Dag og Tid nr. 5, laurdag 1. februar 2003
EU og USA:
EU er inga motvekt til USA
Kjell Magne Bondevik opnar for norsk EU-medlemskap, fordi han ønskjer at EU skal vere ei motmakt overfor USA. Men han har neppe tenkt over kva det inneber, meiner statsvitar Kate Hansen Bundt.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Den aggressive og eigenrådige framferda til USA under president Bush pregar no norsk EU-debatt. Fleire kommentatorar hevdar at den veksande mistilliten til USA har medverka til ja-dreiinga i norsk opinion i spørsmålet om EU-medlemskap. Og dei siste dagane har fleire norske politikarar frå nei-sida stått fram som nybakte tvilarar i EU-saka, og grunngjeve det med at vi treng EU som motvekt til USA på den internasjonale arenaen. Her er eit par døme:
«Hvis EU taler med en stemme i internasjonal politikk, som i forholdet til USA, så ser jeg at det er et argument for EU-medlemskap.» (Jon Lilletun, KrF, til NTB).
«EU er den eneste blokken som kan representere en motvekt og et korrektiv mot USA.» (Erik Ringnes, leiar for Hedmark Venstre, til NTB).
Lite gjennomtenkt
Mest oppsikt vekte likevel statsminister Kjell Magne Bondevik sine utsegner frå Akropolis sist helg, attgjevne av Aftenposten: «Jeg ser det kan være behov for en tung europeisk motvekt mot USA i en situasjon hvor Sovjetunionen er gått i oppløsning og det bare finnes en eneste supermakt», sa Bondevik før han las høgt frå apostelen Paulus sitt brev til athenarane. Når Bondevik no erkjenner tvil i spørsmålet om norsk EU-medlemskap, grunngjev han det i stor grad med denne trongen for motmakt. Men er det ei paulinsk openberring Bondevik nærmar seg, eller har han berre mista gangsynet? Er EU verkeleg den motvekta mot USA som statsministeren og andre etterlyser?
Langt ifrå, meiner Kate Hansen Bundt, statsvitar og forskingsleiar i Europaprogrammet.
Bondevik og andre grunngjev tvilen sin i EU-spørsmålet med eit ønske om EU som motmakt overfor eit arrogant og eigenrådig USA. Men den grunngjevinga er uhyre tvilsam, og verkar lite gjennomtenkt. Det er ein dårleg politisk analyse. Dei snakkar om eit alternativ som ikkje finst, seier Hansen Bundt.
EU er ingen einskapleg aktør i utanrikspolitikken, verken formelt eller reelt. Utanrikspolitikk er ansvaret til dei nasjonale parlamenta og regjeringane i EU. Og i til dømes Irak-spørsmålet sprikar EU-landa veldig i meiningane sine. Dersom argumentet om motmakt skal bli gyldig, må Bondevik gå inn for eit føderalt EU.
EU utan samhald
Eit raskt oversyn over Irak-standpunkta til regjeringane i EU-landa gjer poenget til Hansen Bundt svært tydeleg. Storbritannia er nesten like engasjert i krigsførebuingane som USA, og vil gå til krig mot Irak òg utan FN-mandat. Spania, Italia, Portugal og Danmark og komande EU-land som Polen, Tsjekkia og Ungarn er entusiastiske i støtta si til Bush. Statsleiarane i desse åtte landa underteikna sist veke ei støtteerklæring til Bush i Irak-spørsmålet, der det mellom anna heitte at «styrken vår er samhaldet vårt».
Men eit slikt samhald er ikkje å spore i EU som heilskap. For på andre sida har regjeringane i viktige land som Frankrike og Tyskland vore svært kritiske til hardkøyret frå USA, og den tyske regjeringa har tilmed erklært at ho ikkje vil støtte ein krig mot Irak sjølv med FN-mandat. Men krigsskepsisen til desse to tungvektarane i EU gjev likevel ikkje grunn til å snakke om EU som motvekt mot USA.
Eigne interesser
Irak-spørsmålet syner at kvart EU-land forfølgjer sine eigne interesser i utanrikspolitikken, seier Kate Hansen Bundt.
Storbritannia har sine tette, tradisjonelle band til USA, og handlar deretter. Land som Spania og Italia er urolege over problema knytt til islamsk fundamentalisme og ulovleg innvandring. Dei treng flåten til USA i Middelhavet, og støttar difor nokså heilhjarta opp under USA no. For dei komande EU-landa i Aust-Europa er den tryggleiken Nato-medlemskap gjev, vel så viktig som dei økonomiske fordelane med EU-medlemskap, og dei er ivrige etter å ha USA som garantist mot Russland.
Skulle ein snakke om noka motvekt mot USA i Irak-spørsmålet, måtte det vere Frankrike og Tyskland. Men også desse landa har heilt ulike motiv for krigsskepsisen sin, meiner Hansen Bundt.
Gerhard Schröder gjekk hardt ut mot ein Irak-krig i valkampen i fjor, og hadde neppe vunne valet elles. Krigsmotstanden er sterk i det tyske folket. Tyskland importerer dessutan svært lite av oljen sin frå Irak, det kan òg spele ei rolle.
Frankrike har på si side ein meir tradisjonell skepsis til USA i utanrikspolitikken, og har dessutan sine eigne interesser i Irak, påpeikar statsvitaren.
Det kan òg vere fordelar ved å alliere seg med Tyskland før dei komande reformene i EU. Men når det kjem til stykket, har eg inga tru på noko fransk veto mot ein Irak-krig i Tryggingsrådet. Chirac har sikra seg fleire utvegar med utsegnene sine, og blir det eit felttog mot Irak, trur eg Frankrike vil vere med. Da kan Tyskland bli parkert.
EU som supermakt
Dersom argumentet om EU som motvekt mot det mektige USA skal bli gyldig, må det altså skje svært omfattande endringar av EU-systemet, påpeikar Hansen Bundt. Og dei endringane er av ein karakter som i seg sjølv kan vere svært problematiske for Noregs del ikkje minst for folk som er skeptiske til ein europeisk «superstat».
For å få til ei verkeleg motmakt mot USA, trengst det eit føderalt EU, eit EU som tek overnasjonale avgjerder i tryggingspolitikken og kan tale med ei røyst. Du treng òg ei militær opprusting av EU, for unionen er i dag ikkje er ei reell militær makt. Eg seier ikkje at dette ikkje kan skje ein dag, men det er veldig langt unna. Verken Frankrike eller Storbritannia har til dømes ytra ønske om å seie frå seg dei permanente seta sine i Tryggingsrådet, til fordel for eit EU-sete.
Om EU blir ei verkeleg motmakt til USA, kan det òg setje Noreg i ei klemme, trur Kate Hansen Bundt.
Dersom vi skulle få eit bipolært system som under den kalde krigen, med to mektige blokker som står mot kvarandre, trur eg det ville vere eit problem for Nato-landet Noreg. Som ein atlantisk stat er Noreg alltid avhengig av eit godt forhold til den viktigaste sjømakta, og det er USA som herskar på verdshava i dag.
Dette er likevel berre ein hypotetisk situasjon, understrekar Hansen Bundt.
Når USA blir for mektig og arrogant, er det naturleg å sjå etter korrektiv. Men EU er langt frå å vere ei slik motmakt. Somme debattantar har nok andre motiv for å nytte dette argumentet: Dei ønskjer å få Noreg inn i EU uansett.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|