Dag og Tid nr. 5, laurdag 1. februar 2003
Bøker:
For mykje av det gode
Anne Karin Torheim har skapt ein annleis og særeigen eg-forteljar, men ferdigtygde refleksjonar og fortolkingar gjev tanken lite å bryna seg mot, skriv Margunn Vikingstad.
ROMAN
Anne Karin Torheim:
Kven er redd for Sonja Henie?
Samlaget, 2002
Etter tre diktsamlingar og ei prosabok er Anne Karin Torheim komen med sin fyrste roman Kven er redd for Sonja Hennie? Det er ein særeigen eg-forteljar Torheim har funne fram til, ei kvinne som driv med kunstløp og som har Sonja Henie som ideal. Etter eit fall på isen, kjem ho til eit vegskilje i livet. Ho satsar vidare på biletveving, og parallelt med dette arbeidet, søkjer ho å forstå sitt eige liv. Det er inga kjenslefull, sår og var kvinne som skal finna attende til balansen i seg sjølv Torheim gjev oss. Heldigvis. Ho er frigjerande nøktern, direkte og som ein polsk skeisetrenar karakteriserer ho, usivilisert. Slik får Torheim fram ein dugande humor i romanen, til dømes i skildringa av det havarerte skeisesamarbeidet med den russiske tolken som er skuldig i fallet på isen: «Eg trur han er einsam og sender eit brev, der eg mellom anna spør om han vil ha hovudet mitt på eit fat, så han
kan servera det til den demoniske mor si. Tolken synest ikkje brevet mitt er løye, for eg får eit heilt forstokka svar. Han har ikkje berre lagt meg på is. Han har gjort meg til hovudfiende! Det er berre å innsjå Berlinmuren mellom aust og vest».
Opp i dagen
Tittelen på romanen gjev von om overraskande tankar og spenstige assosiasjonsrekkjer og det same gjev eg-forteljaren som er omskifteleg og fascinerande der lesaren berre får diffuse bilete av fortid og barndom og der ho hoppar frå treffande karakteristikkar av mor Noreg, refleksjonar kring Sonja Henies liv og lagnad, kring venninna M.s vonde historie og kring veving og kunst. Både Henies og M.s liv blir dreiepunkt i eg-forteljarens eiga historie der Henies historie om svik og nederlag og M.s historie om mishandling og audmjuking gjer at eg-personen innser at òg ho har blitt plaga, audmjuka og avvist. Slik handlar Kven er redd for Sonja Henie? om lengta etter å bli sett, om angsten for å bli avvist og audmjuka og om krafta i ein sjølv til å finna tryggleik og balanse. Men det som i utgangspunktet ser ut til å vera ein original og overraskande vri på historia om ein erkjenningsveg, endar i altfor mange parallellar,
spegelbilete og fortolkingar av eige liv som ligg opp i dagen. Dimed blir det lite rom til lesarens eigne refleksjonar og lite å bryna tanken mot. Det blir for mykje av stadfestande refleksjonar som «Flukta er mi form for forsvar», retoriske spørsmål som «Kan ikkje angsten for ikkje å vera best også vera angsten for ikkje å bli sett?», eksplisitt uttalte parallellar mellom veving og eige liv: «Samtidig som teppet veks, er det som mitt eige territorium veks», og mellom Sonja Henie, M. og eg-forteljaren: « [...] begge kvinnene sin lagnad har relativisert mine eigne erfaringar og gitt meg ein distanse til mitt eige gjennom ei form for gjenkjenning». Kvar blir det av gåtene og refleksjonane som gjev motstand, glid unna og som er i stadig rørsle, spør eg meg.
«Det kjente må ikkje bli så kjent, for ikkje å seie sementert, at det stoppar assosiasjonsevna til publikum», tenkjer eg-forteljaren om biletvevane sine og seier at ho ønskjer å stimulera lysta til å sveva, lysta til ein dans for tanken. Torheim ønskjer både å sjå, forstå, visa og forklara, men ferdigtygde refleksjonar og fortolkingar oppmodar ikkje til ein dans for tanken. Trist, for både tittel og forteljarstemme gjev von om nett dette. Kanskje biletvevane eg-forteljaren skaper hadde hatt større moglegheiter for å by tanken opp til dans?
Margunn Vikingstad
|