Dag og Tid nr. 6, laurdag 8. februar 2003
Roald Helgheim:
Fortapt i rommet
I nokre dagar hadde vi medynk med presidenten og folket hans, etter at ei romferje i møtet med atmosfæren, i ein fart 25 gonger lydens, dekonstruerte seg sjølv 60.000 meter over Texas, og delar av menneske og skip vart spreidde for alle vindar, i nitida om morgonen lokal tid. Presidenten flaug inn frå Camp David, bestilte telefonsamtalar med dei pårørande kl 12.45, og eit kvarter før stod han over bordet i det ovale rommet og scanna biografiane til mannskapet (Time), for å finne ut kven som hadde ektefelle og ungar. Det er ingen overlevande, sa han til folket, men romferdene vil halde fram når ulukka er granska. Og det tok ikkje lang tid før vi alle visste om mannskapet til ein ekspedisjon nasjonen elles, med unntak av Erik Tandberg, knapt hadde brydd seg om. Kven visste at det var den 88. ekspedisjonen sidan Challenger eksploderte i 1986? Visste du at det var den 112. ekspedisjonen totalt, og at 27 av dei har
vore med det no havarerte Columbia, veteranfartyet som har vore på farten sidan 1981?
Det heiter ikkje space shuttle for ingenting, «rom-skyttel». Her har dei gått i skytteltrafikk heile tida, og vi hadde ikkje kaga dei det grann. Sidan menneska landa på månen i 1969, har romfarten sakte men sikkert tapt glansen sin. Vi lea så vidt på augneloket då romfararen frå 1962, John Glenn, reiste på pensjonisttur i 1998, men elles må det ein katastrofe til for å minne oss om ein romfart som årleg kostar milliardar av dollar. Berre romstasjonen som ved starten i 1984, skulle koste 14 milliardar etter dagens pengeverdi, har alt kosta 35 milliardar, og vil ikkje stå ferdig før i 2008. Drikkevatnet til mannskapet kostar ein halv million dollar dagen, skriv Time, om stasjonen der mannskapet på tre no er overlatne til seg sjølve, i von om å komme seg ned med ein russisk «livbåt».
Nokre dagar hadde vi medynk, og ynken vart nørd opp under i møtet med den sympatiske Kalpana Chawla, den første astronauten av indisk byrd. Den første mørkhuda romfararen var med på Challenger i 1983, same år som Sally Ride var første romkvinne. I år var også Laurel Clark frå Iowa med, oppvekt den siste morgonen til tonane av «Scotland The Brave», men kva gjorde Ilan Roman der, den israelske kampflygaren og krigshelten frå to krigar?
Mor og bestemor var overlevarar frå Auschwitz, og han vona reisa ville vere ei avveksling frå ein hard vinter for landet hans. «Israel kunne reise med han, for å kjenne seg trygge i eit grenselaust univers», skriv Time. Til og med ein palestinsk talsmann ønskte han lukke på reisa, og i eit intervju frå rommet sa han: «Vi flaug over Jerusalem, Israel såg så lite og vakkert ut». Og han hadde fått med seg noko frå Ariel Sharon til å symbolisere Israel på reisa.
At menneske blir drepne er ikkje noko ein ironiserer over, om det er etter eit terroråtak mot World Trade Center, sju omkomne i ei havarert romferje, eller eit dusin drepne Palestina-born etter eit åtak på Gaza-stripa. Men sidan 11. september har USA gjort sitt beste for at medynk er det siste vi kjenner for dette landet. Likevel er det ingen som kan dyrke medynken så sterkt som ei supermakt heile verda skjelv for, ein nasjon som er viljug til å kaste verda ut i ein katastrofe fordi dei er fornærma på ein arabisk statsleiar.
Dei fleste er samde om at det var tynn suppe Colin Powell baud på i FN sist onsdag. Men utanriksministeren vår seier at det berre er Irak som kan stogge krigen. Saddam Hussein kan berre gå av, seier statsmannen Jagland, og får til og med følgje av «ekspertar». Slik er verda snudd på hovudet. Ein stor nasjon A peikar på ein liten nasjon B og seier at du er slem, og vil du ikkje bli snill, så kjem vi og tar deg.
Det er berre B som kan hindre krig, seier ministeren vår då.
For at dette ikkje berre skal sjå ut som eit politisk pliktløp, vender vi attende til rommet. For kva kom for ein dag etter dei første NASA-kommentarane om at denne hendinga ikkje var eit spørsmål om manglande trygging? Noko hadde lausna under oppskytinga, og det har hendt før, fekk vi vite. Men ferdene hadde gått sin gang, og ein håpa på det beste. Hadde Columbia-fararane oppdaga den utvortes feilen der ute, hadde dei ikkje utstyr til å gå på utsida og reparere han. Men kunne dei ikkje reist til romstasjonen, ankra opp og fått ein lift heim med eit anna farty, russisk eller amerikansk? Noup, det løpet var køyrt, for dei var verken trena i eller hadde utstyr til det. Når skaden først hadde skjedd, var dei bokstaveleg tala lost in space!
Dermed handlar heller ikkje dette berre om eit tragisk ulukkestilfelle midt i verds-elendet. Time-kommentatoren er nådelaus i oppsummeringa av eit amerikansk romprogram der romfartya inntil nyleg var styrt av datachips, av så tidleg åttitalsmerke at ingen tenåring med sjølvrespekt ville bruke dei i eit videospel. Nyleg kunngjorde NASA at den tjue år gamle romflåten skulle vere operativ til 2040, dvs med opp til førti år gamle farty. B 52-fly har floge så lenge, men dei har ikkje måtta tole 3G (tre gonger gravitasjonskrafta) ved avgang, og 2000 varmegrader ved landing heile tida. Dessutan kunne ein ofte oppnådd like mykje med ubemanna farty, skriv kommentatoren, som spør kvifor den israelske kosmonauten måtte vere med for å trykke på eit par knappar, på eit apparat han ofra livet for å ta med ut i rommet.
S pace is the place var omkvedet til Sun Ra, fødd Herman Sonny Blount, den afro-amerikanske jazzlegenda som sjølv påstod han kom frå ein annan planet. Her er så underleg, skreiv Sigbjørn Obstfelder. Han trudde han var komen til feil klode. Det er den kloden vi er på no.
|