa nord for Dovre, og den ville han bli redaktør for. Det vart han.
Eg var vel ein leiartype, seier Allern om den saka.
Disiplin og ambisjonar gjennomsyrar den senete, gjennomtrente skrotten hans. Den har overlevd 25 år i ml-rørsla, det akademiske rotteracet, diverse triathlon-konkurransar og nokre tusen kilometer langs vegen med joggesko, og tilmed bragt han til leiarvervet i Sportsklubben Rye. Dei fleste måla sine har Sigurd Allern nådd unnateke verdsrevolusjon, da. Men sjølv i dag kallar han seg for revolusjonær sosialist.
Det er problematisk med desse omgrepa. Men eg meiner framleis at det imperialistiske systemet avlar fattigdom og krig, og det er særleg tydeleg i desse dagar. Når eg brukar ordet revolusjonær, er det som ei markering av at den grunnleggande innstillinga mi til kapitalismen er den same som for 40 år sidan. Vi treng eit alternativ, og liberalismen og sosialdemokratiet representerer ikkje noko alternativ, seier Sigurd Allern.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|