Dag og Tid nr. 1, laurdag 4. januar 2003

Historie:
Leksikon forteier sovjetiske overgrep
Aschehoug og Gyldendals store eittbandsleksikon frå 2001 har ikkje sett det som si oppgåve å informere om folkemordet under sovjetkommunismen.

Svein Gjerdåker
og Per Anders Todal

Dag og Tid påpeika i leiarartikkelen i førre nummer at Aschehoug og Gyldendals Store Norske Leksikon har store manglar i omtalen av ugjerningane til styresmaktene i Sovjetunionen. Ein gjennomgang av Aschehoug og Gyldendals store ettbindsleksikon (Kunnskapsforlaget) viser at ein heller ikkje der har sett det som si oppgåve å informere om folkemordet i Sovjetunionen. Redaksjonen har nesten fullstendig ignorert emnet.
Leksikonet blir marknadsført som det leiande eittbandsleksikonet i landet, og har 54.000 artiklar. Det vert kvart år kjøpt av mange skuleelevar og studentar.

Gulasj, ikkje GULag

Eit stikkord som GULag, namnet på det russiske systemet av konsentrasjonsleirar, har ikkje redaksjonen sett grunn til å ta med i Aschehoug og Gyldendals store eittbandsleksikon. Urteblomsten gullaks, den ungarske kjøtretten gulasj og den nedlagde avisa Gula Tidend har derimot alle fått sine eigne artiklar.
Artikkelen om Sovjetunionen seier ingenting om at regimet drap eigne innbyggjarar i milliontal. Det einaste som står, er at det var store utreinskingar i kommunistpartiet mellom 1934-39 – i parentes står det «Moskvaprosessene 1936-39». Kva utreinskingar tyder her, er ikkje forklart.
Slår ein opp på artikkelen om Moskvaprosessane, får ein inntrykk av at det berre var eit fåtal generalar og andre militære som vart avretta.
Under artikkelen om bolsjeviker står det ingenting om drap og likvideringar. Heller ikkje i artikkelen om Lenin. Redaksjonen vel heller å leggja vekt på at Lenin i 1921, på grunn av motstand frå bøndene, innførte ein ny økonomisk politikk som tillet ein del privat verksemd.
I artikkelen om Stalin står det at «under Moskvaprosessane i 1936-38 ble all tenkbar opposisjon knust», men ikkje kva dette innebar og kva lidingar Stalin påførte sitt eige folk.
Det einaste i leksikonet som kan gje brukaren ei viss aning om kva som føregjekk i Sovjetunionen i desse åra, er artikkelen om konsentrasjonsleir (i motsetnad til Aschehoug og Gyldedals Store Norske leksikon, som ikkje nemner Sovjet i omtalen sin av konsentrasjonsleir verken i 1997-utgåva eller den noverande nettutgåva).
Under konsentrasjonsleir i eittbandsleksikonet står det «... opprettet for politiske motstandere og kriminelle. Systemet fikk et særlig stort omfang i Sovjetunionen og Tyskland». Så kjem ein gjennomgang av dei tyske konsentrasjonsleirane.

Sjokkerande

– Dette er stadig like sjokkerande, seier Jostein Børtnes, professor i russisk ved Universitetet i Bergen, når Dag og Tid presenterer leksikona si forteiing av sovjetiske brotsverk.
– Men likevel overraskar det meg ikkje. Eg hugsar enno godt korleis studentane på 60- og 70-talet var heilt uinteresserte når eg tok opp dette temaet i undervisinga.
– Den tyranniske politikken til Sovjetunionen er ein kvit flekk hjå den norske intelligentsiaen. Det har vore ein kompakt mangel på interesse for å diskutere og fokusere på desse spørsmåla, seier Børtnes.

– Inga orsaking

– Det er svært ubehageleg at ein informasjonsbase som eit leksikon skal gje eit så feilaktig bilete av Sovjetunionen. Den manglande omtalen av dei sovjetiske brotsverka er døme på eit ideologisk og kulturelt etterslep, seier historikar Odd-Bjørn Fure, forskingsdirektør ved det norske Holocaust-senteret.
– Særleg i dei siste sju-åtte åra har masseutryddingane som fann stad i Sovjetunionen, blitt grundig utforska av historikarar. Det finst omfattande kunnskap om brotsverka og karakteren til sovjetregimet, og det finst inga orsaking for å unnlata å gje ei skikkeleg framstilling av dette.
Dei mangelfulle presentasjonane av historia til Sovjetunionen har dramatiske konsekvensar, meiner Fure.
– Om vi ikkje forstår karakteren til kommunismen i det 20. hundreåret, misforstår vi heile hundreåret. Sovjetunionen var ein stat som stod for folkemord, deporterte heile folkegrupper og brukte terror systematisk. Det er sørgeleg om underrapporteringa av dette får halde fram.
Odd-Bjørn Fure peikar på fleire faktorar som er med på å forklara den mangelfulle omtalen av dei sovjetiske overgrepa.
– Den russiske revolusjonen klarte å presentera seg som eit frigjeringsprosjekt, som eit framhald av den franske revolusjonen. Kommunismen fekk ein uvanleg appell til intellektuelle i vest. Sovjetunionen lukkast òg langt betre enn nazistane i å løyne brotsverka sine. Etter krigen fekk dessutan Sovjetunionen høg prestisje i vest, fordi den raude armeen spelte ei hovudrolle da nasjonalsosialismen vart nedkjempa, seier Fure.
– I sum verna alt dette Sovjetunionen mot mykje kritikk i vest, trass i diaboliseringa av kommunismen under den kalde krigen. Det syner kor stor kraft dei ideologiske etterslepa kan ha.


Det starta med Lenin
– Brotsverka til Sovjetunionen er i stor grad gløymde. Vi treng både opplysing om brotsverka og forklaring på gløymsla, seier den danske historikaren Bent Jensen.

Svein Gjerdåker
svein@dagogtid.no

– Vi har no tilgang til detaljerte skildringar om korleis brotsverka til den sovjetiske regjeringa vart vedtekne nærast time for time. Nye arkivfunn gjer at ofra no kan få eit namn og ein identitet. Eg er oppteken av å styrkje det kollektive minnet vårt om ugjerningane til sovjetkommunismen, seier Bent Jensen, som er professor i historie ved Universitetet i Odense. Jensen har skrive boka GULag og glemsel om Russlands tragedie og Vestens manglande minne om dei ugjerningane som bolsjevikane stod for.

Rått diktatur

Terroren starta med Lenin, skriv Bent Jensen i boka si. Frå dag ein skulle sosialismen drivast fram ved hjelp av eit diktatur som ikkje var underlagt noka form for avgrensing. Bolsjevikane oppførte seg som ei okkupasjonsmakt. Vald skulle fjerna alle som stod i vegen for det nye samfunnet. Etter få veker hadde det nye regimet isolert seg frå fagforeiningane, arbeidarkomiteane, bøndene, dei sosialistiske partia og heile rådsrørsla.
Målet var å utrydda definerte samfunnsgrupper for på denne måten skapa ein einsarta masse der «det nye mennesket» kunne stå fram. Vekk skulle alle «dei tidlegare menneska» og dei «sosialt framande menneska». Det skulle nedkjempast og likviderast. Lenin ville at Russland skulle reinsast for «skadedyr» og «ei kule i hovudet på staden» var den beste måten å uskadeleggjere skadedyra på.

