Dag og Tid nr. 6, laurdag 8. februar 2003

Bøker:
Lite nytt om Prøysen

Graset er grønt for æille. Ei bok om Alf Prøysen har vorte ei merkeleg bok.


Knut Imerslund (red.):
Graset er grønt for æille
Fagbokforlaget

Boka er, seier tittelbladet, redigert av Knut Imerslund, førsteamanuensis i norsk litteratur ved Høgskolen i Hedmark. Lesaren bør nok ta dette med redigering med ei klype salt. Prøysen-entusiast Imerslund har fyrst og fremst vore interessert i å få med mest mulig om Prøysen. Og det kan i grunnen ingen fortenkje han i.

Saka er at Imerslund har vore på samlingsferd, heilt til Rudshøgda og på litteraturfestival i Lillehammer har han vore! Som kjent kan det kome mykje godt ut av slikt, men når ein kjem heim att, gjeld det å sortere inntrykka, redigere stoffet og stille seg sjølv dei vanskelege spørsmåla: Kva skal vere med? Korleis skal eg få den artikkelforfattaren til å kvitte seg med den tekstlege skavanken? I kva slags samanheng bør denne teksten presenterast: Høver han i ei årbok? I eit tidsskrift? Har eg samla så mykje ny forsking og så mange nye innsikter at det bør gjevast ut i bokform?

Under-redigert

No trur eg faktisk Imerslund har stilt seg sjølv slike spørsmål, men likevel er hovudinntrykket at boka er kraftig under-redigert. Eit døme: Kan det verkeleg vere nødvendig å trykkje opp att artiklar eller essay som nyss har stått på trykk i andre bøker eller i lett tilgjengelege tidsskrift? Eg tenkjer til dømes på Henning Hagerups «Langt mer enn fire grep» frå Lyrikkmagasinet (elles frå 16/2000 ettersom Imerslund ikkje oppgir det), Einar Øklands «Det var då det –» (som trass i opplysningane om at den er «skrevet spesielt for denne boka», alt finst i den siste essaysamlinga hans). Og er Erling Fossens rapport frå ei vandring langs Præstvegen (trykt i Morgenbladet 29. juli 2001) verkeleg så djupsindig at han må vere med i bok? Og kvifor plassere Knut Hauges nokså enkle, no 32 år gamle (frå Syn og segn 1/1971) Prøysen-introduksjon midt mellom desse trass i alt nokså nyskrivne artiklane i den fyrste delen? Burde ikkje ein slik artikkel, det same gjeld òg Aksel Sandemoses melding av «Dørstokken heme» (frå 1946), setjast inn i ein resepsjonshistorisk samanheng saman med dei smått legendariske Prøysen-intervjua (ved Vidar Sandbeck og «Gjest») som eit slags «Det var da det. Og itte nå!» I ein slik (kommentert!) resepsjonshistorisk samanheng høyrer sjølvsagt òg samtalen mellom Jan Erik Vold og Prøysen-venen og samarbeidspartnaren Alf Cranner (frå Basar, 1/1975) heime. Det same gjeld Imerslunds eigen samtale med Ove Røsbak, som fyrst og fremst er eit – interessant – tilbakeblikk på arbeidet med biografien om Alf Prøysen, Præstvægen og Sjustjerna, frå 1992. Elles: Når så mykje er trykt opp på nytt, kvifor er da ikkje Volds essay om Prøysen-stubbane (også frå Basar 1/1975) med? Saman med nemnde Hagerups artikkel representerer nett dette essayet noko av det beste som er skrive om denne sjangeren.

