Dag og Tid nr. 4, laurdag 25. januar 2003
Klok på bok:
Klok på brann
Hei på dikka i Klok på bok! Gøtt nyttår, og takk for at de er til. Det er ganske lenge sia eg sende noko te dikka sist. Grunnen er nok ganske naturleg, eg har ikkje skjønt eller visst noko serleg av uppgåvene. Denne gongen trur eg at eg kan ha hitta det: Skal tru um det kan vera han Cornelis Vreeswijk. Han har laga uendeleg mykje vakkert, ironisk, treffande og lite tå kort elles og.» , skriv Sigrid Ødegård Hagabekk, 2960 Røn. Barabass og eg var så glade for setninga «takk for at de er til», så han sa med det same han las brevet: Her har me vekas vinnar! Han har streka under setninga med raudt og vore bortom ho Paula og hengt brevet på døra hennar. Så vert ho Paula glad når ho kjem heim frå ferie, seier Barabass.
Hei sportiga Paula, eller slusk-Oskar. Denne ukens svar må være den glade alkomelankoliker og kvapsete taskenspiller Cornelis Vreeswijk (1937-1987). Sangen Nu dagas det i öster er å finne på hans album Vildhallon (fra slutten av 70-tallet en gang, I presume)., skriv Hilde Matre Larsen i Oslo og er svært så klok.
Men slusk-Oskar! Kva i alle dagar? Eg heiter Dale-Oskar og er langt frå ein slusk. Berre spør Paula. Vel, sidan dette skal handla om litteratur, får me gå vidare.
Stein Erik Finne i Bergen er blant dei kloke. Det same er Liv Evju som ikkje fortel kvar ho held til. Ho skriv slik: Over kjølen og enda lenger må vel bety den hollandske svensken Cornelis Vreeswijk. Har ikke sjekket, men tar sjansen.» Liv Evju treng ikkje vera redd for å ta sjansar, seier Barabass.
Det same gjeld Birgitte Berge i Rådal. Ho svarar aldeles korrekt. Lilly Erna Gjernes på Smøla har gjort research, som det heiter: «Nu dagas det i öster av Cornelis Vreeswijk. Den fantes på Deichmanske bibilotek i Skrifter 1. Samlade sånger (Stockholm, Ordfront 2000)»
Kaare Stegavik på Trolla i Trondheim skriv dette: Det herre va en hollender som kom te Sverige som gutonge, å tok opp arven ætten Bellmann ån Evert Taube, næmli hainn CORNELIS VREESWIJK, som skreiv NU DAGAS DET I ØSTER i samlinga VILDHALLON frå 1979. Hainn har litt tå det såmmå somn Francois Villon, synes æ, samtidi somn mijnne littomn Robert Burns. Appropo Burns, hvess det skoill vårrå nån som itj ha lesse dikte omn Tam oShanter, så vijll æ sterkt anbefal Hartvig Kirans oversættels me tittel Mons i Urda.( når serketauser freistar dykk, tenk på han Mons og merra hans .) Men no kom æ vesst langt utom temae. Son e det nårn byijnne å dra på åra. Håpe atn Barabass får litt fint småhøy, ljåslått på natureng, det e det
beste hainn veit, trur æ. Med kattfot å pænggras. Barabass likar han Kaare. Kaare er så klok og god, brekar han.
Thor Henriksen er òg blant dei kloke. Han har skrive dette svaret: Mitt bidrag til svar kunne lyde slik: Holder man seg borte fra bøker, som visstnok opptil flere menn gjør, kan teksten i visa Nu dagas det i öster likevel lyttes til. Den første lydkilden var en LP som kom i 1979 med tittelen Vildhallon. Visemakeren var Cornelis Vreeswijk. I denne visa sparker han fandenivoldsk til ponduserte krigsherrer, og vender tilbake til sin lengsel, en bortvendt kvinnes kjærlighet.»
Ingrid på Nesoddtangen svarar korrekt på eit gildt kort frå Østerdalen. Elen Maria Todal i Hellandsjøen og Olav Molven er både kloke og vise.
Nei, no trur eg han Barabass og eg må ta oss ein kaffisup. Det er stusseleg her når ho Paula er borte. Me planlegg eit lite kaffislabberas når ho kjem. Utan Paula hadde det vore trasig her i bygda, seier Barabass, og eg kan ikkje anna enn å seia meg samd.
Klok 599
Da snakker vi ikke mer om den saken.
Det var ikke det jeg mente.
Hvordan skulle jeg kunne ha sagt noe då dumt, sa prostinnen; så dum er jeg ikke da.
Alma tidde.
De har seg sånn at hvis klokkeren hadde sprunget og slått alarm, hadde ikke prestegården brent ned.
Vekket ikke denne klokken dere, da.
Jo, etterpå. Men til å begynne med, enda han så at prestegården sto i brann, foretok han seg ingenting.
Dette er byrjinga på ein roman som er rekna som hovudverket til ein forfattar som skreiv både lyrikk, romanar og noveller. Eit overordna tema hjå forfattaren er korleis kvinner opplever eigen identitet. To tips: Norden og utstopping!
Kva heiter forfattaren? Kva heiter romanen og kva tid kom han ut?
Veit du svaret, sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til paula@dagogtid.no. Svar innan fredag 31. januar. Lykke til!
Dale-Oskar
og Barabass
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|