Dag og Tid nr. 2, laurdag 11. januar 2003
Roald Helgheim:
Politisk blåfrost
Det starta med ein bannbulle mot dei intellektuelle, då forfattaren og skribenten Nils-Fredrik Nilsen rett før jula i 2001 gjekk til åtak mot standen med kronikken «Hva er galt med de intellektuelle?». Det var ein reaksjon på eit opprop mot krigen i Afghanistan. Ein av dei få som tok til motmæle mot den parodien av dei intellektuelle Nilsen gjekk til åtak på, var antropologen Marianne Gullestad. Året 2002 var så vidt i gang, og med boka Det norske sett med nye øyne leverte Gullestad i mine auge det første ballesparket med sus i, både mot sin eigen stand og mot ein ganske sjølvtilfreds åndselite. Det var ei tid då det hadde blitt intellektuelt stovereint å snakke nedsetjande om det som truga homogeniteten i det kvite samfunnet, meinte ho. Ein hissig
debattkveld seinare gjekk det opp for meg kvifor boka provoserte så mange, noko forfattaren fekk kjenne att med renter då ho og retta søkjelyset mot Shabana Rehman, og tok til kritisk motmæle mot dette ikonet som ikkje berre stod modig opp for sine undertrykte innvandrar-medsøstre, men som hadde gjort ein sport av å skjelle ut både feministar, intellektuelle og andre gammalradikale, som Gullestad.
Vitsen her er ikkje å kjempe dette slaget om att, men i jakta på ein ide har eg bladd gjennom kommentarane mine frå 2002, eit år der ein viss type intellektuell sjølvpisking ikkje førde til stort meir enn akkurat det. Sjølvpisking og eit monomant fokus på minoritetar som til ei kvar tid skulle stå skulerett for noko, særleg for at dei isolerer seg og ikkje viser vilje til å bli norske. Kunne dei ikkje bli som oss i ein fart, så vi slapp ubehaget i mangekulturen? Ein gong skulle eg gjerne ha sett ei undersøking over kor mange frå majoritetssamfunnet som sjølv aktivt oppsøkjer minoritetar på lik fot, med formål å få menneskeleg kontakt. Det kunne vere ein peikepinn på om det er dei som isolerer seg frå oss eller vi som unngår dei. Eg trur eg veit svaret, sjølv om det er mange fora der særleg ungdom kryssar grensene. Og eg ser at fjoråret framleis knapt
hadde byrja då kyllingstuntet utanfor Rikshospitalet fekk alle dei pompøse kommentatorane til å gå i baret, mens stuntet i ulike variantar vart ein farsott blant folket.
Det var då æresdrapet slo ned i oss alle, etterfølgt av den moralske panikken norske politikarar etterpå har utnytta for alt han er verd, med deler av venstresida på slep. SV slo lag med FrP, og begge såg over hav mot Danmark, der ei nykonservativ regjering gjennomførde ein innvandringspolitikk som gjorde sjølv Frp til amatørar. Det var på dette tidspunktet vi fekk det første søkjelyset mot eit CIA og eit FBI som over ti år etter den kalde krigen endå hadde sett feil veg etter både spionar og terroristar, samstundes som dei gjekk i baret i den oppblåste saka mot ein påstått kinesisk-amerikansk atomspion. Den norske sjølvgodleiken under dophysteriet i Lake Placid har denne hausten blitt stilt i sitt rette lys, om enn på ein annan måte enn både toppidretten og TV2 hadde tenkt seg, men kva hende med FN-resolusjon 1397, som vart vedteken 35 år etter at resolusjonen nummer
242 kravde tilbaketrekking frå alle Israel-okkuperte område, og som bekrefta «visjonen» om ein palestinsk stat?
Gone with the wind, lik det meste anna som kunne ha ein smak av fred og ikkje krig i dette året då det krigshissande USA og høgrehanda Sharon har fått grassere fritt. På denne tida fekk vi også eit drap i Moss som politimeister Huuse ikkje berre utnytta til meir innvandrar-fiendskap, men som den stadig meir triggerhappy justisministeren ville bruke til å krevje strengare straffer for knivbruk. Denne spalta gjekk til åtak på dei som berre vil ha dei gode og lyse sidene ved det fleirkulturelle samfunnet, og ikkje dei vonde sidene som alle samfunn strevar med. Mot alle som trur at det finst ein spesifikk medisin mot kriminalitet blant minoritetar, annleis enn det vi kjempar mot all kriminalitet med. Det er ei førestelling som fekk sitt mest bisarre innslag då ein innvandrarrepresentant av alle i det kriminalitetsførebyggjande rådet ville at muslimar som vitnar i norsk rett må sverje
ved Koranen, for å hindre at dei lyg. Opptil fleire fagfolk gjekk fem på, til vi alle vart mint om at sjølv i Pakistan har dei slutta med slikt, slik vår eigen Bibel forlengst er borte frå norske rettssalar. (Mens vi er i det beitet: hugsar du korleis det gjekk med dei to tidlegare kaprarane som seinare hadde fått opphald i Norge på humanitært grunnlag?)
Tilfeldigvis var eg i Frankrike då landet vart berga for ei nasjonal Le Pen-skam i andre valrunde. Det er ikkje like sikkert at eit norsk presidentval, lat oss seie mellom Bondevik og Hagen, hadde gjort det same. Så rasert har det politiske spektrumet blitt her i landet at kven som går i allianse med kven snart kan bli ein tippeliga. Forvirringa om straumprisane har åleine vist oss ein politisk ørken fri for gangsyn og elementær kunnskap, og kva kan ein då vente i dei store spørsmåla? Sjølv ein kongetale mot mobbing framstår som visjonær, i høve til skvalderet i den politiske daglegtalen.
I dette politiske vakuumet ser venstresida meir valen og blåfrosen ut enn nokosinne. Mens krigen nærmar seg, steg for steg.
|