Problemet Prøysen

Alle veit at Prøysen var ein av dei store kunstnarane i førre hundre-året. Og alle veit at Prøysen var både multimedial og sjangeroverskridande, at han var viktigast som songlyrikar/visediktar, barnebokforfattar/barnetimeonkel og nyskapande forfattar i hybridsjangeren stubbar. Og alle veit at Prøysen kan vere ufatteleg banal! Difor er Prøysen vanskeleg å hanskast med, det er problematisk å finne ein innfallsvinkel som treffer det særeigne ved Prøysens kunstspråk, det er vanskeleg å finne eit kritikarspråk som er på høgd med Prøysen sjølv. I denne boka har Røsbak, Økland, Hagerup og Vold det språket og det sanseapparatet som skal til. Med unntak av Geir Vestad, som skriv avgrensa og instruktivt om korleis barnespråket kan fungere både konserverande og frigjerande i tekstar om ungar, er det påfallande at litteraturvitarane (Knut Imerslund, Elin Prøysen, Heidi Marie Olsen) ikkje har funne produktive og nye innfallsvinklar til den kortprosaen (novella «Finlampa på Rogne», stubben «Ormen og brynnsvegen» samt eit knippe stubbar for Olsens vedkommande) dei skriv om. Desse gammalmodige analysane, lett grensande til reine banalitetar, minner mest om gode artiumsstilar som svar på den evige oppgåva: Gjer greie for personkarakteristikken, bodskapen og dei litterære verkemidla i denne Prøysen-teksten. At andre inngangar til Prøysens kortprosa faktisk finst, er Hagerups artikkel eit døme på, han dreg til dømes inn idyllen som sjanger. Men kvar er den nye kortprosateorien brukt på Prøysens stubbar? Kvar er ny novelleteori eller nye realismeforståingar? Kva med det dialogiske perspektivet i Prøysens prosa? Kva med Prøysen og moderniteten? Innfallsvinklane, tekst-interne så vel som tekst-eksterne, finst! Prøysen-forskar Imerslund kan berre rulle ballen i gang: Høgskolen i Hedmark må kjenne eit særskilt ansvar for ei tidsmessig Prøysen-forsking og -formidling.

Gullkorn

Nå finst det sjølvsagt òg store gevinstar frå Imerslunds samlingsferd. Øklands og Hagerups tekstar har eg meldt og kommentert før (Dag og Tid, 27. oktober 2001 og 31. august 2002), dei er høgdepunkt. Ove Røsbaks essay «om den farlige latteren» der han set Alf Prøysens narrerolle i relasjon til mellomlaldernarren, altså inn i ein karnevalistisk tradisjon, viser oss ein forfattar som er på høgd med det stoffet han skriv om. Men det som verkeleg gjer boka verdt pengane, er Jan Erik Volds nyskrivne (!) essay, «Prøysen på Mjøsa». Det er ein svir å lese denne Vold-teksten om klassikaren «Så seile vi på Mjøsa», der han høyrer heime i norsk songlyrikk, korleis han vart til, korleis han kan lesast som eit dødsreisedikt i flukt med den verkeleg store poesitradisjonen. Utan tvil vil dette essayet gå inn som eitt av dei store i den voldske essay-kanonen, og det vil sikkert leggje premissar for eit nytt poesihistorisk kapittel om Prøysen, slik Vold har gjort det for så mange andre store poetar.

Prøysenbrev

Det andre verkeleg viktige funnet Imerslund har gjort, er sjølvsagt dei breva Prøysen sende til sin svenske visekollega Carl Anton Axelsson. I breva mellom desse to vart viser og dikt utveksla, omsette og kommenterte. I desse breva kan vi kome på sporet av ein prøysensk visepoetologi, og samstundes lærer vi sjølvsagt meir om Prøysen som diktar i meir allmenn forstand. Det framgår òg av boka at det finst fleire prøysenbrev, brev som framleis er klausulerte. I framtida bør vi soleis vente oss eit eige bind med berre Prøysenbrev – til bruk for Prøysenforsking og til hugnad for dei mest ihuga Prøysen-entusiastane.

Lat det òg vere nemnt at Magne Lindholm skriv greitt om ironien i nokre Prøysen-viser og at Valle Espeland (i Norsk visearkiv) har levert ein velskriven artikkel om korleis Alf Prøysen plasserer seg i lys av nokre hovudliner i norsk visehistorie. Espeland kunne godt ha fått større plass – til meir problematisering, nyansering og utbrodering. Dét hadde det vore god plass til om denne boka hadde vore underlagt ein strengare redaksjon.

Ole Karlsen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |