Dag og Tid nr. 4, laurdag 25. januar 2003
Bøker:
Tragisk
Eg trur at Stormstigen er ei bok det kan ta år å bli klok på, skriv Hadle Oftedal Andersen.
DIKT
Tone Hødnebø:
Stormstigen
Kolon
Tone Hødnebø debuterte i 1989. Etter fem års venting er det ikkje lite ein ventar seg når ho nå endeleg er ute med si fjerde samling. For Hødnebø er ein av dei verkeleg gode. Saman med Geir Gulliksen, Jon Fosse og Hanne Bramness var det ho som fann på at ein kunne avgrensa det grenselause, og på den måten få sagt noko konkret om det som går føre seg der:
Hånd gjemt inne i en hånd,
hånden som ikke er hånd
blir hånd igjen, griper
glass, bestikk, blomsterstilk
en ny hånd fremkalt i hånden
griper et glass inne i glasset,
stilk i stilken,
en overgitt glans
I dette diktet frå 1994 er det truleg tre hender: Eit vakse menneske si hand. Ei barnehand, altså handa til barnet ein framleis er sjølv om det ligg noko vakse utanpå (eventuelt handa til eit lite barn når ein vaksen hjelper det med å gripa ting). Og gjennom samspelet mellom desse to blir det peika mot ei overskriding av tida, mot ei samtidigheit av barndom og vaksenliv, og med det vidare mot ideen hand, den utan «glans», den som eksisterer i Platons idéverd eller liknande.
I årets bok, som har fått tittelen Stormstigen, er det referansar til den antikke tragedien som sjanger. Og i det antikke tragedieteateret er det menneskelege rommet delt i fire: Det anonyme koret som står bak publikum er det identitetslause. Publikum er det medvitne. Aktørane på scena er det fysiske. Og gudane, som kan komma til synes på scena i form av mekaniske innrettingar, er det metafysiske.
Det er først og fremst denne inndelinga av verda Hødnebø viser til, til dømes i dei tekstane som har overskrifta «Kor». For elles er det tankane og opplevingane til eit moderne menneske ein møter. Eit moderne menneske som tenker gjennom denne gamle inndelinga, rett nok, men like fullt eit moderne menneske som formulerer moderne dikt:
KOM HIT, et sus av
spurvenes vingeslag
når den våkne griper den
sovende
i søvnen.
Den levende griper den døde
søvnen, det var en drøm
jeg hadde drømt før
og du sank til bunnen av
drømmen
til sommeren utenfor
for vi tenkte på likt for å
glemme
det som kom til å hende.
Ifølge tragedien sin tenkemåte er det gudane som syner seg i draumen altså det metafysiske, ikkje det kroppslege eller identitetslause. Derfor rører ein seg i dette diktet frå det metafysiske til scena «når den våkne griper den sovende». Derfor rører ein seg vidare frå draumen med dei to, det som nå er opplyst på scena, til det som er utanfor, altså til dei andre menneska. Og derfor kjem ein til slutt til koret, til det at dei «tenkte på likt».
Rørsla går med andre ord frå idealet, mannen og kvinna som på guddommeleg vis høyrer saman, mot ei oppløysing i gløymsla. Dei kjem til å gå frå kvarandre. Og det kjem dei, utifrå tragedietenkinga, til å gjera på grunn av det som var spesielt ved dei. Og det spesielle var at dei «tenkte på likt», at dei tenkte (dvs. reflekterte, slik publikum gjer) på likt (slik koret gjer) i staden for å handla (slik aktørane på scena gjer) individualisert (slik gudane gjer).
Slik nyttar Hødnebø den antikke tragedien sin tenkemåte til å gjera synleg korfor det moderne forholdet går i oppløysing: fordi det går motsett veg, fordi det freistar å riva seg laus frå sin eigen lagnad, «det som kom til å hende». Dei aksepterer ikkje skilnaden, den som gjer at mannen og kvinna passar perfekt saman, i det metafysiske. I staden søker dei det like, og oppløyser med det forholdet i det som ikkje kan identifiserast.
I alle fall slik eg forstår det. (Det er sikkert mange andre måtar å forstå det på òg.)
Elles er det særmerkande for denne samlinga at ei rad ord og vendingar som ein gong blei oppfatta som poetiske, men som nettopp derfor ikkje lenger førekjem i poesien, er flytta tilbake på scena: «hjertet står i brann», «forsmådd sjel», «jeg (...) ser mot den klareste stjernen», «et spyd som borer inn i hjertet», «Å elskede, bli i hjertet mitt». Dette er ei utfordring, til oss som lesarar: å akseptera det gamle, det banale og kanskje derfor sanne. Å tenkja oss sjølve opp mot den gamle måten å tenkja på, utan å stå fast i vårt eige perspektiv og nøya oss med å konstatera at det andre er framandt.
Eg trur, her eg sit, at dette er ei slik bok det kan ta år å bli klok på. Ei bok ein ikkje er sikker på om ein likar før lenge etterpå, når ein les henne for tjuande gongen og endeleg kjenner at ein får orda i tale. Eg trur, som sagt. Om det er slik, veit eg ikkje på lenge enno. I mellomtida er det uvissa som arbeider i meg. Og når alt kjem til alt er det vel eigentleg det som er den poetiske opplevinga.
Hadle Oftedal Andersen
|