Dag og Tid nr. 3, laurdag 18. januar 2003

Roald Helgheim:
Det historiske festet
Ein menneskealder etter ei McCarthy-tid som sette Hollywood i brennpunktet for dei amerikanske hekseprosessane, driv filmmetropolen friviljug politisk sjølvsensur etter 11. september 2001. Vi snakkar ikkje om tiltak mot krigsfilmar allment eller mot vald i filmane. (Patriotisk historieforfalsking som heroiserer USA si rolle i Somalia – Black Hawk Down – går bra). Vi snakkar om The Quiet American etter Graham Greenes politiske thriller, som vart teken av plakatane i USA etter å ha blitt vist på nokre bakgate-kinoar lenge nok til å kunne bli Oscar-nominert. «Vi kan ikkje vise filmen no. Det er ikkje patriotisk. Amerika må stå sterkt og samla. Det er ingen som ønskjer å sjå ein film der amerikanarane er skurkane.» Dette er Hollywood-produsent og Miramax-sjef Harvey Weinsteins grunngjeving for å setje filmen på politisk indeks.

Handlinga i filmen er frå det femtitalet då USA tok dei første stega ut or den politiske hengemyra Vietnam. Og mens president Bush bur seg for ei ny slagmark i eit land berre 13 prosent av landsmennene hans kan finne på kartet, sluttar mektige krefter i filmmetropolen seg til ein kampanje som ikkje er offisiell, men effektiv: Skylappar som vern mot historisk lærdom. Det er ein kampanje for å gløyme The Hinge Of History – fritt omsett «dei historiske knaggane» – som Joan Didion skriv om i The New York Review Of Books. Det er dei knaggane (eller hengslene) som syter for at det historiske minnet ikkje går tapt.

Det er fleire filmar som har fått politiske problem i USA. Ein av dei er den fleirnasjonale antologien 11.09.01, skulda for «anti-amerikanisme» etter at Ken Loach brukte episoden sin til å minnast 11. september 1973, kuppdagen i Chile. (Før vi slår oss sjølve på brystet, er det grunn til å minne om at under Golfkrigen i 1991 stogga NRK dei satiriske krigsseriane Svarte Orm (med Rowan Atkinson & Co) og Alo’, alo’, av omsyn til den vest-allierte krigsmoralen!). Men når fleire og fleire stiller spørsmål ved heile motivet for eit USA-felttog mot Saddam Hussein, er det tid for eit bekymra tema-oppslag i Time. «Blaming America» er tittelen over eit brennande amerikansk flagg som i seg sjølv er ei politisk majestetsfornærming. Som vanleg gjer Time jobben sin grundig og sakleg, og som USA-kritisk kommentator har Brian Eno fått ordet, den engelske musikaren som i perioden 1978-1983 budde i USA, og som viste sin kjærleik til landet gjennom film. «For denne europearen heng Amerika fast i ei festning av arroganse og ignoranse», skriv han, i ein kommentar om ein mentalitet som held på å gjere paranoia og isolasjon til ein livsstil.

Denne mentale innsnevringa blir forsterka av det han kallar den politiske passiviteten på venstresida. Alt for ofte presenterer USA «the american way» som den einaste, og den frie marknads-darwinismen deira som vegen til menneskeleg framgang, skriv Eno. «Slutt å lage fiendar og start med å få vener. Kan hende er det å be om mykje når ein forventar at Amerika skal oppføre seg annleis enn alle dei andre imperia i historia, men var ikkje det den opphavlege ideen?», spør han.

Journalisten, skribenten og forfattaren Joan Didion er ein hyppig politisk kronikør i New York Review of Books. I Fixed Opinions, or the Hinge Of History skildrar ho skiftet i den offentlege mentaliteten etter den første tida med sjokk og sjølvransaking etter 11.9. Attende i New York etter ei foredragsreise rett etterpå opplevde ho at Stephen Sondheims Assasins var teken av ein teaterplakat, men det verste var korleis alt som nedlatande vart kalla «ironi» og «postmodernisme» vart erstatta med krav om «moral clarity». Skulle det vere heimstadlære, skulle ho ikkje sjåast gjennom linsa for politisk korrektheit og «psevodosofistisk relativisme», som det heitte i ei bok. At kritiske røyster som Noam Chomsky og Paul Kennedy fekk gjennomgå, var ein ting, men ho siterer ei augnevitneskildring frå ein som dei første dagane etter 11. september gjekk rundt i New York-gatene, Steven Weber frå universitetet i Berkeley. Det første han merka seg var bokhandlane.

12. september 2001 var hyllene tome for bøker om islam, amerikansk utanrikspolitikk, Irak, you name it. Dei var ikkje fjerna av bokhandlarane, men kjøpte av folk som ville lære. Det var ein viktig diskusjon i gang om kva det var med det amerikanske nærveret i verda som gjorde at rørsler som Al Qaeda kunne oppstå og blomstre. Men så hende det noko, ein eller annan snudde agendaen og ville heller diskutere kva som var feil med ei muslimsk verd som ikkje ville ha demokrati og «amerikanske» verdiar, og Steven Weber oppsummerar at det var ein historisk feil som vil få langvarige verknader at dei politiske leiarane, intelligentsiaen og media ikkje tok den diskusjonen som var i emning, og prøvde å drive han vidare på ein konstruktiv måte.

Joan Didion føyer ei rad andre moment til det ho opplever som ein omseggripande tendens til å kaste vrak på historiske lærdommar, i ei tid då dei kunne trengast meir enn nokosinne. I staden pågår det ei mental opprustning til krig, med Standoff With Irak som tittel over New York Times’ spesialsider om den kommande krigen, med historiske tilbakeblikk på Golfkrigen og eit instruktivt kart over Irak. I mellomtida har president Bush vore i redaksjonen til National Graphic, som alltid gir eit oppdatert kartverk i gåve til kvar ny president. I ein kommentar skriv redaktøren at den geografiske vankunna om Irak uroar han djupt. Det er fleire enn presidenten som treng nye kart.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |