Bøker:
Om å sitje på do og lese
Kan det bli eventyr av å plassere ein romanfigur på do og la heile handlinga utspele seg der inne?

ROMAN
Arnt Birkedal:
Biblioteket på do
Samlaget

Det er noe liketil og nærast likeglad over den nye kortromanen til Arnt Birkedal. Forfattaren stablar eit stillferdig univers på beina der hovudsaka er lesing. Det handlar om ein ung kar som lagar seg bibliotek på do. Forteljinga sklir utan problem frå livet til guten på do til det livet han lever gjennom bøkene, til dømes slik når forteljaren fortel om vaskekjellaren som er enda verre enn doen: «Eg gjekk aldri inn dit av meg sjølv. Bortsett frå når eg gjekk i eigne tankar. Var midt inne i ei bok eg måtte lesa ut. Eg rusla dei engelske stigane på dei siste sidene der. Måkene skreik, og eit skip stod og venta. Skipsklokka klang. – No, kva blir det til! ropte 3. Styrmann. Då eg nett måtte slutta lese, måtte la denne verda få breia seg ut igjen.»

På dette viset opnar forfattaren for fantasien eller fiksjonen attmed kvardagen, og straks kan han sende inn eit esel med ein munk som presenterer seg som Habakuk. Og kanskje det er dette eg opplever som liketil og likeglad, at forfattaren uanstrengt opnar opp for det fantastiske? Forteljinga sklir frå normalverd til bokverd utan å skilje mellom dei. Vanlegverda er ikkje noe anna enn fantasiverda, dei finst i forlenginga av einannan. Og det skjer nesten ingenting i denne romanen, anna enn ei veldig utbygging. Guten får seg ny do, ein eigen do, og der sit han mye og les og blir klok. Cirka midt uti romanen kjem ei jente inn i forteljinga. Forteljaren prøver å bagatellisere henne, og vi forstår at ho er viktig for han: «Det er ikkje noko spesielt med dette, eg kjem bare til å tenkja på det. Eg er ikkje interessert i henne. Ikkje på anna vis enn at ho ser ut til som ein venn ein kan ha og halda seg til.»

«Likeglad» er ikkje den rette nemninga på denne romanen, «utflytande» ville også å ha vore gale, men eg held fast på at Birkedal får allting til å flyte lett, liketil og uanstrengt. Boka er upretensiøs og like mye lyrisk som prosaisk. På ein måte handlar det om eit indre eksil også, i språk og bøker, som forteljaren rett nok deler med Bente frå og med midten av boka. Inne på do bur dei seg på livet, samtidig er dei midt oppi livet. Det er dette som er livet, ei uanstrengt pendling frå kvardag til eventyr. Viss det ikkje var for at det kunne få folk til å halde seg unna boka, ville eg kanskje ha sagt ho var absurd og draumeaktig. Men la meg heller seie at ho er fri for grenser og realisme, ho opererer fritt mellom draum og realitetar. Først og fremst handlar denne boka om lesing, om å prøve ut litteraturen for å finne ut av det heile. Dernest handlar ho om kjærleiken mellom forteljaren og Bente. Kjærleiken er i denne boka framstilt som ein vekst i vennskap tufta på felles verdiar og interesser. Sånn sett kan ein godt seie at denne boka handlar meir om vennskap enn om kjærleik, eller meir om kameratskap enn om erotikk.
Atle Christiansen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |