Dag og Tid nr. 6, laurdag 8. februar 2003

Film:
Poetisk og storslått

Den som lever ved sverd er ein både storslått, lågmælt og poetisk film.


The Warrior – den som lever med sverd
Regi: Asif Kapadia
England 2001

I januar lanserte Asif Kapadia filmen i Tromsø. Denne veka har han vanleg kinopremiere, og det er berre å seie seg samd med det regissøren sa til Dag og Tid. Om han har late seg inspirere av westernfilmar, er det like mykje ånda frå japanske samuraifilmar som Kurosawas Yojimbo som svevar over dette indiske ørkendramaet. Men hovudpersonen her er ingen arbeidslaus krigar på jakt etter oppdrag. Krigaren Lafcadia har desertert fordi han ikkje vil slåst meir, og han har desertert frå ein bande med ørkenkrigarar som ved eld og drap terroriserer landsbyar som ikkje oppfyller pliktene mot herskaren i området.

Omvendinga hender midt under eit raid då han er på nippet til å kappe hovudet av ei ung jente. Han bestemmer seg for å kaste sverdet, for aldri meir å drepe menneske. For det må han betale ein frykteleg høg pris, før han blir jaga av banden opp i fjella. Det ordlause dramaet utviklar seg meir og meir til noko som liknar ei åndeleg reise. Ein ung læresvein følgjer han utan å kjenne fortida hans. Han møter att den unge jenta og mor hennar, han møter ei blind kvinne på leit etter lækjande fjellvatn, og han møter sin eigen lagnad i eit himalayisk snølandskap.

At også denne filmen, som den palestinske Gud griper inn blir nekta Oscar-nominasjon på grunn av forkvakla reglar, viser at den institusjonen ikkje lenger lever i vår tid. I motsetning til ein film som er like tidlaus som han er allmenngyldig.

Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |