Dag og Tid nr. 1, laurdag 4. januar 2003
Bøker:
Sterk kvinne, svak biografi
Biografiane som Ove Røsbak har skrive om Alf Prøysen og Rolf Jacobsen er framifrå, men her saknar eg den poetiske kloa hans, skriv Steinar Lillehaug.
BIOGRAFI
Ove Røsbak:
Margrete,
Nordens
dronning
Gyldendal
Dronning Margrete levde frå 1353 til 1412, og med hjelp av god politisk innsikt, vilje og evne til makt, greidde ho å få herredømme over både Sverige, Danmark og Noreg frå 1389. Ho var dotter av danskekongen Valdemar Atterdag, gift med den norske kongen Håkon 6., og mor til Olav 4. Da Margrete var 34 år gammal, var alle desse borte, og ho var klar for sin eigen karriere som regent.
Kvinner
I tider som desse, med fokus på kjønnskamp og likestilling, der ein har ein pågåande debatt om kjønnskvotering som verkemiddel for val av leiarar, er det slett ikkje underleg at det blir skrive og utgitt ei popularisert framstilling av livslaupet til denne kvinna. Den som har tatt på seg oppgåva å gjøra dette, er den allsidige forfattaren Ove Røsbak. Han debuterte som lyrikar i 1978, og etter å ha skrive dikt, barnebøker og skjønnlitterær prosa for vaksne, markerte han seg med engasjerte biografiar om Alf Prøysen og Rolf Jacobsen. Både geografisk og historisk har han tatt eit langt steg denne gongen: Vekk frå Hedmarken og 600 år tilbake.
Dikta biografi
Margrete, Nordens dronning er ein dikta biografi. Det vil seia at forfattaren tek utgangspunkt i kjente fakta om samfunnsutvikling og familietilhøve og dramatiserer med fiktive replikkvekslingar og skildringar av episodar og tankerekkjer som kan ha funne stad. Eg legg merke til at boka blir presentert som biografi overfor bokkjøparane, medan Thorvald Steen si bok om Snorre Sturlason, har fått romanmerkelapp. Det er ikkje lett å sjå den store skilnaden mellom dei to, og eg håper den oppdikta forteljinga ikkje står så lågt i kurs hos publikum, at ein må selja bøker som sakprosa for å få avsetjing på dei.
Omfattande
Det er lett å sjå at Ove Røsbak har gjort eit omfattande grunnlagsarbeid det viser han både i sjølve teksten og i litteraturlista bak i boka. Det er dei politiske intrigane og maktkampen om dei nordiske landa som får størst plass i forteljinga, men det er livet til Margrete som gir strukturen. Ein lesar som ikkje er historikar, lèt seg lett overtyde om at livet i dei øvste sirklane i Norden godt kan ha vore slik Røsbak fortel. Margrete blir skildra som ein slu maktspelar som samtidig er ei kjærleiksfull kvinne og god, men ikkje feilfri, dotter og mor. Lesaren får innsikt i nordisk storpolitikk anno 1385, og slagscenene er slik skildra, at ein kan sjå hovuda falle og blodgufsen stå.
Samtidig let eg meg ikkje begeistre av verket. Kan hende har det vore for viktig for forfattaren å vera trufast mot kjeldene. Persongalleriet er svært stort: Alle bipersonane er med på å gjøra forteljinga truverdig, men nerven i ho tar skade. Fleire stader ser det ut som om forfattaren har mangla inspirasjon dette gjeld spesielt mange av dialogane, som han bruker til å få fram historiske fakta.
Kanskje Ove Røsbak har valt ein sjanger som ikkje passar han. Eg har følgt han med glede frå han blei portrettert som talentfull tenåring i Ringsaker Blad på syttitalet. Biografiane om Prøysen og Jacobsen er framifrå, og eg saknar den poetiske kloa hans. Viss noen om femti år finn på at dei skal oppsummere forfattarskapen hans, vil nok ikkje Margrete, Nordens dronning vera av dei verka som først blir nemnd.
Steinar Lillehaug
|