Dag og Tid nr. 3, laurdag 18. januar 2003
Film:
Salmane i Landstad
Salmer fra kjøkkenet er den norske filmen det kjem til å bli snakka om dette året.
FILM
Salmer fra kjøkkenet
Regi: Bent Hamer
Norge 2003
På pr-sida er han oppført som «komedie». Eit namn skal vel sjangeren ha, men for eit djupt alvor det er i denne soga frå mannen bak det eksistensielle utkantdramaet Eggs. Om filmen innimellom kallar på den hylande låtten, er eg viss på at løyndommen ligg i det, at dei som er med aldri prøver å spele komedie. Eg høyrde eit radiointervju med Joachim Calmeyer og Tomas Norström, einebuaren og han som observerer han, om korleis dei sleit i dagar med det å ikkje «spele» rollene, men «vere» dei, i djupaste alvor. At heile atmosfæren og scenariet ligg så nær opp til Eggs, i eit aude landskap på den mest trøysteslause landsbygda på grå vinterstid, er sikkert tilfeldig (men Hamer nyttar høvet til å leggje inn ei ubetaleleg lita eggscene i filmen).
Etter det Hamer sjølv seier, har filmen gjæra i han sidan han for tjue år sidan såg eit skjema frå svenske Hemmens Forskingsinstitut over husmora sine rørsler på kjøkenet. Ein vakker dag må scenariet ha stått krystallklårt for han.
Musik på svenska
Frå då av gjekk det berre ein veg, og vi er i gang med eit stillferdig landsens drama, som skapt for nettopp den musikken som innleier det, Jan Johanssons udøyelege versjon av folketonen Visa från Utanmyra. Det er eit enkelt musikalsk utgangspunkt som eit band av unge norske jazzmusikar stilsikkert byggjer vidare på gjennom filmen. (Som alltid kjem uskikken med å vise alle musikkfakta heilt til slutt på rulletekstane, då mang ein maskinist alt har slått av heile greia).
Men før alt dette har vi altså sett glimtet frå den svenske instruksjons- og forskingsfilmen som all førehandsreklame har lokka med (eigentleg er han nylaga av Hamer etter ein svensk original). Som den viktigaste arbeidsplassen i den nasjonale hushaldninga var kjøkenet på femtitalet kjelde til ein heil vitskap, og folk strøymde i tusental til utstillingar der det vart vist modellar av idealkjøkenet. Med dette som utangspunkt er det Bent Hamer kjem på tanken at svenskane sender eit dusin feltobservatørar over grensa til norske Landstad, for å studere kjøkenlivet hos ungkarar på bygda.
Kolonnen mot vest
Som ein kolonne frå outer space kjem dei i sine tidsriktige Volvor, tilkobla eggeliknande femtitals campingvogner for observatørane å bu i, og berre overgangen frå venstre til høgrekøyring gir filmen like mange gratis poeng som nordmenn har i alle diskusjonar med svenskane: det er berre å kome med eit hint om krigen.
Svenske skodespelarar vi kjenner att frå tallause filmar og folkhemseriar er som skapt til føremålet, attåt vår eigen Bjørn Floberg som humørsjuk traktornabo, Gard Eidsvold som tonasjonal postmann og Sverre Anker Ousdahl som kjederøykjande lege. Men det er i huset til Isak (Calmeyer) det skjer, i det ordlause dramaet mellom den einebuande bonden og hans nitide observatør Folke (Tomas Norström), som på kveldstid i campingvogna si lengtar heim og spelar Flickorna i Småland på platespelaren. Det var ei svensk etterkrigslandeplage like stor som Far, jag får inte upp min kokosnöt, spela i filler av Thomas von Brömssen, sjømannsfaren i Mitt liv som hund. På stallen står ein utsliten hest, og det skal gå opp for oss at det er ein banal grunn til at bonden har meldt seg på. Men når koden om null kommunikasjon mellom objekt og observatør blir uuthaldeleg,
utspelar det seg eit vidunderleg kammerspel om menneskeleg kontakt mellom einslege sjeler. Då har ein kollega blant observatørane alt gått på fylla med den han skal observere, og i jakta på meir børst ropar han at «Man måste ju prata med varann».
Og sjølve universet til den nitide over-observatøren
raknar.
Alvorleg humor
Eit så tilsynelatande absurd opplegg kunne ha blitt spela utfor stupet. Men når filmen innimellom avfødar scener av ustyrteleg komikk, skuldast det at han tek menneska på alvor. Det er ein medmenneskeleg varme i han som rører meg djupt, og eg takkar alle gode ånder for at Hamer heller ikkje denne gongen er i nærleiken av dei katastrofane som bygda sett gjennom urbane filmkamera ofte har påført film-Noreg.
Salmer frå kjøkkenet er ei gåve til oss alle.
Roald Helgheim
|