Dag og Tid nr. 1, laurdag 4. januar 2003

Roald Helgheim:
Det siste ville rittet
Det var ho som berga utgangen av året med det symmetriske talet 2002; ei kvinne i rullestol som brasa gjennom ei butikkdør i Sandnes og kom seg unna eit mannekobbel av forfølgjarar. Etter å ha hengt seg bak på køyretyet vart dei rista av ein for ein på hålka, og sjølv om dei nådde henne att på ein busshaldeplass og greidde å ta nøkkelen ut av tenningslåsen, beit og slo ho seg fri og kom seg unna. Vi snakkar om eit menneske med eit avgjerande handikap, som altså hadde stukke av med varer ho ikkje hadde betalt for. Slikt skal ein ikkje gjere, men i vår tabloide verd må hendinga reknast som årets siste store høgdepunkt i underhaldning. I VG vart hendinga skildra med oversynsbilde og piler, som om det var ei stor forbrytarjakt. Saka var eit soleklart toppoppslag i den siste romjula før USA går til krig, og om delinkventen skulle vere teken når dette blir lese, vil eg likevel gratulere med innsatsen og ønskje godt nytt år.

Ei slik hending er trass alt meir å skrive heim om enn veret. Nokon burde forske på norsk ver-journalistikk. Det tenkjer eg når eg ser, høyrer eller les det hundre og n’te hysteriske oppslaget om eit snøfall i vinterlandet Norge. At ein og annan alltid er dårleg budd på det, veit vi. Likevel er det ein årviss mediegjengangar. Men kva skal vi lære av fjernsynsbilde av ein bil som står og spinn seg djupare ned i snøen eller av eit menneske med gåstol som får hjelp i snøen? Daglegdagse episodar blir dramatisert hysteri. Ordet kaos er for lengst tømt for innhald, mens eg i eit stort oppslag les at kvart snøfall kostar ein by i Sør-Norge 300.000 kroner. Verkeleg? Det seier meg ingen ting, anna enn å tene som illustrasjon på korleis journalistikkens trong til å skape det hysteriske verdsbildet gjer seg gjeldande heilt inn i det daglegdagse.

Mykje hysteri og sensasjonsoppslag, forsterka med allmenn vankunne, pregar også mesteparten av ein kraftjournalistikk der du og eg blir gjort ansvarlege for å spare straum, mens dei som verkeleg driv straumprisane i veret, går fri. I Norge skulle det vere eit soleklart offentleg ansvar å levere straum til ein rimeleg penge for alle, i staden for å gjere det til eit spekulasjonsobjekt der det som tel, er om eigarar og aksjonærar tener på det. Likevel høyrer eg på tampen av året ein radioreporter som har late seg forføre av ein kommunalminister som meiner dei aukande prisane kan styrke økonomien til kommunane. Kommunar som meiner dei på grunn av prisane snart ikkje har råd til å varme opp skule-stovene. Korleis kan det henge i hop?

Reporteren greier ikkje å spørje ministeren om den eigentlege årsaka til prisgaloppen, men spelar på lag med henne mot ein kritisk Sp-politikar. Korleis kan dei som har eksportert kraft tidlegare i år, bruke påstått kraftmangel til å skru prisane i veret? Mens energiministeren spring frå ansvaret, er det gode tider for alle som alltid står klare til å snakke om «forbrukarsamfunnet» og det personlege ansvaret, som om vi alle er i same båt. Staten skal no bruke millionar på ein sparekampanje. Sidan staten og kraftindustrien truleg er dei to aktørane som sløser bort mest kraft, er det grunn til å imøtesjå kampanjen med interesse.

Vis meg eit område der privatisering og konkurranse har gjort ei teneste billegare. Denne veka har Aftenposten vist at opplysningstelefonen til Telenor stadig er den billegaste. Konkurrentane ligg etter, og skuldar på manglande rutine. Ein dag skal dei bli like profesjonelle som Telenor, men kva så? Kva er grunnen til at folk skal bruke tid på å velje mellom slike tenester som alle treng i dagleg-livet, anna enn at nokon skal tene pengar på det? Då kraftmarknaden vart avregulert, var omkvedet at no kunne forbrukarane sjølve søkje etter den billegaste krafta. Resultatet av dette offentlege bedraget spelar seg no ut for fullt. I 2002 opplevde vi at eit sjukehus måtte seie opp folk fordi eigarane har spela dårleg på børsen. Slike meldingar høyrer snart til dagens orden, på område etter område. Men den offentlege dereguleringa svekkjer ikkje staten som stat. Det gjer det berre lettare for han å fråskrive seg ansvaret. I dag snakkar alle om grådigheitskulturen, men kven gjer noko med han? (Etter at den første stormen hadde lagt seg etter P4-oppstyret, kunne vi lese at kanalen heile tida har vore ei mjølkeku for aksjonærar som har tent seg steinrike. Likevel sparka han eit tjuetal tilsette tidlegare i år fordi eit overskot i mangemilionklassen ikkje var stort nok.)

Det vi høyrer, er i beste fall eit kappløp i offentleg moralisme. Den grunnleggjande samfunnskritikken har forvitra, når vi no går inn i eit nyår der den globale trusselen er av andre dimensjonar enn det kapitalistiske frisleppet i det steinrike Norge. I nyårshelga høvde det for president Bush å snakke om at han håpa på ei fredeleg løysing om Irak. Få snakkar meir om fred enn dei som pønskar på krig. Slik oppfører også verdas største krigshissar seg etter boka. Presidenten som har merka av «vondskapens akse» på krigskartet, har sjølv blitt ein eksponent for vondskap, og for eit reaksjonært bakstreveri på alle område. Eit av dei siste døma var å sabotere eit FN-tiltak for billegare medisinar til dei fattige. Samstundes arbeider USA iherdig for å inngå gjensidige avtalar om å ikkje utlevere borgarane til kvarandre til den nye krigsforbrytardomstolen. Ein avtale gjekk i boks i romjula, med India. Slikt kan berre ei supermakt gjere. Den største krigshissaren i verda, utan konkurranse.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |