Dag og Tid nr. 6, laurdag 8. februar 2003

Klok på bok 601:
Lesbarkebille

Heia! Eg er vel heimkomen frå ein fantastisk fin og kvit ferie i barndomsdalen min. Eg såg atter slike fjell og dalar, og i syningom var dei eins å sjå, trass i at det er meir enn ein mannsalder sidan eg som ungtaus, tok dei elektriske hårrullane mine i bagen og drog mot grønare gras. Eg har alltid tenkt at eg skulle flytte heim att på mine eldre dagar, men så er det slik at ein gror fast der ein har slått seg ned òg. Eg budde dei første 16 åra i fødebygda mi, så reint kvantitativt burde her eg bur no, vere heime. Men det er rart med det. Jaja, ein vakker dag dreg eg vel. Og eg har hatt det så fint – eg budde eit bel på den gamle hytta vår, utan vatn og straum, i mange minusgrader. (Høyrde forresten ein reporter på radioen som påstod at det var minus 15 kuldegrader ute. Undrar meg på kva slags temperatur det er!) Det var hustrig å stå opp om morgonen for å få fyr i omnen, men du verda kor godt ein vaknar av å vaske seg med vatn med ei tynn ishinne på.

Han Dale-Oskar har styrt vel med dykk, håper eg. I alle fall har han fått mange svar, kan eg sjå på plastposen som hang på døra mi då eg kom heim att. At han og han Peder har gitt same oppgåve på eit halvt år, må eg berre tilgje dei. Eg hadde ikkje tenkt å lage noko nummer av at dei er menn – og kanskje difor har litt tyngre for å halde styr på ting – men no gjorde eg visst det, likevel. Jaja. Takksam er eg i alle fall over å ha vikarar.

Så til Klok på bok-posten: «Dette var Klok på bok-oppgåve 572. Eg fann fram til boka då og klarar det vel no òg: Marja-Liisa Vartio: ‘Fuglene var hans’ kom ut på Bokvennen forlag i 2001», skriv ho Birgitte Berge i Rådal.

Skeisebibliotekarane i LASK er skarpe i begge endar: «Oi! Har dykk gått tom for oppgåver? (...) Her er vårt svar: Marja-Liisa Vartio er skrivaren, tittelen var ein gong: ‘Det var henne fuglene tilhørte’ då den kom ut ‘post hume’ i 1967, no til dags heiter den ‘Fuglen var hans’, i den nye utgåva som kom ut på Bokvennen i 2001. På finsk heiter den truleg: ‘Hänen olivat linnut’. Truleg fordi vi ikkje kan finsk... Viser elles til mykje nyttig om forfattarinna og boka på denne linken: http://www.dagogtid.no/arkiv/2002/30/klok».

Han Kaare Stegavik i Trondheim klarer heller ikkje å la vere å peike på at vi her har å gjere med ein attergangar: «Ærede spalteredacteur, da æ læst oppgaven va det som det va nå kjeinnt, æ syntes at æ ha læst det derre før, å så mijnntes æ at æ satt utme Lapp-stein å spekkulert på finske kvinnfolknavn i fjol vår va det vesst. Likens som da, kom æ no å fram te hu Marja-Liisa Vartio, som ha skrevve boka ‘Hänen olivat linnut’, på norsk hette a ‘Fuglene var hans’. Kom posthumt i 1967. Å hu e å rækne som ei tå de frakast’an i Suomis lainn te å skriv. De va myijtti lettar å finnj fram te a Marja-Liisa aijnner gongen. No må vi kanskje få oppgava’ som itj ha vorre givve før, sånn passeli vanskeli’e fer oss amatøran.”

Han Jon Grepstad viser òg til Dag og Tid-nettarkivet. Alle har presisert at oppgåva er gjeven før, så eg tek ikkje det opp att fleire gonger. Eg må tenkje på lesarane òg, veit de, det blir ofte litt for mykje oppattaking. Men han Jon har eit tips for dei som kan finsk. Oversyn over forfattarskapen til Marja-Liisa Vartio ligg her: http://www.savonlinna. fi/sivistys/kirjasto/LehtoNet/Vartion proosa.htm

Vinnaren denne veka skal få sendt premie til Finland: «Håper at svaret mitt ikke kommer för seint for Klok i Bok nummer 599 – det nemligen tar nesten ei uke for meg å ha Dag og Tid... Ae bor i Finland (og er finsk). Ae fått Dag og Tid for året 2003 som julegåve fra min kjaere venn i Norge – og han har noe å gjoere med mine (litt komiske) kunnskaper i norsk (boksmål, dialekt, med litt svensk ögså, her og der). Det er mitt andre gang å delta i Klok på bok; vid förste gang, ae hjelpte den der norskmannen å svare rett... og han også fick premien deres... som nå er i min bokhylle (F.G. Lorca på norsk)! OK – men nå till svaret: Den må vaere Marja-Liisa Vartios romanen ‘Hänen olivat linnut’ (‘Hans var fyglene’). Den er fra år 1967, finsk, og nyligen utgiven også på norsk, ikke sant? Rekommanderer!», helsar ho Saija Nissinen frå Kuopi i Finland.

Ho Brita Lundeland i Aurland var raskt ute med eit straumbrev. Ho Ingrid på Nesoddtangen vann sist denne oppgåva vart gjeven, og jammen har ho ikkje svart no òg: «Hei Dale-Oskar og Barabass. Eg er ein tur inne i Sogndal og hamna selvfølgeleg på biblioteket! Her fann eg også Dag og Tid som eg nå må vente på av di eg bur langt ute i periferien. Kpb 599 har eg lese for ikkje så altfor lengje sidan. Det var om Alma og prostinnen som gjekk einannan på nervane. Det var også ein del utstoppa fuglar å flytte støv på. (...) Nå må eg rekkje bussen heim. Eg vonar at de har det bra, og eg er einig med ho Sigrid i at det er fint at de er til», helsar ho Ingrid i Lusterdalen.

Klok på bok 601

grana er grønn
jeg beskriver grana
jeg er’kke grønn
grana beskriver meg
som jeg beskriver Moskva:
ikke noe blivende sted

Poeten kan på mange måtar oppfattast som «steikje galen», og det er bra. Debuterte ein gong på åttitalet så vidt eg kan sjå, og har fått Brageprisen. Styrer dessutan med ein litteraturfestival. Kven vil eg fram til? Svar Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 14. februar.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |