Dag og Tid nr. 1, laurdag 4. januar 2003
Bøker:
Drama, draum og eventyr
Hva er det som fins i skogen barn? blir driven fram av ei spenning som er uføreseieleg og open, men endar diverre i snill, kjekk og grei snipp-snapp-snute.
ROMAN
Beate Grimsrud:
Hva er det som fins i
skogen barn?
Cappelen
I brytinga mellom vond realitet, draum og eventyr skildrar Beate Grimsrud på sitt særeigne og leikande vis einsemd, redsle og menneske i fall, men overraskar og fengslar ikkje like stort og sterkt som med den forrige romanen Å smyge forbi en øks.
I Hva er det som fins i skogen barn? held historia fram om Lydia og den store og forunderlege familien hennar frå Å smyge forbi en øks som blei nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for Sverige i 2000. Hovudhandlinga i den frittståande oppfølgjaren er at den nittenårige Jon forsvinn i fjellet og syskena Lydia og Anders reiser for å vera med på leiteaksjonen.
Redsle og sorg
Med saknet og leitinga etter Jon og den føreståande fødsels-dagen til Lydia og Anders som kjerne, hektar Grimsrud på refleksjonar om tid og konservering av tankar, minne frå barndomen, sorg over ein far som er død og ei altfor tidleg dement mor, om det å ikkje kjenna seg att i andre og om redsla for å falla og redsla for endringar, som Lydia formulerer det: «Mitt mål var ikke å falle ut av kroppen. Selv om det ikke fantes svar der, fantes det færre utenfor. I kroppen fantes jeg selv i hvert fall» og «Hun vil være som før, i en tid uten ulykker, uten hugg i brystet». Eller med tankane til Anders: «Han vil frem dit der alt er som det var. Vanlig, alle på sin plass. Han kommer ikke dit selv om han forsøker. Nået presser seg inn i nesten alt han tenker.»
Medrivande ekte
Grimsrud maktar medrivande, ekte og truverdig å skildra sorg og redsle og å måla fram såre, urolege og kraftfulle menneskesinn der ho koplar psykologisk djupne og innsikt med eit usentimentalt, leikande, rytmisk og hoppande poetisk språk med uventa og boblande tanke- og assosiasjonsrekkjer og der ho både dvelande og i forrykande rørsle og rytme vrir og vender på språket, tanken og verda. Der det i Å smyge forbi en øks er Lydia i eg-form som får koma til orde, vekslar synsvinkelen i Hva er det som fins i skogen barn? mellom fyrste- og tredjeperson, mellom Lydia, Anders og Jon, og det er særskilt den forunderlege og grublande Anders som fascinerer, underheld og gjev grobotn for refleksjonar og motstand i tanken med det alternative og kjenslevare synet sitt på verda og menneska: «Med automatikk burde kraft og styrkende tanker utløses fra en nødbeholder inni en. Ta over og trenge seg
frem foran rådende tanker. Bare i nødsituasjoner selvfølgelig. Han mener ikke sensur, han tenker på en krisesituasjon. En autopilot, slik som adrenalin, redsel, eller intuisjon. [...] Det finst nødproviant, små poser som mor laget i stand, selv på korte turer. En blanding av nøtter, kokesjokolade og rosiner. Har Jon en sånn pose med tidløse tanker, med erfaring, fra døde og levende, fra Anders? Har Jon dette! Han er redd for at Jon, akkurat Jon ikke har nødproviant-tanker.»
Redsla for å mista Jon blir uhandterleg for Anders, og i botnen av denne redsla ligg tapet av og sorga etter faren då han fall saman ved spisebordet: «Ikke se. Alt er som før, det er som alltid. Hold dere fast i gaffelen barn, lov meg det, nå begynner vi forfra igjen. Far blir båret ut og skal aldri mer komme tilbake, vi tar det senere, når vi må. Jon kommer alltid tilbake.»
Lettbeint utvikling
Hva er det som fins i skogen barn? skiftar mellom skildring, dialog og indre monolog, mellom notid og fortid. Med å nytta element frå og allusjonar til folkeeventyret, maktar Grimsrud på ein særeigen måte å knyta sorg, refleksjon og spenning saman. Historia er mørkare og meir tradisjonell i forma enn Å smyge forbi en øks, men likevel fabulerande og urein i språk og tanke der Lydia tenkjer ut frå sprintverda si, Anders ut frå draume- og Petter Smart-verda si. Romanen er i byrjinga driven fram av ei spenning som er uføreseieleg og open. Difor blir det ekstra skuffande at handlinga etter kvart jamnar seg ut i ein føreseieleg avrunding, og skildringa av menneske og relasjonar gjev samstundes mindre og mindre rom for lesarens meddikting der gåtene til slutt ligg nakne. Frå å vera boblande, ujamn i rytme og rørsle som gjev den same kjensla av eit nytt, annleis og overraskande univers som
i Å smyge forbi en øks, endar Hva er det som fins i skogen barn? i snill, kjekk og grei snipp-snapp-snute. Diverre.
Margunn Vikingstad
|