Dag og Tid nr. 2, laurdag 11. januar 2003
Leiar:
Bomber og sjølvskot
Våpeninspektørane byrja arbeidet sitt den 27. november, men enno er det ikkje funne spor etter masseøydeleggingsvåpen i Irak. Det er mindre enn tre veker til dei skal levera rapporten sin til Tryggingsrådet.
Samstundes er det full amerikansk opptrapping i ulike delar av verda, og ekspertane trur at det går mot krig. Sjølv om våpeninspektørane ikkje finn noko, sit Saddam Hussein i fella. Truleg kjem USA og Storbritannia til å setja fokus på det som Irak ikkje har gjort greie for. For Irak skal ikkje ha gjort greie for kva som har skjedd med store lager av biologiske og kjemiske stoff som vart produserte før Golfkrigen. Dermed kan det verta eit spørsmål om prov for at Irak har destruert våpna, og grunnlaget for krigserklæringa kan verta tynnare enn tynn.
Går USA til krig mot Irak utan ha påvist masseøydeleggingsvåpen i landet, vert det svært vanskeleg å forklara at ein ignorerer det langt større trugsmålet frå Nord-Korea. Landet er ein leiande eksportør av både rakettar og atomteknologi. Fleire ekspertar har vist til at både al-Quaida og andre har prøvd å skaffa seg høgt opprika uran. Dei reknar det ikkje for usannsynleg at ei primitiv atombombe kan verta sprengt i ein amerikansk storby.
I staden for å bruka milliardar på ein vanvittig krig mot Irak, burde både USA og andre land bruka pengane på sikra det uranet som flyt rundt både på den svarte marknaden og i forskingslaboratorium. Russland aleine sit på 1000 tonn opprika uran, og det er nok til 10.000 atombomber. I 345 forskingsreaktorar i 58 land skal det finnast 20 tonn høgt opprika uran.
I staden for å stilla inn krigsmaskina mot Irak, bør Bush-regjeringa heller utarbeida ein heilskapleg plan for å hindra spreiinga av atomvåpen.
Ottar Fyllingsnes
|