Dag og Tid nr. 5, laurdag 1. februar 2003
Sakprosa:
Landbruk er meir enn bønder
Det er bra at bøkene har kome, men det blir for mykje idyll rundt dei etablerte bøndene og for lite om dei små i landbruk og bygd, tykkjer Olav Randen om Norges Landbrukshistorie.
HISTORIE
Bjørn Myhre, Ingvild Øye, Kåre Lunden, Brynjulv Gjerdåker,Reidar Almås
Norges Landbrukshistorie l-IV
Det Norske Samlaget
Første bindet handlar om tida frå 4000 før Kristus og til svartedauden, og har fått den misvisande tittelen Jorda blir levevei. For sjølvsagt var jorda levevegen eller ein del av levevegen også for samlar- og jegerfolka i eldre steinalder. Dei sanka planter som voks i jorda og jakta på dyr som beitte på jorda. Det nye ved overgangen frå eldre til yngre steinalder var at det aktive jordbruket, plantedyrkinga og husdyrhaldet, vart leveveg.
Arkeolog Bjørn Myhre har skrive om tida frå det første aktive jordbruket og fram til vikingtida. Medan arkeologar helst har delt inn tidsbolken i yngre steinalder, bronsealder og jernalder, har Myhre valt å dele tidbolken i fem periodar. Innanfor periodane var det etter hans syn relativt stabile drifts- og levemåtar. Men overgangen frå ein periode til den neste medførde dramatiske endringar i busetnad, driftsformer og reiskapsbruk. Han kallar overgangane landbruksrevolusjonar.
Med denne nyinndelinga unngår Myhre ei einsidig fokusering på reiskapsmateriell og får skilnader i samfunnsforhold og driftsmåtar betre fram. Men eg tykkjer han pressar tenkjemåten vel langt. Dei arkeologiske funna og kunnskapane passar ikkje alltid like godt inn i modellen med veksling mellom stabilitet og revolusjon. Revolusjon er eit stort ord, og overgangane verkar ikkje alltid gjennomgripande nok til at ordet er på sin plass. Men la oss ha i mente at nytenking vanlegvis også må bli uferdig tenking.
Mellomalderen
Arkeolog Ingvild Øye skriv om landbruket frå vikingtida til svartedauden. Hennar tilnærming er meir tradisjonell og mindre dristig. Men ho skriv enkelt, godt og grundig og er den av dei fem som lykkast best i å presentere bygdesamfunnet som heilskap. Her er det ikkje berre funne plass til dei mannlege bøndene, men også til kvinnene, barna og dei eldre, og til trælane og deira lagnad som trælar og seinare som frisette.
Eit hovudspørsmål for Øye er om det var slik Thomas Malthus hevda, at folketalet voks snøggare enn matproduksjonen og difor førde til naud og fattigdom. Eller var det i staden slik den danske antropologen Ester Boserup har hevda, at folkevekst dreiv fram ekspansjon i landbruket. Endringane fram til rundt år 1300 tyder i følgje Øye på at nye innbyggjarar både tok i bruk meir av landet og evna å utnytte jorda meir intensivt, altså i tråd med Boserups grunntenking. Men kva skjedde rundt år 1300? Mykje tyder på at utvidinga av jordbruksareal tok slutt og at folketalet stagnerte eller gjekk attende dei siste femti åra før svartedauden, men historikarane har svært ufullstendige forklaringar på kvifor det gjekk slik. Dette burde Øye ha dukka djupare ned i.
Kommandoøkonomi
Bind 2 har Frå svartedauden til 17-mai som tittel og historikar Kåre Lunden som forfattar. Endringa i analyse- og skrivemåte frå Øye til Lunden er stor. Medan Øye er deskriptiv og lokalsamfunnsorientert, er Lunden kvantitativ og økonomisk orientert. Det yrer av tal og tabellar. Skilnaden i tilnærming gir mangfald og blir difor ein styrke meir enn ein veikskap. For meg er Lundens bok høgdepunktet i bokverket, med ryddig argumentasjon, presis og snau skrivemåte, frisk polemikk og innsyn både i historie og landbruk.
Ein grunntanke for Lunden er det han kallar kommandoøkonomi, som ei mellomform mellom sjølvforsyning og marknadsøkonomi. I det siste har historikarar jamført Norge og Danmark i unionen og kome til at utbyttinga av Norge ikkje var sterk fordi det ikkje kom så mykje skatt inn til København herifrå som frå Danmark. Lunden snur på flisa. Han analyserer kor mykje overskot norsk landbruk og anna næringsliv gav. Dinest spør han kor mykje av dette som hamna i Danmark. Med dette som utgangsspørsmål kjem han til at styresmaktene i København lét bøndene sitje att med akkurat så mykje av produksjonen som dei trong for å greie seg. Eller med litt mindre i dårlege år.
Dette verkar rett tenkt, sjølv om eg tykkjer det blir borte at også i det hardt skattetyngde Norge i unionstida var det bønder, leiglendingar og sjølvstendige, som vart rike og slo under seg andre. Arbeidet til folka dei hadde i si tenest gav eit overskot som kom dei sjølve og ikkje København til del. Men Lunden presenterer stoffet og tenkinga si på så ryddig vis at det er lett også å bruke det innanfor andre tenkjerammer. Boka hans bør føre til ny debatt om dansketida blant nordiske historikarar.
1800-talet
Bind 3, med den liteseiande tittelen Kontinuitet og modernitet, er skrive av historikar Brynjulv Gjerdåker. Gjerdåker deler perioden frå 1814 til 1920 i to med skilje i 1860. For den første perioden er merkelappen hans det fleksible bondesamfunnet, som var i stand til å ta opp i seg folketalsveksten. Den andre perioden knyter han mest til integrasjon i marknader.
Meir enn Lunden er Gjerdåker oppteken av bønder i samfunn. Han skriv etter måten fyldig om husmenn og noko om kvinner i landbruket. Det er leitt at han ikkje i større grad legg folketeljingsmateriale til grunn. Då hadde han oppdaga at han langt på veg har oversett landbruksarbeidarane, drengene, tausene, budeiene, dei omreisande ny-brotsmennene, steinmurarane og andre jordlause eller jordfattige arbeidsfolk som høyrde landbruket til. I 1900 til dømes utgjorde den leigde arbeidskrafta på gardane 63 000 menn og nesten 60 000 kvinner. Av kvinnene vart halvdelen rubriserte som jordbruksarbeidarar og halvdelen som husarbeidarar.
Lesarar er av ulikt slag, men på meg verkar denne boka upresist skriven. For å ta eit lite døme: «I detalj som i stort har samfunnsveven i jordbruks- og skogsbygder vore prega av rikt samansette mønster av materielle og immaterielle kulturkombinasjonar av fleksibilitet og skiftingar i strevet for levebrødet, av ulike verdiorienteringar og meiningsskapande vegval, av diskontinuitet i kontinuiteten med andre ord av det usamtidige i det samtidige.» Kanskje ein vakker språkblome, men utan særleg innhald. Boka burde ha vore skriven gjennom ein gong til og stramma opp.
Frå 1920 til vår tid
Sosiologen Reidar Almås har skrive sluttbindet om tida etter 1920. Bindet har fått den noko misvisande tittelen Frå bondesamfunn til bioindustri. Misvisande fordi endringa frå bondesamfunn til bioindustri ikkje har vore ei dominerande utviklingsline i perioden. Hadde tittelen i staden vore Mellom bondesamfunn og bioindustri, kunne det ha gitt grunnlag for å analysere den vedvarande spenninga mellom desse ytterpunkta i matproduksjon.
Det var gode grunnar til å be ein sosiolog og ikkje ein historikar skrive om denne perioden, der opplysningane kan hentast like mykje frå informantar som frå skriftlege kjelder. Men Almås synest ha gløymt faget sitt. I handsaminga av tida til og med andre verdskrigen er han mest oppteken av heiltidslandbruket og dei etablerte bøndene, med sideblikk til kvinner og skogsarbeidarar. Men småbrukarar og gardsarbeidarar blir lite synlege. For perioden etter krigen flytter han blikket, men til Oslo og Bøndernes hus og Landbruksdepartementet og høgskolen på Ås og stortingsmeldingar og EU- og GATT-tingingar og ikkje til bygdesamfunnet med smått og stort.
Hadde siste delen av boka vore ei sjølvstendig bok om norsk landbrukspolitikk etter krigen med sideblikk til utviklinga i næringa, ville eg ha applaudert. Men det vi har å gjere med, er avslutninga av 6000 års landbrukshistorie, og då er det leitt når lagnaden til bøndene og småbrukarane blir bytte ut med Gunhild Øyangen og Per Harald Grue.
Bortgøymdavgangen
I etterkrigstida har to av tre gardsbruk vorte nedlagde. To tusen års bondetradisjon er oppløyst etter krigen, skreiv historikaren Edvard Bull den yngre. Men korleis har dette gått føre seg? Har bønder vorte lokka ut av næringa med betre framtidsutsikter andre stader eller vorte fråtekne inntekter og livsrom? Kva er det for skilnader mellom bygder eller bønder eller politiske ordningar som gjer at det har rakna for landbruket i somme bygder og kommunar og fylke, medan det framleis lever i andre? Når tala viser at heiltidsbruka er borte og meir og meir av landbruket er deltidsbruk, er det då slik at heiltidsbruk har vore sårbare og deltidsbruk robuste? Eller har prosessen gått frå heiltidsbruk via deltidsbruk og til nedlagt bruk?
Med eit budsjett på nesten ti millionar burde prosjektet ha funne rom til skikkelege analysar av slike spørsmål. Men køen av spørsmål er like lang etter at bokverket har kome som føreåt.
Yrkeskombinasjonane
Professorane har for det meste sete kvar for seg og skrive. Vi veit ikkje om verket hadde vorte betre eller dårlegare om det hadde vore meir tverrfagleg og samkøyrt. Men prosjektet burde ha valt eit felles utgangspunkt med analyse av naturen i dette landet, til dømes med ein økolog eller ein naturgeograf i stallen. Då hadde dei fått betre fram at Norge alltid har vore eit land for mangsyslarar meir enn for heiltidsbønder.
Eg kan ta eit døme langt attende i tid. Bjørn Myhre skriv om at det første landbruket kom frå sør for 6000 år sidan. Han hallar til at først nådde kunnskapane om landbruk Oslofjord-området. Smått om senn spreidde dei seg til resten av landet. Denne prosessen skjedde over fleire tusen år og i kvart område gjennom ein tilgangsfase, ein erstatningsfase (då det gamle vart erstatta med det nye) og ein konsolideringsfase.
Slik kan det sjølvsagt ha skjedd. Men det er funne like gamle teikn til husdyrhald på Hardangervidda som ved Oslofjorden. Og kunnskapar frå ulike delar av verda tyder på at grensesonene mellom ulike økologiske område, mellom skog og fjell eller mellom skog og hav der folk hadde ein fot i kvar sone og kvar driftsmåte, var ekstra verdifulle. Difor kan vi også tenkje oss at Oslofjord-området og Hardangervidda utgjorde ytterpunkt i ei tilpassing der folk nok visste om jordbruk og dreiv jordbruk, men var mangsyslarar med hovudvekt på det som kasta mest av seg, jordbruk på Toten, jakt på Hardangervidda og fiske nord i landet. Om jordbruksdrifta var som i Håvamål: «Hev du geiter to og ein tausperra sal, då tarv du inkje tigge», er det lite å undrast på at spora etter dei to geitene ikkje er funne enno og at yngre steinalders deltidsbonde difor er usynleg.
Også på 1900-talet og i alle hundreår imellom har det vore slik at folket i dette landet ikkje har delt seg i heiltidsbønder og heiltidsfiskarar, men i staden har delt sine arbeidsdagar og arbeidsliv. Dei har vore mangsyslarar. Tek vi norsk natur som utgangspunkt, blir dette sjølvsagt. Men tek vi profesjonen landbruk som utgangspunkt, blir det lett borte, både i historieskriving og politikk.
Modernitetstenkinga
Historikarane har fått nye moteord dei siste tiåra, modernisme, modernisering og modernitet. Tanken bak er at analyse av spenningsfeltet mellom stabilt og nytt gir innsikt. Så langt er tenkinga rett og fornuftig. Men omgrepet moderne er eit ladd omgrep som lett bind tenkinga. Det moderne blir framtida og det rette og fornuftige. Alt anna blir umoderne, stagnasjon eller tilbakegang.
Slik fremjar omgrepsbruken og tenkinga bak ei uanalytisk tru på at verda og Norge og landbruket går framover. Dei to siste binda er prega av dette. I Øyangens og Sponheims tid, der bøndene blir færre og færre og meir og meir bortskusla i samfunnet, les vi gong på gong at landbruket har tilpassa seg og opna seg og vorte moderne og tidsrett og at bønder har fått det bra og retta nakken og vorte samfunnsaktørar med innverknad.
Kåre Lunden siterer Carlo M. Cipolla: «For å forstå funksjonsmåten til ein bestemt økonomi må økonomihistorikaren ta omsyn til så mange variablar som mogeleg...» Dette, at vi må analysere historia i alle sine fasettar og trekkje trådane etter at analysen er gjort, er etter mitt skjøn eit langt fornuftigare historikarprogram enn modernitetstenkinga. Då blir vi også betre i stand til å bruke historia til det viktigaste historia kan brukast til, å skilje fornuftige løysingar frå ufornuftige. For dei vala vi og våre formødrer og -fedrar har gjort, er val blant fleire og ikkje dei einaste mogelege.
Den bygdenorske idyllen
Om vi ser innom ein storgard på Austlandet rundt førre hundreårsskifte, hadde dei tre bordsete ved alle måltider. Sjølvfolket åt i stova med serveringsdame og duk på bordet. Handverkarar, gardsstyrar og skogvaktar åt på kjøkkenet. Husmenn og tenarar åt i forgangen. Der fekk dei kaffi oppattkokt på gruten, poteter og sildelake dag etter dag. Om det ein sjeldan gong var kjøt, var det nøye tilmålt slik at dei ikkje skulle lure med seg kjøtbitar heim til kone og barn. For å lese om dette må vi til andre kjelder enn dette bokverket.
I alle desse 6000 åra har bygde-Norge hatt storfolk og småfolk. Dei store, dei med eigedom framfor dei utan, dei med mykje eigedom framfor dei med lite, mennene framfor kvinnene, mennene og kvinnene framfor ungane og dei gamle, har brukt sin rikdom og si makt for å halde dei små nede, og dei har hausta av arbeidsinnsatsen til dei små for at dei sjølve skulle halde seg ovanpå og bli endå større. Altså må vi analysere skilje og konfliktar mellom stor og liten om vi skal forstå bygde- og landbrukshistoria til botnar.
Med Ingvild Øye og avsnitt og innsmett her og der som unntak manglar denne analysen i Norges landbrukshistorie. Vi les om bøndenes historie meir enn om heile landbrukets historie. Og vi får gjennom det eit falsk inntrykk av at bygde-Norge gjennom tidene har vore ein egalitær idyll, der alle har levd i sosial og økonomisk harmoni rundt den mannlege gardeigaren.
Sluttvurdering
Vi har fått eit storverk om norsk landbrukshistorie, og det er grunn til å feire. Dei fire bøkene set oss i stand til å forstå dette landet betre.
Men vi bør feire med måte. For enno står mykje att. Enno står ein grundig analyse av korleis naturen har forma norsk landbruk att. Enno manglar stort sett sideblikket til granneland og den internasjonale jamføringa. Enno står det att mykje arbeid når det gjeld å skrive kvinnene, drengene, tausene, ungar i arbeid, dei eldre og langt på veg husmennene og små- og deltidsbrukarane, inn i historia. Og enno skortar det mykje på at vi forstår dei siste 50 åra.
Olav Randen,
småbrukar og skribent
|