Krigen bak krigen

Jensen er kritisk til måten borgarkrigen i Russland har blitt framstilt på.
– Borgarkrigen har tradisjonelt vore sett på som ein krig mellom dei «raude» og dei «kvite». Dei utanlandske toppane på dei kvite si side har vorte tillagde stor plass, sjølv om dei – bortsett frå den tsjekkiske legionen sommaren 1918 – var små og lite verde. Den eigentlege borgarkrigen var bolsjevikane sin krig mot bøndene, arbeidarane og andre borgarar. Det var ein krig mot samfunnet. Russiske historikarar har no grundig dokumentert den grufulle krigen som bolsjevikane førte mot sitt eige folk.
Det har i etterkrigstida vore vanskeleg å nå fram med sannferdig og objektiv informasjon om kva som skjedde i Sovjet, meiner Jensen.
– Først på 1990-talet endra dette seg. I 1984 kom eg ut med boka Stalinismens fascinasjon. I boka undersøkte eg, som den første, kva danske kunstnarar, lærarar, historikarar og andre intellektuelle hadde sagt om Stalin i mellomkrigstida. Boka dokumenterer at mange blindt hadde akseptert propagandaen frå Sovjet. Det vart ein skandale. Eg vil rett ut seia at eg vart isolert i dei akademiske krinsane i mange, mange år. Eg vart kalla «Sorte-Bent», og det vart hevda at eg det kom med var propaganda frå CIA.
– Kva trur du var grunnen til motstanden?
– Eg utfordra myten dei trudde på. Ein stor del av dei danske intellektuelle har heile tida villa sjå det positive – eller det dei meinte var det positive i Sovjet. Dei ville ikkje gje opp håpet om at sosialismen skulle kunne utvikle seg til noko godt.
– Når burde ein oppegåande intellektuell ha forstått at det gjekk føre seg eit folkemord i Sovjet?
– Eg dokumenterer at ein allereie samstundes med at overgrepa og drapa gjekk føre seg, hadde nok informasjon til å vita kva som skjedde. Alt frå 1917 førte regimet ein krig mot sitt eige folk. Dei sivile tapa var i milliontal. Dette visste ein i Vesten i samtida. Eg har funne samtidige diplomatiske rapportar og artiklar i alminnelege tidsskrift som dokumenterer at det gjekk føre seg grufulle handlingar i Sovjet, seier Jensen.
– Også når det gjeld tvangskollektiviseringa på 1930-talet, som kosta millionar av bønder livet, hadde ein tilgang til god dokumentasjon i samtida. Mange bøker – som gjekk i store opplag tidleg på 1930-talet – har ganske presise og truverdige skildringar av at uhyrlege ting gjekk føre seg: Eit regime som gjekk laus på sitt eige folk, og myrda borgarane sine i millionvis.
– Også i etterkrigstida kom det ut informasjon om kva som gjekk føre seg. Det har altså heile tida vore offentleggjort – også på «små» språk som dansk og norsk – faglitteratur som har vore fullt ut tilstrekkeleg til at ein kunne få innsikt i desse overgrepa, om ein ville.
– Du skriv om Danmark i boka di. Er det land i Europa som har hatt eit anna kollektiv minne om Sovjetunionen enn det du skildrar?
– Eg vil tru det er annleis i Finland. I Noreg og Sverige finn ein mykje det same som i Danmark, men det kollektive minnetapet har nok vore sterkast blant danskane. Grunnen til det trur eg er at Danmark hadde ei regjering som samarbeidde med tyskarane dei første tre åra etter invasjonen i 1940. Vi hadde ikkje ei eksilregjering slik som i Noreg. Det førte til at den politiske og intellektuelle eliten i Danmark har vore sårbar overfor skuldingar frå venstresida om rolla si under den tyske okkupasjonen. Kommunistane fekk på denne måten ein stor positiv kapital som dei utnytta godt, og som gav dei ein sterk posisjon i Danmark.
– Du skriv at nazistane sine ugjerningar har fått kontinuerleg merksemd, til skilnad frå kommunismen sine ugjerningar. Men ser du ikkje ein skilnad på det å vera kommunist og det å vera nazist?
– Jau. Nazi-Tyskland okkuperte jo Danmark – og Norge. Me har hatt nazistane nærare inn på livet. Men dersom ein ser dei to fenomena – nazismen og kommunismen – på generelt grunnlag, så er det for meg tale om to uhyrlege forbrytarbandar som til alle si store ulukke fekk kontroll over statsmakta, og fekk verkeleggjort heilt grufulle brotsverk. Eg ser på dei to regima som dei to store katastrofane i europeisk historie i det 20. hundreåret. Dersom ein er intellektuell, forfattar eller kva det måtte vera – så kan ein ikkje lata att augo for det eine brotsverket og berre konsentrere seg om det andre. Men det har i høg grad vore tilfelle hjå vestlege intellektuelle.

Sjølvkritikk frå  Kunnskapsforlaget
– Eg ser klart at vi må gå gjennom stoffet vårt om Sovjetunionen på nytt, seier Øyvind Reisegg, redaktør i Kunnskapsforlaget.

Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

Øyvind Reisegg er i dag ansvarleg for oppdatering av eittbandsleksikonet til Aschehoug og Gyldendal. Han hadde ikkje denne stillinga da førre utgåve av eittbandsleksikonet vart laga. Men etter ein rask gjennomgang av stoffet om Sovjetunionen i 2001-utgåva, slår han fast at her finst ein del å forbetre.
– Eg ser at stoffet om dei sovjetiske konsentrasjonsleirane kunne vore tydelegare, det har blitt for spreidd. Og GULag er noko vi må vurdere som oppslagsord. Desse leirane har stort sett ukjende namn for eit norsk publikum, men GULag er eit såpass kjent omgrep at vi må vurdere det.
– I artikkelen om Sovjetunionen står det ingenting om masseutryddingane?
– I eittbandsleksikonet er stoffet gjerne presentert gjennom historiske tabellar, og hendingar som går over lang tid, fell lett ut. Men vi bør sjå nøye på dette. Det er ein viktig del av historia til Sovjetunionen som ikkje er teke vare på her, seier Reisegg.
– I leksikonet verkar det som om Moskvaprosessane var noko som gjekk ut over ein relativt liten elite?
– Ja. Det er ei tradisjonell framstilling, som kanskje ikkje er den som gjeld i fagkrinsar i dag. Eg ser klart at vi må gå gjennom dette stoffet på nytt.
– Kva er grunnen til at brotsverka til Hitler-Tyskland får så mykje fyldigare omtale enn dei sovjetiske i leksikonet?
– Også tidlegare har leirsystemet i Sovjetunionen vore dårleg dekka i oppslagsverk. Det er eit merkeleg fenomen. Dels kan det vere at ein lenge hadde dårleg dokumentasjon. Før Solsjenitsyn skreiv om GULag-arkipelet var dette lite kjend. Men medan det har vore mykje debatt om desse tinga i andre land dei siste åra, har det vore lite i Noreg. Eg ser at det her er upløgd mark, seier Øyvind Reisegg. Han opplyser at arbeidet med neste utgåve av eittbandsleksikonet startar i år.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |