Dag og Tid nr. 4, laurdag 25. januar 2003

Film:
Gudfaren i ishavsbyen
– Dei som hevdar at kommersiell film er det folk vil ha, gløymer at veldig mange vil ha noko anna, seier Hans Henrik Berg. Filmfestivalsjefen i Tromsø har nett prova dette nok ein gong.

Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

TROMSØ: Det er måndag føremiddag. Snøen fell over ein stille by, alle prisane er delte ut, gjestene har reist. Bakrusen sig inn over Tromsø etter ein vellukka filmfestival, den 13. i rekkja. På kontoret sitt i Verdensteateret puslar festivalsjef og kinosjef Hans Henrik Berg rundt og ryddar opp i rotet.

– Det er ein tulldag, det her. Men du får kome inn.

Berg ser sliten, men tilfreds ut. Han har god grunn til båe delar. 38.819 menneske har sett film på Tromsø Internasjonale Filmfestival i løpet av seks hektiske januardøgn.

– Vi meinte besøket var der det skulle vere i fjor, da vi passerte 36.000. Men jammen fekk vi ny rekord igjen, seier filmgeneralen.

– Kapasiteten er eigentleg sprengd, det er mange som ikkje kjem inn på dei filmane dei vil sjå. Det einaste vi kan gjere no, er å få fleire til å gå på dei tidlege framsyningane.

Tru mot ideen

Under opninga av filmfestivalen vart 69-åringen Berg sjølv heidra med æresprisen til Norsk Filmklubbforbund. «Årets vinner har gjennom mange år kjempet en kamp for kultur og kvalitet i en kommersiell bransje», heitte det i grunngjevinga.
For den kvalitetsmedvitne Berg er profilen på festivalen minst like viktig som publikumssuksessen.

– Programmet i år er tru mot den opphavlege ideen: Å rette søkjelyset mot alternativ film, mot den store verda utanfor Hollywood. Vi har vist film frå ukjende land som folk nesten ikkje klarer å uttale namnet på, og det har vore film med kvalitet.

Men trass i at TIFF har vakse seg stor sidan den speide starten i 1992, er det ikkje enkelt å halde kvaliteten på programmet oppe. Mange gode filmar fall ut i år fordi festivalen ikkje fekk tak i dei, vedgår Berg. For parallelt med at dei fleste kinoar rundt i verda har blitt meir kommersielle, har festivalar for alternativ film vakse fram som ein ny distribusjonskanal. Og det skaper konkurranse.

– Festivalane har blitt som ei alternativ kinoverksemd. I starten var denne konkurransen meir handterleg. Men no har det blitt veldig mange festivalar, og dei mest etterspurde filmane har blitt for dyre for oss. Når kunstnaren er ferdig med å lage ein film, overtek agenten. Og dei folka er temmeleg...

Berg får eld i augo, men stoggar opp og tenkjer seg om.

– Somme av dei neglisjerer oss, vi er ikkje interessante nok. Eit anna problem er at det ofte berre finst ein festivalkopi av kvar film, og den kan det vere rift om. Heldigvis har vi eit godt samarbeid med filmfestivalen i Gøteborg, som kjem like etter oss.

Norsk sakn

Hans Henrik Berg var svært glad over at Tromsø-festivalen fekk Bent Hamers Sanger fra kjøkkenet som opningsfilm i år.

– Ein skulle tru det var eit tingingsverk. Filmen er heilt i vår ånd. Eg har stor sans for det stillferdige og varsame i Sanger fra kjøkkenet, den enkle måten å fortelje historia på. Og det er gledeleg at festivalen i Tromsø har blitt ein attraktiv stad for norske regissørar å ha premiere.

Som kinosjef, festivalsjef og kinogjengar er Berg intenst oppteken av norsk film, og han likar slett ikkje alt han ser på den fronten.

– I eit godt år som 2001, med Heftig og begeistret og Elling, utgjorde norske filmar 16 prosent av billettsalet på kinoane. Vi kan berre drøyme om at norske filmar skal utgjere 30 prosent av salet, slik tilfellet er med svensk og dansk film i sine heimland.

Berg er tilbøyeleg til å vere samd med forfattaren Erlend Loe, som i haust forarga delar av filmmiljøet da han kritiserte kvaliteten på norske filmmanus, og meinte at norske regissørar burde satse meir på å nå eit breitt publikum.

– Regissørane våre må bli flinkare til å lage film folk vil sjå, ikkje film som berre mor til regissøren vil sjå. Erlend Loe kritiserte Musikk for bryllup og begravelser av Unni Straume, og eg er nokså samd med han. Filmen ser flott ut, men folk må seie noko òg, ein må kunne å skrive dialogar. Det blir litt juks overfor publikum: som ein julepakke som ser stor og flott ut, men så er det berre ein liten Firkløver inni, seier Berg.

– Eg vil slett ikkje at alle skal tenkje kommersielt. Men du treng eit godt manus, ein god ide i botnen. At ein film er smal, garanterer ikkje at han er god. Og det å prøve fri til publikum, gjev ingen garanti for at du lukkast med det.

Trappar ned

Førre fredag var Hans Henrik Berg hovudoppslag i Nordlys. «Sjefen gir seg», var den dramatiske meldinga. Det var litt forhasta: Etter nesten 40 år som kinosjef i Tromsø og mange års engasjement for filmfestivalen skal han no trappe ned. Men det hastar ikkje, først må arvtakaren finnast.

– Eg er den siste dinosauren i kinobransjen, meiner Berg.

– Da eg starta, var filmen åleine om å syne levande bilete. Og inntektene var deretter. Det artige er at folk gjekk og såg også «rare» filmar. Vi sette opp filmane til Bergman, Dreyer, Truffaut og resten av den franske bølga. Og folk gjekk og såg. Dei sa gjerne: Farsken, ka slags toill har dæm sætt opp no, men dei såg.

Dersom folk ikkje blir eksponerte for alternativ film, kan dei heller ikkje lære å like det, påpeikar Berg.

– Dei som hevdar at kommersiell film er det folk vil ha, gløymer at veldig mange vil ha noko anna. Her har også tv-kanalane svikta, ikkje minst NRK, som ikkje er nøydd til vere så hysteriske på rating. Men slik får du einsretting. Om det ikkje finst ost og grovbrød på frukostbordet, er det ingen som kan lære å like det. Da blir det berre sjokoladepålegg, seier Hans Henrik Berg.

– Slik sett er det tankevekkjande at 40.000 menneske kan flyge rundt i Tromsø i seks dagar for å sjå «rar» film.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |