Dag og Tid nr. 6, laurdag 8. februar 2003

Bøker:
Gløymde røyster

Max Arthur har samla nokre av forteljingane til veteranar frå Den fyrste verdskrigen i bokform. Resultatet er ei god suppleringsbok til meir «tradisjonelle» krigsbøker.


Max Arthur:
Forgotten Voices of the Great War
Ebury Press 2002

For mange historikarar er munnleg historie meir eit verktøy enn ein eigen teori innafor den historiske forskinga. Men i dei seinare åra har den munnlege historia, i alle høve innafor enkelte grupper, teke steget opp i den teoretiske bundesligaen. Men sjølv med dette opprykket er det viktig med ein kritisk avstand til det personane fortel. Folk har ein tendens til å spe på sine eigne minne om ei gitt hending med historier eller mytar om den same hendinga. Ein må altså luka vekk det munnlege ugraset utan å trø i salaten.

Framsynte menneske

Nokre framsynte menneske ved den engelske Imperial War Museum intervjua frå og med 1972 overlevande frå det som i England vert kalla Den store krigen. Noko av materialet frå lydarkivet har vorte nytta av historikarar som har skrive i den forma me normalt set i samband med historieskriving, med andre ord ein tese eller hypotese om eit bestemt eller fleire spørsmål. (Dette er sjølvsagt ein beinskoren versjon av historisk teori).

Max Arthur og dei gode hjelparane hans har sett seg ned med eit fritt mandat og funne fram utsegner frå folk som med eigne auge såg det som hende på vestfronten frå august 1914 til november 1918. Det finst eit lite mellomspel frå kampane i Gallipoli og nokre tankar frå dei som var heime, men brorparten er frå fronten i vest. Dei fleste utsegnene kjem frå britar, men det er òg nokre franskmenn og tyskarar som fortel om opplevingane. For at lesarane ikkje skal stå og famla i ein munnleg skoddeheim av – for mange – ukjende stadnamn, vert det gjeve ei kort oppsummering om dei viktigaste hendingane under kvart krigsår.

Og til liv kjem dei, sjølv om opptaka vart gjorde over eit halvt hundreår etter at krigen var slutt. Mange kjem med sterke vitnesbyrd som nok ein gong syner at krig får oss menneske til å handla på vis me ikkje trudde var moglege. Eller som den tyske sersjanten Stefan Westmann spør etter at han har drepe ein fransk soldat med bajonett:

«Why was it that we soldiers stabbed each other, strangled each other, went for each other like mad dogs?... We were civilised people after all...»

Historikarar har peikt på at Den fyrste verdskrigen endra krigens andlet. Samfunnet vart òg endra, og Europa var ikkje det same i 1914 som i 1918. I det fyrste krigsåret var det framleis spesielle tilhøve ved fronten. Løytnant John Wedderburn-Maxwell fortel om våpenkvila jula 1914:

«And we laughed at each other, and I gave them some English tobacco, and they gave me some German... and we walked for half an hour in no-man’s land. And then we shook hands, wished each other good luck...»

Det vart aldri slike tilhøve igjen ved fronten. Etter som krigen gjekk sin gang vart han hardare og verre. Unge menn vart herda karar lenge før dei skulle vore det. Slik høyrest det i alle høve ut når meinig Harry Patch fortel:

«All over the battlefield the wounded were lying down, English and German all asking for help. We weren’t like the Good Samaritan in the Bible, we were the robbers who passed by and left them. You couldn’t help them.»

Suppleringsbok

Og slik kan ein halde fram med sitat om ein vil. Boka er ei samling ytringar frå menn og kvinner som såg eit anna Europa enn det me er så heldige å leva i no. Dei aller fleste er ikkje blant oss lenger, men Max Arthur har gjeve nytt liv til desse gløymde røystene. Sjølvsagt får ein òg eit godt inntrykk av korleis det var under Den fyrste verdskrigen gjennom lesing av meir «tradisjonelle» historiebøker. Men Max Arthur skal ha ros for å gjera noko spanande og nytt ut av alle røystene han har høyrt tala i lydarkivet. Men sjølv om Forgotten Voices er spanande lesing, som så mykje velskriven historie om krig kan vera, så er og vert dette ei suppleringsbok til eit stadig aukande tal av bøker om Den fyrste verdskrigen. Max Arthur har gjeve oss reinskoren salat, resten av middagen må me til andre bøker for å finna.

Asgeir Ueland

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |